USA
Strippeklubb i USA kjempar for tariffavtale
Stripparane har vore stengde ute frå arbeidsplassen i fem månadar. No skal eit stort fagforbund hjelpe dei å få på plass den einaste tariffavtala på ein strippeklubb i USA.
ARBEIDARRETTAR: – Med ei fagforeining, kan vi gjere nødvendige forbetringar på arbeidsplassen vår, seier stripparen «Velveeta».
NTB
tormod@lomedia.no
Det over 100 år gamle fagforbundet Actors’ Equity Association, ein del av amerikansk LO (AFL-CIO), har sagt seg villig til å representere ei gruppe streikande stripparar på strippeklubben Star Garden Topless Dive Bar i North Hollywood, Los Angeles, California.
Samtidig har stripparane sendt ei oppmoding til det føderale National Labor Relations Board (NLRB) for å kunne stemme om dei tilsette skal fagorganisere seg og forhandle med arbeidsgivaren om tariffavtale.
Dei blir da dei einaste stripparane i USA som er representert av eit fagforbund, ifølge Equity som elles organiserer 50.000 tilsette på teater.
Velkommen til fagrørsla
– Dansarane har rapportert om problem med kompensasjon, inkludert betydeleg lønnstjuveri, og helse- og tryggleiks-risikoar. Dei vil ha helseforsikring og andre fordelar. Dei treng beskyttelse mot seksuell trakassering, diskriminering og usaklege oppseiingar. Equity er godt posisjonert til å jobbe for desse arbeidarane, og vi er glade for å ønske dei velkommen til fagrørsla, seier forbundsleiar Kate Shindle i ei pressemelding.
– Vi applauderer arbeidet deira for å oppnå kollektiv kampkraft og fagorganisere seg, som så mange på tvers av landet som er luta lei av giftige arbeidsplassar.
I USA har forsøk på fagorganisering på service-arbeidsplassar i privat sektor fått stor merksemd dei siste åra – i kjente bedrifter som Starbucks, Amazon og Trader Joe's. Også konflikten på strippeklubben i Los Angeles har fått merksemd i riksdekkande media i USA i sommar.
Fem månadar streikevakt
Allereie i mars vart rundt 20 stripparar stengde ute frå arbeidsplassen, etter å ha gått saman om å krevje betre arbeidsvilkår. Bakgrunnen skal blant anna vere at arbeidsgivaren ikkje ville beskytte dei tilsette mot truande og trakasserande gjestar.
Stripparane har dei siste fem månadane stått regelmessig streikevakt utanfor arbeidsplassen, for å fortelje gjestane om arbeidsforholda på strippeklubben.
– Vi liker det vi gjer. Vi ville likt jobbane våre enda meir om vi fekk grunnleggande arbeidarrettar. Vi er som så mange andre arbeidarar som har lært at det ikkje er eit val mellom å halde ut mishandlinga eller slutte. Med ei fagforeining, kan vi gjere nødvendige forbetringar på arbeidsplassen vår, seier stripparen «Velveeta».
Tidlegare har dei tilsette på Lusty Lady i San Francisco vore fagorganiserte i Exotic Dancers Union tilknytt fagforbundet Service Employees International Union, frå 1996 til 2013 da strippeklubben stengde dørene.
Mye lest: Wildricht vil jobbe fulltid. Zara svarer med å lyse ut 45 deltidsstillinger
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.