JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vender tilbake til hotell-faget:

Paradise-Sandra (23) oppfordrar ungdom til å fagorganisere seg: – Du må tenke framover

Hotellresepsjonist Sandra Bury sjekka inn i haustens sesong av Paradise Hotel. I reality-programmet har det blitt mindre fyll og sex med åra, og desto meir alliansebygging mellom heilt vanlege arbeidsfolk.
FAGORGANISERT: Paradise-Sandra oppfordrar gjerne unge sjåarar til å fagorganisere seg.

FAGORGANISERT: Paradise-Sandra oppfordrar gjerne unge sjåarar til å fagorganisere seg.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

TRONDHEIM: Denne veka måtte ho sjekke ut frå reality-programmet, men eit nytt hotellopphald venta etter turen til Mexico. Sandra Bury er nemleg faglært resepsjonist, og jobbar på Hotel Grand Olav i Trondheim.

– Eg liker kontakt med menneske, og å yte sørvis, forklarer den 23 år unge nordlendingen.

Mye lest: Dette er snittlønna i over 350 yrker

Eit eventyr

Eigentleg var det sangprogrammet The Voice ho ville delta på, innrømmer Bury. Men etter å ha fått avslag for andre gong, vart det Paradise Hotel på strøymetenesta Viaplay i staden.

– Eg ville vise meg fram, hadde lyst på eit eventyr og var interessert i spelet, fortel ho.

Eit opphald på eit luksushotell i Mexico var heller ikkje å forakte, sjølv om det vart ei følelsesmessig turbulent reise.

ARBEIDSFOLK: Det er ikkje berre «influencarar» og «livsnytarar av yrke» som deltar på Paradise Hotel. Her er det hotelltilsette, ein frisør, ein barnehagetilsett og ein anleggsarbeidar. Sandra Bury er nummer fem frå høgre.

ARBEIDSFOLK: Det er ikkje berre «influencarar» og «livsnytarar av yrke» som deltar på Paradise Hotel. Her er det hotelltilsette, ein frisør, ein barnehagetilsett og ein anleggsarbeidar. Sandra Bury er nummer fem frå høgre.

Viaplay

Ikkje fyll og sex

Paradise Hotel handlar om å bygge alliansar og tenke framover, forklarer ho.

– Mange trur det berre er fyll og sex, men fokus har endra seg til å handle om spelet.

TV-produksjonen har innført strenge reglar for alkoholkonsum, og viser ikkje lenger sex på TV. Mykje har skjedd sidan dei første sesongane, forklarer Bury som deltar i nummer 15.

Fikk du med deg denne? Trondheim kommune tapte sak om skjenke-nekt til strippeklubb

Tommel opp

Då Sandra fortalde familien at ho skulle delta på reality-TV, visste mamma at ein draum gjekk i oppfylling, og gav tommelen opp. Til pappa og søstrer i Polen, som ho flytta frå som 8-åring, måtte Sandra forklare konseptet.

– Pappa sa at det var greitt, men at eg måtte hugse at eg også representerer etternamnet mitt.

Angrar ikkje

På førehand var Bury trygg på at ho ikkje kom til å bli flau, eller angre på noko. Det har ho heller ikkje gjort – sjølv om ho synest det er rart å sjå seg sjølv vise følelsar på TV i ein redigert versjon av verkelegheita.

Ho har derimot fått vennar for livet, og blitt kjent med seg sjølv.

– Eg har lært så mykje om meg sjølv, og blitt betre til å takle motgang. Det er noko eg også kan ta med meg inn i arbeidslivet.

RESEPSJONIST: Bury hadde læretida på Hurtigruten, og kjente seg alltid heime når skipet la til kai i Trondheim. Etter jobben som resepsjonist på sjukehuset i Bodø, gjekk turen sørover til jobb på Hotel Grand Olav.

RESEPSJONIST: Bury hadde læretida på Hurtigruten, og kjente seg alltid heime når skipet la til kai i Trondheim. Etter jobben som resepsjonist på sjukehuset i Bodø, gjekk turen sørover til jobb på Hotel Grand Olav.

Tormod Ytrehus

Fagorganiser deg!

Medlem i Fellesforbundet, har Sandra Bury vore sidan deltidsjobben som servitør på ein restaurant i Bodø.

– Eg er veldig glad for å ha tryggleiken det er å vere fagorganisert, og å kunne få hjelp dersom eg treng det. Det handlar om å vite at du har nokon i ryggen.

Til unge Paradise-sjåarar, kjem ho gjerne med ei oppfordring til å fagorganisere seg:

– Du må tenke framover, sjølv om du har det bra på jobben her og no.

Bra gjeng

Bury ønska ei forandring, og flytta i mai sørover. Fast og full stilling fekk ho på ei veke, før sommarens korona-rush av innanlandsreisande gjestar.

– Likskapen med Paradise, må vere at eg føler meg like bra med gjengen som jobbar på dette hotellet, som med gjengen i Mexico, ler ho frå stolen i lobbyen på Grand Olav.

– Eg trivst ufatteleg godt med kollegaer og arbeidsmiljø.

Og i resepsjonen på hotellet blir ho verande på fulltid, med mindre ein platekontrakt plutseleg skulle dukke opp.

Namn: Sandra Bury

Alder: 23

Yrke: Resepsjonist på Clarion Collection Hotel Grand Olav i Trondheim

Hobby: Musikk, trening, vere med vennar og familie

Aktuell med: Deltakar i den 15. sesongen av reality-TV-programmet Paradise Hotel

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Namn: Sandra Bury

Alder: 23

Yrke: Resepsjonist på Clarion Collection Hotel Grand Olav i Trondheim

Hobby: Musikk, trening, vere med vennar og familie

Aktuell med: Deltakar i den 15. sesongen av reality-TV-programmet Paradise Hotel