JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dominos Pizza i Trondheim får tariffavtale:

Dominos Pizza-arbeidarar trua med streik. No har dei vunne fram og fått tariffavtale

Dei trua med streik dersom dei ikkje fekk gjennomslag for ordna lønns- og arbeidsvilkår. No har Dominos-arbeidarane i Trondheim vunne fram med kravet om tariffavtale.
GJENNOMSLAG: Dominos-tilsette i Trondheim vann fram med kravet om tariffavtale. Bakarst frå venstre: Mathias Førrisdahl, Tom Erik Øyen, Kristoffer Vamråk Røed, Benjamin Lien, Mathias Rustad Faanes, Petter Dragland og Knut-Egil Opseth. Framfor frå venstre: Inga Renate Wirkola, Therese Gulliksen, Oda Nikoline Vågnes Halsa og Leonora Arnesen.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Magasinet for fagorganiserte skreiv i januar om dei 18 tilsette ved den internasjonale pizzarestaurant-giganten Dominos Pizza sine avdelingar på Lerkendal og Moholt i Trondheim, som har meldt seg inn i Fellesforbundet og kravde tariffavtale.

Arbeidsgivaren hadde ikkje imøtekomme kravet, og dermed skulle saka gå til mekling. Medlemmene varsla streik dersom franchisetakar Rype AS ikkje signerte på tariffavtala. Då melde bedrifta seg inn i arbeidsgivarorganisasjonen Virke.

p

Tariffavtale i boks

No er den første tariffavtala signert for avdelinga på Lerkendal, fekk fagforeininga stadfesta tysdag. Ei tariffavtale for avdelinga på Moholt blir truleg signert i løpet av ei vekes tid.

– Det smakte godt. All ære til dei tilsette som i juni tok ei tøff avgjerd. Det einaste som er synd, er at det tok så lang tid. Men no er tariffavtala i boks, og jobben begynner, med å følge opp at lønns- og arbeidsvilkår blir som dei skal vere, seier leiar Børge Ånesen i Fellesforbundet sin avdeling 250 i Trøndelag.

Minstelønna i bransjen er lovfesta, men ei tariffavtale gir ei rekke andre rettar. Dei tilsette har no krav på blant anna lønnstillegg for ansiennitet og arbeid på ubekvemme tidspunkt. Dei har også krav på vaktlister over minst fire veker, avtalt mellom bedrifta og tillitsvald.

Tøff prosess

Heile 15 av medlemmene i klubben er studentar, og alle er mellom 18 og 30 år gamle. Dei reagerte blant anna på uføreseieleg arbeidstid, og vaktlister som kom dagen før dei var sette opp på jobb.

Dei tilsette fortalde også om ein tøff prosess i arbeidet med å etablere ei tariffavtale. Eigarane skal ha trua med permitteringar og konkurs, ha trua tillitsvald med sparken og forsøkt å kaste ut ein Fellesforbundet-representant frå restauranten.

p

Godt samarbeid

Det kjente ikkje bedrifta seg igjen i, og forsikra om at dei ikkje gjer forskjell på organiserte og uorganiserte tilsette.

– Vi tar omsyn til dei tilsette sine ønskar, og har derfor signert tariffavtala. Vi inviterer til eit godt samarbeid framover, både med tillitsvalde og Fellesforbundet, sånn at vi saman kan få til gode løysingar som er til det beste for dei tilsette og bedrifta, formidlar styreleiar Anders Aasen i ein e-post til Magasinet.

Pizzarestaurant-kjedene Peppes Pizza og Pizzabakeren i Trondheim, har allereie tariffavtale. Dermed er det snart full tariffdekning på pizza-marknaden i byen.

Kva er ei tariffavtale?

Ei tariffavtale er ei kollektiv avtale om lønns- og arbeidsvilkår, mellom ei fagforeining og ein arbeidsgivar. Avtala har reglar for mykje meir enn lønn, som for eksempel arbeidstid eller medbestemming på arbeidsplassen.

Innhaldet varierer mellom dei ulike tariffavtalene, men den første delen er ofte lik på tvers av bransjar. Dette er den såkalla hovudavtala som slår fast spelereglane i samarbeidet mellom arbeidsgivarane og fagforeiningane.

Den andre delen er overeinskomsten, som blant anna inneheld reglane for lønna og er tilpassa den aktuelle bransjen. For Fellesforbundet-medlemmer i restaurantbransjen, er det Riksavtala som gjeld.

Dei første tariffavtalene i Norge vart inngått i 1870-åra og er ein grunnleggande del i organiseringa av det norske arbeidslivet.

Kjelde: FriFagbevegelse sitt tariffleksikon

Warning
Annonse