Fagforeiningsknusing
Tesla sparkar 30 tilsette etter forsøk på fagorganisering
Ulovleg fagforeiningsknusing, meiner fagforeininga. Ingen har lukkast med å lage ei fagforeining på ein Tesla-fabrikk i USA.
Tilsette på Tesla-fabrikken i Buffalo, New York i USA prøver å fagorganisere seg, men ser ut til å møte sterk motstand frå arbeidsgivaren.
NTB
tormod@lomedia.no
Over 30 arbeidarar fekk onsdag sparken frå Tesla-fabrikken i Buffalo, New York i USA. Det skjedde dagen etter at tilsette hadde sendt eit brev til Tesla-sjef Elon Musk om at dei ville jobbe for fagorganisering på fabrikken.
Oppseiingane er ulovleg gjengjelding for fagorganisering, meiner Workers United. Fagorganisasjonen har bedd det føderale organet National Labour Relations Board (NLRB) om å stoppe oppseiingane.
Tesla hevdar på si side at dei tok avgjerda om oppseiingane før dei var kjente med forsøket på fagorganisering.
Ingen har lukkast med å lage ei fagforeining på ein Tesla-fabrikk i USA. Selskapet har blitt skulda for fagforeiningsknusing tidlegare, og Elon Musk har fleire gongar uttalt seg kritisk i offentlegheita om fagforeiningar.
Initiativtakarane til fagorganisering i Buffalo og dei som har fått sparken, jobbar med å trene autopilot-teknologien til Tesla. Dei ønsker å organisere fleire av dei rundt 1.000 tilsette i produksjonen på fabrikken.
Bakgrunnen er krav om betre lønn, meir tryggleik og å endre på det tilsette meiner er helseskadelege produktivitetskrav.
Dei tilsette vil generelt ha medbestemming på arbeidsplassen. Dei er tilknytt Workers United som er ein del av Service Employees International Union (SEIU).
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.