JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ferietillegg på dagpenger:

Ørjan får ikkje feriepengar på dagpengane: – Handlar ikkje om dyre sydenturar, men å ha fri saman med familien

Lastebilmekanikar Ørjan Strømhaug var permittert åtte av fjorårets tolv månader. Det kjem han og familien til å merke når feriepengane ikkje kjem.
SAMAN: Ørjan Strømhaug håpar han klarer å spare opp nok pengar til å ta ut tre veker fri saman med familien når barnehagen er stengd i sommar.

SAMAN: Ørjan Strømhaug håpar han klarer å spare opp nok pengar til å ta ut tre veker fri saman med familien når barnehagen er stengd i sommar.

Tormod Ytrehus

29.01.2021
17:00
04.03.2021 12:54

tormod@lomedia.no

MALM: I den gamle gruvebygda Malm i Trøndelag, har Ørjan Strømhaug (26) nettopp avslutta dagens heimekontor. Lastebilmekanikaren har starta i ny jobb som inspektør i Statens vegvesen på nyåret, og karrieren startar med kursing. Det er litt som å vere tilbake på skolebenken, og han er overlykkeleg for å ha fått jobben.

Frå mai og ut fjoråret var han permittert frå jobben på verkstaden Malm Bil, som ikkje hadde arbeid å gi då Strømhaug kom tilbake frå pappapermen han hadde hatt sidan 21. januar. Han gjekk frå pappaperm til ein mindre hyggeleg perm. No er han tilbake i ein fast og trygg jobb, men bekymrar seg likevel for sommaren.

• Les ogå: Ferietillegget for dagpenger blir ikke gjeninnført – regjeringen og Frp sier nei

Får ikkje feriepengar

I fjor fann han nemleg ut at dagpengane frå Nav han har fått størstedelen av fjoråret, ikkje gir opptening av feriepengar. Strømhaug har rekna ut at han får om lag 12.500 kroner i feriepengar for vekene han var i jobb og foreldrepengane.

– Det dekker ikkje normale utgifter i fem veker. Eg har to ungar i barnehage, og hus og forsikringar å betale. Får eg ikkje spart opp til å betale ferien av eiga lomme, blir det ingen ferie, seier han.

Han anslår at han må legge av 20.000 kroner for å klare å ta ut tre veker ferie. Det handlar ikkje om å bruke pengane på sydenferie eller dyre aktivitetar, men at heile familien på pappa Ørjan, mamma Therese, ungane Emrik (4) og Signe (1) skal bruke tid saman.

– Eg hadde ikkje brydd meg like mykje om eg hadde vore aleine. Det er for at ungane skal få nokre fine opplevingar når barnehagen er stengd. Det handlar om å ha råda til å ha fri saman med dei.

Jobbsøking: Hvordan skriver jeg en god jobbsøknad og CV?

Tormod Ytrehus

• Les også: Ledige og permitterte må få feriepenger, krever mer enn fem av ti nordmenn

Regjeringa fjerna tillegget

Solberg-regjeringa fjerna det såkalla ferietillegget på dagpengar i 2015. I staden innførte dei ei ordning der permitterte og arbeidslause får ta ferie i fire veker med dagpengar, dersom dei har vore utan arbeid i eitt år.

Det hjelper lite for alle som er tilbake i arbeid og står med lite eller ingenting utbetalt dersom dei tar ut ferie i sommar.

I debattane på Stortinget har regjeringspartia og Frp vist til at forslaget er dyrt for staten, at dagpengesatsen har vore høgare under koronapandemien og at arbeidsfolk først og fremst er nøgde med å ha fått seg jobb.

– Det er sikkert greitt om du har millionlønn og klarer å spare opp pengar, men for oss vanlege dødelege utgjer feriepengane mykje, særleg når du har hatt mindre inntekt over lang tid, svarer Strømhaug.

• Les også: Frp skeptisk til feriepenger for dagpenge-mottakere

Kjenner seg straffa

LO har løfta fram kravet om feriepengar saman med venstresida på Stortinget. I januar forhandla Ap, Sp, Frp og SV fram forbetra koronatiltak for arbeidsfolk. Eit av krava var feriepengar på dagpengar, noko Frp nekta å gå med på.

– Eg skjøner at det er ønskeleg for fellesskapet at ein finn seg ny jobb, men det har vore ein ekstraordinær situasjon. Eg har ikkje hatt noko anna val enn å gå heime så lenge, det er ikkje ønskeleg frå mi side, seier Strømhaug.

– Eg har ikkje vore utan jobb frivillig. Eg kjenner meg straffa for noko eg ikkje har vald sjølv, forklarer han.

Tormod Ytrehus

Mange har det verre

Å gjeninnføre ferietillegget på 9,5 prosent av dagpengane, kostar 3,4 milliardar kroner fordelt på 266.000 som har mottatt dagpengar i over åtte veker i 2020. Det ville gitt ei utbetaling i 2021 på 12.900 kroner i snitt.

– Mange har det mykje verre enn meg, har vore permittert lenger eller er to foreldre som har vore permittert, understrekar Strømhaug.

Sjølv om nokre månader har vore tronge, har sambuarparet klart seg. Dagane var lange etter at dottera fekk barnehageplass i august, men i haust fekk Strømhaug napp på ein jobbsøknad.

– Mirakuløst fekk eg tilbod om jobben. Det var skikkeleg herleg, smiler lastebilmekanikaren som med jobbskiftet har bytta LO-forbund frå Fellesforbundet til Arbeidsmandsforbundet.

Ferietillegget på dagpengar

Vart avvikla av regjeringa i 2015.

Tusenvis av korona-arbeidslause i 2020 som er tilbake i jobb i 2021, får lite å rutte med i sommar.

LO og venstresida krev feriepengar på dagpengar, men regjeringa og Frp seier nei.

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
29.01.2021
17:00
04.03.2021 12:54