JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
TUSEN LITER: – Heldigvis er det ikkje berre eg som konsumerer, seier Lund og forsikrar at slekt og vennar får seg nokre flaskar.

TUSEN LITER: – Heldigvis er det ikkje berre eg som konsumerer, seier Lund og forsikrar at slekt og vennar får seg nokre flaskar.

Tormod Ytrehus

Ståle (52) elskar ølbrygging og jakt, men brenn aller mest for den norske modellen

Jakt, fiske, ølbrygging og fridykking. Fagforeiningsleiar Ståle Lund har mange lidenskapar, men partssamarbeidet er den aller største.

tormod@lomedia.no

TRONDHEIM: Ved årsskiftet rykka Ståle Lund opp frå nestleiarvervet i Fellesforbundet avdeling 12 i gamle Sør-Trøndelag, ein av dei største foreiningane i forbundet, då mangeårig leiar Bjørn Inge Fossmo gjekk av med pensjon. Lund har beina godt planta i industrien.

Sidan lærlingtida i 1986 har han nesten samanhengande jobba på Sandvik Coromant Trondheim, som produserer verktøy til industribedrifter. Der er det hundre prosent organisasjonsgrad, og han melde seg inn i Jern & Metall-klubben under såkalla frivillig tvang. I dag sit han i forbundsstyret og har ei rekke verv bak seg i både klubb og foreining.

Jakt og fiske

Han har likevel tid til ei aktiv fritid i friluft. Lund er oppvaksen på Nerskogen i Rennebu. Der lærte han allereie som tolvåring jakt og fiske frå bestefar. Det vart ein lidenskap.

– Det er den ultimate rekreasjon, seier 52-åringen.

Saman med jakthunden Ziko går det no mest i hjort. På Hitra eig nemleg arbeidsgivaren eit jaktområde med gard og fire hytter. Ei tilsette-foreining har sidan 2001 har stått for jaktrettar og drift. Då bedrifta ville selje eigedommen, stoppa nesten produksjonen, ler Lund.

HUND ETTER ØL: Lund og hunden Ziko deler både forkjærleika for jakt og øl.

HUND ETTER ØL: Lund og hunden Ziko deler både forkjærleika for jakt og øl.

Tormod Ytrehus

Tusen liter øl

Noko anna han deler med beagle-hunden, er forkjærleiken for øl. For fem år sidan spleisa han på eit bryggesett med ein kollega. Sidan har det blitt nærmare tusen liter øl, reknar han ut.

– Heldigvis er det ikkje berre eg som konsumerer, seier Lund og forsikrar at slekt og vennar får seg nokre flaskar.

I det kombinerte vaske- og ølbrygge-rommet han deler med kona i kjellaren, skjer det: mesking av korn, koking, setting av smak med humle, frosne ber eller fruktpuré. Så skal det gjære i to veker, forklarer Lund og viser fram ei McGyver-løysing der eit kjøleskap og ein kupevarmar sikrar optimale temperaturforhold.

HEIMEBRYGG: Klesvask og øl er ein god kombo.

HEIMEBRYGG: Klesvask og øl er ein god kombo.

Tormod Ytrehus

Partssamarbeid

Då han i 2000 prøvde seg i byggebransjen som entreprenør, var det fordi han er arveleg belasta. Faren og fire brør er bygningsarbeidarar. I 2006 returnerte han likevel til verktøybedrifta i Ila. To år seinare stod ein flunkande ny fabrikk ferdig på Ranheim, samtidig som eigar og direktør Morten Midjo selde bedrifta til svenske Sandvik og pensjonerte seg. Han var ein mann opptatt av samarbeid og samfunnsutvikling, og tilsettes ve og vel, fortel Lund.

Lund snakkar engasjert om partssamarbeid og korleis velorganiserte bedrifter har eit konkurransefortrinn gjennom å involvere og spele på lag med klubben.

– Vi kranglar så busta fyk i lønnsoppgjer, og det har vi avtalefesta at vi skal, men 90 prosent av tida jobbar vi med å vidareutvikle bedrifta.

Debatt: «Den norske modellen som beredskap»

Politikarar

Lund er ikkje medlem i noko parti, men avslører at han har stemt Ap dei siste åra. Sjølv om han er opptatt av næringsutvikling i Trondheim, har ikkje partipolitikk med spel og personkampar freista å gå inn i.

– Politikk begynner å bli ein yrkesveg der politikarar tar avgjerder om ting dei ikkje kan noko om. Det er farleg for demokratiet, seier han og innrømmer at det er eit argument for at fleire arbeidsfolk burde gå inn i politikken.

Først stiller Lund til val som avdelingsleiar. Han er i ferd med å bli frisk etter ein kreftsjukdom som gjorde at han for to år sidan vart heilt sjukemeld eitt år og seinare har stått i redusert stilling. Arbeidet som fagforeiningsleiar er mindre fysisk tungt, og no merker han at han endeleg har overskot når han kjem heim om dagane. Årets nye aktivitet er fridykking saman med sonen.

Namn: Ståle Lund

Alder: 52

Stilling: Maskinarbeidar

Hobby: Jakt, fiske, ølbrygging og fridykking

Aktuell med: Fungerande leiar i Fellesforbundet avdeling 12

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss