Streik
Ulovleg streik på Danmarks største byggeplass: Polakkar krev same lønn som danskar
300 bygningsarbeidarar har lagt ned arbeidet og blokkerer inngangen til byggeplassen i Danmark.
Rundt 300 bygningsarbeidarar samla seg framfor administrasjonsbygget til arbeidsgivaren FLC tysdag morgon.
3F Lolland
tormod@lomedia.no
Det melder blant anna Fagbladet 3F, TV2 Øst og Maskinteknik.
Tysdag slutta rundt 300 polakkar og danskar seg til ein streik og blokade på byggeplassen på Lolland i Danmark.
Streiken og blokaden er tariffstridig, ifølge fagforbundet 3F.
Bygningsarbeidarane jobbar på det største anleggsprosjektet i danmarkshistorien – bygginga av den 18 kilometer lange Femern Bælt-tunnelen mellom Danmark og Tyskland.
Dei polske tilsette krev same lønn som dei danske kollegaene sine, ifølge 3F. Polakkane har heller ikkje fått eit lønnstillegg dei forhandla fram i april.
Arbeidsgivaren Femern Link Contractors (FLC) forsvarer lønnsforskjellen med at polakkane får kost og losji dekt. FLC hevdar at lønnstillegget til polakkane skulle utbetalast snart.
3F mekla tysdag mellom dei polske tillitsvalde og FLC. Streiken og forhandlingane skulle halde fram onsdag.
Aktuelt: Nå får slitne dansker som har jobbet lenge «Arne-pension»
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.