Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Bygningsarbeidernes fagforening i Oslo:
To Fellesforbundet-avdelingar i Oslo har blitt til éin for å styrke kampen mot sosial dumping i byggebransjen.
OSLO: Onsdag vart den nye byggforeininga Fellesforbundet Avd. 600 Bygningsarbeidernes fagforening stifta. Det skjer som ei samanslåing av tidlegare Oslo Bygningsarbeiderforening og Rørleggernes Fagforening. Den nye foreininga tel i overkant av 3.200 røyrleggarar, murarar, målarar og betongarbeidarar.
Les også: 17.000 bygningsarbeidarar kan bli tatt ut i streik måndag
På stiftingsmøtet vart Joachim Espe, tidlegare leiar i røyrleggarforeininga, vald som leiar. Han trekker fram kampen mot sosial dumping i bransjen som bakgrunnen for samanslåinga.
– Situasjonen i byggebransjen er alvorleg. Vi såg det som mest fornuftig å samle kreftene. Vi har jobba på ein ganske lik måte, men tenker at vi står enda sterkare saman, seier han til Magasinet for fagorganiserte.
Saka held fram under bildet.
Medlemmene samla seg då fristen i tariffoppgjeret for byggebransjen var få dagar unna. Forbundsleiar Jørn Eggum er travelt opptatt som forhandlingsleiar i tariffoppgjeret for industrien, frontfaget, så han helsa stiftingsmøtet i ein video.
– Eg kjenner meg trygg på at samanslåinga vil gjere dykk enda sterkare og vil tene medlemmene i ei tid der arbeidsfolk treng fagrørsla. Avdelinga dykkar har over mange år gjort viktig arbeid mot sosial dumping, for integrering og ein seriøs byggebransje. De gir ikkje opp, sa Eggum.
I tillegg takka han Petter Vellesen for innsatsen etter elleve år som leiar i Oslo Bygningsarbeiderforening, og for rolla som pådrivar i samanslåinga av avdelingane.