JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-krisa:

Pengar frå lesarane gjorde at permitterte Nana kunne betale barnehagerekninga

Mange permitterte ventar på at støtta frå Nav skal komme inn på kontoen. Spesielt mange er låglønte.
LETTA: Same dag som Magasinet snakkar med Nana Traore på nytt, har ho fått innvilga dagpenge-søknaden frå Nav. Dermed ser framtida lysare ut.

LETTA: Same dag som Magasinet snakkar med Nana Traore på nytt, har ho fått innvilga dagpenge-søknaden frå Nav. Dermed ser framtida lysare ut.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

I slutten av mars skreiv Magasinet for fagorganiserte om Nana Traore (34), som er permittert frå jobben som såkalla ekstrahjelp som reinhaldar på hotell i Oslo. Ho var bekymra for om ho skulle klare å forsørge den 5 år gamle sonen sin.

Dryge to veker seinare fortel ho at ho er letta etter å ha fått innvilga søknaden om dagpengar frå Nav.

Ho fortel dessutan at ho har blitt kontakta av mange lesarar og Fellesforbundet-medlemmer etter at saka vart publisert.

Fekk pengar frå lesarane

– Eg begynte å få meldingar om at dei kjenner med meg og heiar på meg. Seinare sende mange ei påskehelsing. Det varmar hjartet, seier Traore.

Plutseleg begynte også vippsmeldingane å komme frå lesarane, fortel ho, med små og store beløp.

– Eg fekk nok pengar til å betale barnehagerekninga. Straumrekninga og husleiga har eg fått utsette til eg får dagpengar.

Hjelpa frå lesarane kjem til nytte, men det viktigaste er å få stønaden frå staten ein har krav på, understrekar ho.

Saka held fram under bildet.

VIPPS: Lesarane vippsa beløp mellom 100 og 500 kroner, fortel Traore. Mange har tatt kontakt for å høyre om korleis det går med ho og sonen.

VIPPS: Lesarane vippsa beløp mellom 100 og 500 kroner, fortel Traore. Mange har tatt kontakt for å høyre om korleis det går med ho og sonen.

Håvard Sæbø

Traore er ein av dei mange lågtlønte som er ekstra hardt ramma av korona-krisa. Allereie før korona-krisa var det vanskeleg å få nok vakter til å betale mat, husleige og togbilletten til og frå jobb.

Lågtlønte hardast ramma

Som Magasinet tidlegare har omtalt, viser ein rapport kven som søkte dagpengar dei tre første vekene i mars.

Dei med låg inntekt er hardast ramma, er konklusjonen frå forskarane hos Frischsenteret, Nav og SSB.

Dagpenge-søkarane er ofte utan høgare utdanning, og har bakgrunn frå ein familie med låg inntekt. Dei er ofte kvinner, unge og innvandrarar.

Dei siste Nav-tala viser at 313.000 permitterte har søkt dagpengar frå Nav sidan 9. mars. Totalt er talet dagpenge-søknader 353.000 i perioden.

55.000 permitterte innanfor låglønnsbransjen hotell og restaurant, har søkt dagpengar. Det er 57 prosent av tilsette i bransjen.

Nye dagpenge-reglar

Stortinget har vedtatt ei rekke mellombelse endringar frå 20. mars, som gjer dagpenge-ordninga betre enn den var før krisa.

Tidlegare måtte ein ha hatt inntekt på 150.000 kroner dei siste 12 månadene for å få dagpengar. Dagpengane utgjorde 62,4 prosent av inntekta.

No er golvet senka til 75.000 kroner, mens dagpengane for alle no er 80 prosent av inntekta under 300.000 kroner.

For permitterte Nana Traore betyr endringane at ho får 80 prosent av ei inntekt på 258.000 kroner dei siste 12 månadene.

Ho mistar dermed ein femtedel av ei inntekt som allereie er under halvparten så stor som snittlønna i Norge.

Dagpengar på forskot

Nav har opna for at ein kan søke om å få delar av dagpengane på forskot, på grunn av lang behandlingstid av søknader. Så langt har dei utbetalt 1,5 milliardar kroner til meir enn 100.000 personar.

I tillegg har Stortinget vedtatt at permitterte skal få 18 dagar med lønnskompensasjon frå staten. Dette skjedde samtidig som dei kutta perioden arbeidsgivar skal betale full lønn, frå 15 til 2 dagar.

Nav seier at permitterte skal kunne søke om lønnskompensasjonen i mai.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse