JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Etter landsmøtet

Fellesforbundet vedtok å strupe bemanningsbransjen. Slik svarer NHO

Bemanningsbyråa appellerer til Fellesforbundet-leiinga for å unngå diskusjon om avvikling av bemanningsbransjen.
Even Hagelien, NHO sin bransjedirektør for bemanningsbransjen.

Even Hagelien, NHO sin bransjedirektør for bemanningsbransjen.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

På landsmøtet sitt førre veke, vedtok Fellesforbundet å «jobbe for at bemanningsbransjen i sin nåværende form avvikles, og at arbeidsformidling blir en sterkere offentlig oppgave». I tillegg ønsker dei eit forbod «i bransjer og områder der vi mener det er nødvendig».

– Vi syns det er synd at dei fattar eit sånt vedtak, ikkje minst fordi vi opplever at vi har hatt ein såpass positiv dialog det siste året. På den bakgrunn er vi overraska, seier Even Hagelien, bransjedirektør for bemanningsbransjen i NHO Service og Handel.

p

Ber om samarbeid

Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) har overfor FriFagbevegelse avvist ei avvikling av bransjen. Fellesforbundet sitt standpunkt kan derimot vere retningsgivande dersom høgresida mistar regjeringsmakt.

– Eg håper vi kan fortsette den gode dialogen og unngå at det blir ein diskusjon rundt avvikling av eller forbod mot bemanningsbransjen, seier administrerande direktør Espen Hem Jakobsen i bemanningsbyrået Jobzone, som er eitt av Norge sine største.

Fellesforbundet-vedtaket skjedde etter at rapportar frå byggebransjen sine fagforeiningar i både Oslo og Bergen viste at ulovleg innleige florerer i bransjen.

– Det einaste vi kan gjere er å sørge for at dei som jobbar for oss får ordentlege kontraktar og gode arbeidsvilkår. Norsk arbeidsliv treng bemanningsbransjen, seier Jobzone-sjefen.

Skyttargravene

I eit nyheitsbrev skriv NHO Service og Handel om Fellesforbundet-vedtaket, at dei kjem til å vere «forsiktige med krasse uttalelser i media». Vidare heiter det: «Vi ønsker ikke å tvinge representanter fra Fellesforbundets ledelse ut i media for å gi kommentarer som vil kunne binde dem i fremtidig dialog.»

– Betyr det at de eigentleg er meir redde for dette vedtaket enn det framstår som?

– Vi har ei oppfatting av at konflikt ikkje gagnar nokon. Vi liker så klart ikkje vedtaket, men først og fremst er vi opptatt av verdien av å ikkje gå i skyttargravene. Vi opplever at det framleis er rom for å finne løysingar saman med Fellesforbundet, svarer bransjedirektør Hagelien i NHO.

p

Einige om arbeidsavtale

Nye innleiereglar vart innført frå nyttår, etter at Stortinget blant anna vedtok at såkalla nullprosent-kontraktar, skulle bli forbodne. Det viste seg etter kvart at mange bemanningsbyrå løyste dette ved å tilby svært små stillingsprosentar.

I sommar vart Fellesforbundet og NHO Service og Handel derfor einige om ein ny arbeidsavtale for bemanningstilsette i byggebransjen. Flest mogleg skulle jobbe i ei stilling større enn 80 prosent, var målet.

– Vi har brukt mykje energi for å finne løysingar og oppfylle krava som Fellesforbundet har stilt, seier Hagelien i NHO.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse