Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Dreams Showbar i Trondheim:
Fagforeininga protesterte mot at skjenke-nekten til kommunen ville føre til at tilsette mista jobbar med gode lønns- og arbeidsvilkår. No har tingretten gitt strippeklubben medhald.
I ein dom måndag slår Trøndelag tingrett fast at skjenke-nekten er ugyldig. Trondheims einaste strippeklubb, Dreams Showbar, fekk i fjor avslag på søknaden til kommunen om fornya skjenkebevilling.
Grunnen var at bystyret hadde bestemt at strippeklubbar ikkje skal få skjenke alkohol. Skjenke-nekten vart tatt inn i retningslinjene i fjor sommar etter at SV fekk gjennomslag for kravet i den politiske plattforma til fleirtalskoalisjonen (Ap, SV, MDG og Sp) året før. I bystyret fekk forslaget også støtte frå Raudt og KrF.
Dei meiner stripping kombinert med alkoholsal kan verke skadeleg på byen og innbyggarane, menneskeverd og likestilling.
I ei høyringsrunde rundt årsskiftet, stelte derimot alle høyringsinstansane seg negative til forslaget. Argumentet var at skjenke-nekt i praksis fører til næringsforbod for lovlege verksemder.
Fellesforbundet-avdelinga som organiserer uteliv-tilsette i byen skreiv: «Vår vurdering må være at et slikt moralsk argumentert grunnlag vil føre til at ansatte mister jobbene sine, som mange har hatt i flere år på same plass med gode lønns- og arbeidsvilkår».
Les meir: Fagforeining seier nei til skjenke-stopp for strippeklubbar
Også Trøndelag politidistrikt, NHO Trøndelag og Næringsforeninga i Trondheimsregionen, i tillegg til Kommunaldirektøren, var mot forslaget.
Opposisjonen i bystyret kravde i fjor haust lovlegheitskontroll av vedtaket, men Statsforvaltaren i Trøndelag kom i januar til at retningslinjene er innanfor kva kommunar kan legge vekt på i tildeling av skjenkebevilling etter alkohollova.
Det same gjorde Statsforvaltaren når det gjaldt avslaget på søknaden til Erma AS som driv Dreams Showbar, etter at strippeklubben klaga. Dermed saksøkte strippeklubben kommunen.
Mye lest: Kranfører Rafal: – Bemanningsbyrået har ødelagt livet mitt
Trøndelag tingrett har no tolka om avslaget ligg innanfor moglegheita til å bruke skjønn i behandling av søknader om skjenkebevilling.
Konklusjonen er at avslaget frå kommunen manglar forankring i alkoholpolitiske omsyn, og dermed ikkje er i tråd med formålet i alkohollova.
I tillegg til at avslaget på skjenkebevilling er ugyldig, må Trondheim kommune betale 400.000 kroner i sakskostnader til strippeklubben. Kommunen har enno ikkje svart på om dei vil anke.