JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

LO Stat-landsmøtet

Høyre-statsråden får skryt for å ha kutta konsulentbruken i Nav

– Ho viser tillit til fagkunnskapen hos dei tilsette, seier Hanne Nordhaug i NTL NAV.
STATSRÅD PÅ BESØK: Arbeidsminister Anniken Hauglie holdt innlegg på LO Stats sin kartellkonferanse på Gol torsdag morgon. Ho lovar mindre detaljstyring av NAV og større friheit til at dei NAV-tilsette kan gjere det dei meiner er best for å få folk i arbeid.

STATSRÅD PÅ BESØK: Arbeidsminister Anniken Hauglie holdt innlegg på LO Stats sin kartellkonferanse på Gol torsdag morgon. Ho lovar mindre detaljstyring av NAV og større friheit til at dei NAV-tilsette kan gjere det dei meiner er best for å få folk i arbeid.

Bjørn A. Grimstad

oystein.windstad@lomedia.no

Arbeidsminister Anniken Hauglie blei utfordra med spørsmål, men fekk også ros.

I sitt innlegg kom statsråden inn på at ho ønskar at NAV skal gjere meir sjølv, i stadan for å sette ut oppdraga til eksterne konsulentar.

Dette falt i god jord hos Hanne Nordhaug, tillitsvalgt i NTL NAV:

– Eg har først lyst å gje statsråden litt skryt for NAV-meldinga. Her har det blitt lytta til ting vi i NTL NAV har påpeika lenge. Det blir mindre detaljstyrt leiing, det viser tillit til at dei tilsette i Nav har god fagkunnskap og vurderer dei rette tiltaka. Og at fleire kjerneoppgåver blir overført frå eksterne tilbydarar til Nav. Vi tenkjer då spesielt på oppfølginga av Nav sine brukarar. I tillegg er vi positive til at konsulentbruken har blitt redusert i Nav, sa Nordhaug frå talarstolen.

Hanne Nordhaug, NTL NAV (arkivfoto)

Hanne Nordhaug, NTL NAV (arkivfoto)

Ole Palmstrøm

Vil ha mindre detaljstyring

Nav har i dag rundt 19.000 tilsette. Anniken Hauglie frå Høgre tok over som arbeidsminiser etter at Robert Eriksson frå Frp måtte trekke seg.

Ho er utdanna sosiolog og har jobba som sosialbyråd i Oslo.

– Vi ønskar at NAV skal kunne gjere meir sjølv og telle mindre på resultat. Vi ønskar at NAV skal kunne bruke meir av pengane på å gjere ting i eigen regi i stadan for å kjøpe tenester eksternt. NAV må få større handlingsrom til å løyse oppgåvene slik som dei meiner er mest for dei ulike brukarane dei har. Dette er noko eg som arbeidsminister ikkje kan styre så detaljer som det har vore gjort før, meiner eg.

Les også: Når fattigdom blir barnevern

Meiner kutt ikkje gjev dårlegare tenester

– Nav må kutte rundt 140 millionar, blant anna som følge av Regjeringa sitt avbyråkratiserings-kutt. Samtidig som Nav får kutt, er arbeidsløysa stor. Kva seier du til det?

– Ja, men samtidig får Nav auka ressursar som 1000 fleire tiltaksplassar, Nav blir styrka med hurtigspor for flyktningar, yrkesveiledning til flyktningar, det kjem ei ungdomssatsing og det kjem aktivitetskrav. Ein styrkar også mange av dei viktige postane i NAV, seier Hauglie og seier dette om avbyråkratiseringskuttet på 0,5 prosent:

– Vi seier at alle verksemder må gå igjennom sin organisasjon og sjå om ein kan kutte litt, gjere ting på ein anna og finne nye løysinger for å løyse oppgåvene på ein billigare måte. Dette er noko alle må gjere, ikkje berre Nav.

– Kva retning ønskar du å trekke Nav framover?

– Det er å gå endå meir i retning av arbeid. At fleire skal over frå passive helserelaterte ytelser til jobb. Det er det aller viktigaste. At fleire kjem over i jobb og bidreg til fellesskapet og brukar sine ressursar og evner, seier statsråden.

Se alle våre saker fra Kartellkonferansen

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse