Fellesforbundet-medlemmer krev tariffavtale:
Dominos Pizza-arbeidarar trua med streik. No kan det bli tariffavtale
Bedrifta har meldt seg inn i arbeidsgivarorganisasjonen Virke. Dermed må tariffkravet på Dominos Pizza i Trondheim, behandlast på nytt.
ORDNA FORHOLD: Fellesforbundet-medlemmene hos Dominos Pizza ønsker ordna forhold på arbeidsplassen.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
Magasinet for fagorganiserte skreiv tysdag om dei 18 tilsette ved den internasjonale pizzarestaurant-giganten Dominos Pizza sine avdelingar på Lerkendal og Moholt i Trondheim, som har meldt seg inn i Fellesforbundet og krev tariffavtale. Dei ønsker ordna arbeidsforhold og føreseieleg arbeidstid.
Arbeidsgivaren hadde ikkje imøtekomme kravet, og dermed skulle saka gå til mekling. Fellesforbundet-klubben, der nesten alle er studentar, varsla streik dersom bedrifta ikkje signerte på tariffavtala.
p
Positiv utvikling
Men no har Rype AS meldt seg inn i arbeidsgivarorganisasjonen Virke, fekk Fellesforbundet sitt distriktskontor stadfesta onsdag morgon. Det var avisa Nidaros som først melde dette.
Dermed skal ikkje partane møtest hos Riksmeklaren likevel, sidan Fellesforbundet må sende inn eit nytt tariffkrav. Det kravet vil truleg Virke og Rype AS gå med på.
– Vi forventar at det blir inngått ei tariffavtale så snart Virke mottar kravet. Eg ser på dette som ei positiv utvikling, og eit teikn på at Rype AS har skjønt at dei treng hjelp til å forstå spelereglane i arbeidslivet, seier leiar Børge Ånesen i Fellesforbundet sin avdeling 250 i Trøndelag.
Saka held fram under bildet.
LERKENDAL: Dominos Pizza er leietakar på Lerkendal stadion i Trondheim. I tillegg har dei ei avdeling på Moholt.
Tormod Ytrehus
Fellesforbundet-medlemmene har fortalt til Magasinet at sjefar og eigarar har trua med permitteringar og konkurs, etter at dei fekk vite om at dei tilsette hadde organisert seg og ønsker tariffavtale.
Nektar ikkje
Bedrifta ville først ikkje kommentere saka, men etter at den var publisert tysdag ønska dei likevel å gi ein kommentar.
– Vi nektar sjølvsagt ingen tilsette ei tariffavtale dersom dei ønsker det. Vi er avhengig av å ha flinke folk hos oss og behandle dei på ein ordentleg måte, sa styreleiar Anders Aasen.
p
Magasinet har også skrive om at tillitsvald i Fellesforbundet-klubben skal ha blitt trua med sparken. Seinare skal ein representant for Fellesforbundet-avdelinga ha blitt forsøkt kasta ut og trua med politiet.
Aasen seier derimot at dei involverte frå leiinga ikkje kjenner seg igjen i dette og at bedrifta ikkje gjer forskjell på organiserte og uorganiserte tilsette.