Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Klasseforskjellane i korona-krisa:
Nana Traore (34) mistar ein femtedel av ei inntekt som allereie er under halvparten så stor som snittlønna i Norge.
LIER: På grensa til Drammen, bur Nana Traore (34) og sonen Ben Philip. Inne i stua speler 5-åringen på Ipaden når Magasinet for fagorganiserte kjem på besøk.
Barnehagen er stengt. Dagane går med på å springe rundt i hagen og sparke fotball. Sonen har barne-tv-tid, mens mamma har nyheiter-tid.
Traore er såkalla ekstrahjelp som reinhaldar på Scandic Victoria. Det betyr at ho er fast tilsett, men med ein stillingsprosent på null. Ho må sitte med telefonen i handa og vente på arbeid.
Allereie før korona-krisa var det vanskeleg å få nok vakter til å betale mat, husleige og togbilletten til og frå Oslo.
Saka held fram under bilda.
I januar fekk ho få vakter og berre nokre tusenlappar i lønn. Då måtte Traore ta opp forbrukslån og søke nødhjelp frå Nav. Også i mars måtte ho søke nødhjelp.
– Eg vil ikkje vere avhengig av Nav. Det beste for meg er å jobbe, understrekar Fellesforbundet-medlemmet.
Traore har fagbrev innanfor reiseliv, og har jobba deltid som resepsjonist. Dei seine vaktene vart derimot vanskeleg å kombinere med henting og levering i barnehagen.
– Eg kjempar hardt. Eg har vore ekstrahjelp i nesten fire år, og har stort sett klart meg utan hjelp frå staten.
p
16. mars ringde ho til hotellet, og spurde om arbeid. Svaret var at det ikkje var fullt hus. Seinare har ho fått eit brev frå arbeidsgivaren som stadfestar at behovet for arbeid har gått ned.
Traore må derfor søke dagpengar frå Nav. Dersom ho får innvilga søknaden, utgjer dagpengane 80 prosent av ei inntekt på 258.000 kroner dei siste 12 månadene.
Ho mistar ein femtedel av ei inntekt som allereie er under halvparten så stor som snittlønna i Norge.
– Eg er bekymra. Eg har jo ansvar for eit barn, seier ho.
Saka held fram under bildet.
Torsdag 12. mars eksploderte talet dagpenge-søknader til Nav. Søndag førre veke hadde 279.000 permitterte søkt dagpengar. Dei låglønte får merke det mest.
Nav-tal viser at spesielt mange er arbeidsledige innanfor låglønns-næringane reiseliv og transport. Kvinner i tjue-åra er gruppa der flest er utan arbeid.
Forskarar har sett nærmare på dagpenge-søknadene dei tre første vekene i mars. Konklusjonen er at personar med låg inntekt er hardast ramma av korona-krisa. Dei er utan høgare utdanning, og har bakgrunn frå ein familie med låg inntekt. Dei er ofte kvinner, unge og innvandrarar.
Sjå faktaboks nedst i saka.
p
– Dei som ligg dårlegast an økonomisk, har høgast sannsynlegheit til å søke dagpenger, seier Bernt Bratsberg, forskar ved Frischsenteret, til Magasinet.
Forbundssekretær Clas Delp i Fellesforbundet, seier dei jobbar med å forbetre tiltaka som regjeringa og Stortinget foreslår.
Tidlegare måtte ein ha hatt inntekt på 150.000 kroner dei siste 12 månadene for å få dagpengar. Dagpengane utgjorde 62,4 prosent av inntekta.
No er golvet senka til 75.000 kroner, mens dagpengane for alle no er 80 prosent av inntekta under 300.000 kroner.
– Eg skjøner at mange permitterte er i ein vanskeleg situasjon, men dette er iallfall eit betre utgangspunkt, seier Delp.
p
Han meiner også konsekvensen av permitteringane, er avhengig av kor lenge korona-krisa varer.
– Bedriftene som i hovudsak har utanlandske gjestar, kjem nok til å stå i situasjonen lenger, seier Delp.