JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Sahar Azari klar for gjenvalg i NTL Ung

No er nesten halvparten av dei nyverva NTL-medlemmane under 35 år. Sahar Azari fortel ho er glad for å bli innstilt som leiar igjen og at ho er klar for å ta ungdomsorganisasjonen vidare.
KLAR: Sahar Azari har vore leiar av NTL Ung sidana oppstarten i 2015 og er innstild av valkommiteen til eit nytt år i fronten av ungdomsorganisasjonen.

KLAR: Sahar Azari har vore leiar av NTL Ung sidana oppstarten i 2015 og er innstild av valkommiteen til eit nytt år i fronten av ungdomsorganisasjonen.

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia.no

Valkomiteen har kome med innstilling til nytt styre i NTL Ung. Styret har tilsaman ni medlemmer og Sahar Azari er innstilt til å fortsette som leiar.

– Korleis er det å bli innstilt for eit år til?

– Det er spanande og veldig hyggeleg å ha tilliten til organisasjonen framleis. Det blir mykje hardt arbeid framover.

– Kva har du ønske og ambisjonar om å få til?

– Dei siste to åra har vi brukt veldig mykje tid på å få organisasjonen på beina. Eg håpar vi det komande året kan bruke meir tid på å gjere NTL Ung meir kjent i organisasjonen og bli meir sikker på kva vi skal gjere og korleis. Vi ønskar også å få opp andelen ungdomsutvalg i organisasjonen og alle ledda, fortel ungdomsleiaren.

Valkomiteen foreslår Eirik Owren Holt som ny nestleiar. Han jobbar i UDI og kjem frå NTL Sentralforvaltningen.

Alle får 1000 kr meir i løn i år

Kan få til minoritetsnettverk

– Kva saker brenn de for og vil jobbe for på LO-kongressen?

– Vi har kome med mange forslag som er viktige for oss. Blant anna eit forslag om eit minoritetsnettverk. Det forslaget har blitt oversendt til sekreteriatet. Vi har også mange forslag på studentsaker slik at LO og NTL skal bli bedre på studentpolitikk. Der er ikkje innstillingane like gode, dessverre. Det blir mange tøffe kampar. Det blir også mykje fokus på representasjon av unge og minoritetar i alle LO sine organisasjonsledd, fortel leiaren av NTL Ung.

Saman med ungdomsorganisasjonen har ho tidligare gjort seg markert på at tiltak som skal hjelpe unge til å kunne kjøpe eigen bolig. I tillegg har ho fronta forlaget om å starte eit nettverk som skal jobbe for meir aktiv deltaking og organisering blant minoritetar i LO.

Mange nye unge medlemmar

– Kva er du nøgd med som NTL Ung fikk til i fjor?

– Noko av det vi er mest nøgde med er det vi fekk gjennomslag for hos NTL til LO-kongressen, seier ho og legg til:

– Vi har fått til mykje meir aktivitet blant studentar. Blant dei nyinnmeldte i NTL i 2015 var over 45 prosent unge under 35 år. Vi ser at det er ei auke blant unge som melder seg inn. Det er noko å vere veldig stolt over.

– Kva kan de få til bedre eller meir av?

– Eg trur samarbeid med organisasjonsledda. Vi har NTL Ung-konferanse og på førehand har vi berre fått inn forslag frå studentane. At vi skal meir dialog med organisasjonsledda og unge i deira organisasjonsledd og kva som er viktig for dei, det er viktig. At vi greier å får innspel og får ein god deialog. Det må vere fleire som registrerer deira ungdomskontakter i systema, då kan vi kontakte dei. Det er det alt for få som gjer. Då er det vanskeleg å få kontakt.

Grønt skifte

NTL Ung skal velge sitt nye styre og vedta politikken sin 22.-24. mars. Politisk vil ei av hovudsakene vere debatt rundt det grøne skiftet, som blir ei av dei store sakene på LO-kongressen. I og med at ingen har meldt seg som motkandidat, ligg Azari rimeleg godt an til å bli gjenvalgt:

– Det er eit ganske nytt styre og det blir spanande å bli kjent med alle saman. Det gledar eg meg veldig til og det er mange dyktig folk som er innstilde og som ønskjer å bidra i NTL Ung framover.

Les også:

Ho blei nekta bolig fordi ho heiter Sahar
NTL Ung vil hjelpe unge inn på boligmarknaden

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse