JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Skatt på tips:

Thon-hotellet tar delar av tipsen frå dei tilsette. No varslar LO søksmål

– Nokre har sagt at dei må vurdere framtida si i bransjen, for dei har ikkje råd til å fortsette, seier resepsjonist og hovudtillitsvalt Henning Jäger på Hotel Bristol i Oslo.
IKKJE LOV: Thon-hotella har ikkje lov til å trekke arbeidsgivaravgift og administrasjonsgebyr frå tipsen til dei tilsette, meiner respepsjonist og hovudtillitsvald Henning Jäger på Hotel Bristol i Oslo.

IKKJE LOV: Thon-hotella har ikkje lov til å trekke arbeidsgivaravgift og administrasjonsgebyr frå tipsen til dei tilsette, meiner respepsjonist og hovudtillitsvald Henning Jäger på Hotel Bristol i Oslo.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Nye skattereglar frå 1. januar gjer at arbeidsgivarar no skal innrapportere og trekke skatt av tilsette sine tipspengar.

Striden står om dei har lov til å ta delar tipsen for å betale si eiga arbeidsgivaravgift og såkalla administrative kostnader.

Varslar søksmål

No varslar LO søksmål mot Hotell Bristol i Oslo, stadfestar LO-advokat Fredrik Wildhagen overfor FriFagbevegelse.

p

– Vi meiner dette ikkje har grunnlag i arbeidsgivar sin styringsrett og har bedd Hotel Bristol forklare sitt syn, seier Wildhagen.

Ei eventuell rettssak vil ha betydning for mange sørvistilsette.

Styringsretten

Hotel Bristol er éin av ei rekke stadar der Fellesforbundet-klubbar og arbeidsgivarar er ueinige om arbeidsgivar kan trekke sine eigne utgifter frå tipsen, slik NHO Reiseliv anbefaler sine medlemsbedrifter å gjere.

For dei tilsette på Thon sine hotell, utgjer dei to fråtrekka omtrent 15 prosent av tipsen.

Finansministeren har tidlegare fråskrive seg ansvar for usemja og uttalt at den handlar om den såkalla styringsretten til arbeidsgivarar, som partane anten må bli einige om eller ta til domstolane for ei avgjerd.

Betydning for mange

Parallelt med varselet om søksmål mot Hotel Bristol, har LO sine advokatar også trua Color Line med eit liknande søksmål. Saka kom ikkje til retten ettersom Color Line gav etter for kravet.

Steinar og kollegaene protesterte da Color Line brukte tipsen til å dekke arbeidsgiveravgift. Nå får de pengene tilbake

LO-advokat Fredrik Wildhagen fortel at dei heller ikkje kan reise sak mot Hotel Bristol dersom Thon-hotellet går med på krava innan svarfristen 1. november.

– Men vi ønsker ei avklaring. Det ligg i dagen at denne saka har betydning for mange tilsette i sørvisbransjen, legg han til.

Nye skattereglar

Dei tilsette på Thon-hotella sit no igjen med ei månadleg utbetaling på under halvparten av tipsen dei har dratt inn, viser konsernet sitt eige rekneeksempel. Det er etter at skatt, pensjon, feriepengar og hotella sine utgifter er trekt frå.

– Folk har fått trongare økonomi, og nokre har sagt at dei må vurdere framtida si i bransjen, for dei har ikkje råd til å fortsette, seier resepsjonist og hovudtillitsvalt Henning Jäger på Hotel Bristol i Oslo.

Saka held fram under bildet.

Tormod Ytrehus

No håpar Jäger at hotellkjeda gir etter for kravet om at dei tilsette skal få behalde ein større del av tipsen eller at ein eventuell dom gir ei avklaring som bransjen har behov for.

Stor misnøye

I låglønnsbransjane har tips vore ei viktig inntekt, men også ei inntekt mange tilsette har unnlate å skatte av. Blant hotell- og restauranttilsette har misnøya med dei nye skattereglane vore stor, retta mot både regjeringa og Fellesforbundet.

Servitøren Kim nektes pensjon og sykepenger av skatt han betaler av tipsen

Forbundet ønska opphavleg dei nye reglane velkommen, sidan tilsette gjennom å innrapportere og betale skatt av tipsen vil tene opp eit større grunnlag for trygderettar som sjukepengar og pensjon.

FriFagbevegelse har vore i kontakt med Hotel Bristol som viser vidare til konsernleiinga. Direktør Morten Thorvaldsen for hotell og restaurant i Olav Thon Gruppen, opplyser at dei ikkje ønsker å kommentere saka no.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse