JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tillitsvalgte i Landbruksdirektoratet:

– Seniorene vil bli hardest rammet av utflyttinga

Tillitsvalgte i Landbruksdirektoratet er kritiske til den planlagte utflyttinga som kjem etter ein politisk byttehandel mellom Venstre og Høgre. Dei fryktar både fagkompetansen og spesielt dei over 50 vil lide når arbeidsplassar skal ut av Oslo.
KREV NYE JOBBAR: Dei tillitsvalgte i Landbruksdirektoratet krev at politikarane som vil flytte ut jobbar frå Oslo sørgar for nye stillinger til dei som ikkje kan eller får til å flytte ut. Frå venstre:  Julio Toro, Wenche Hansen, Janna Bitnes Hagen og Anders Hellestveit.

KREV NYE JOBBAR: Dei tillitsvalgte i Landbruksdirektoratet krev at politikarane som vil flytte ut jobbar frå Oslo sørgar for nye stillinger til dei som ikkje kan eller får til å flytte ut. Frå venstre: Julio Toro, Wenche Hansen, Janna Bitnes Hagen og Anders Hellestveit.

Ole Palmstrøm

oystein.windstad@lomedia.no

Opp mot 1200 årsverk kan bli flytta ut av Oslo i år. Prosessen med utflytting starta etter at Venstre godtok Høgre si kommunereform.

Tillitsvalgte og fagforeningane i Landbruksdirektoratet har fått beskjed om at dei ikkje vil bli ein del av råda som skal utrede flyttinga.

NTL-tillitsvalgte Janna Bitnes Hagen er uroa:

– Den spisskompetansen som medarbeidarane i Landbruksdirektoratet sit på, trur eg vil ta lang tid å bygge opp ein annan stad. Spesielt om mange medarbeidarar ikkje finn det mulig å bli med, og spesielt dersom fagområda blir splitta opp. Fragmentering av fagområdene og flytting av «makta» som Sanner seier, trur eg vil svekke heile kompetanseområdet på landbruk.

Endte opp fem år på NAV etter utflytting

Seniorane vil slite

TL-medlem Wenche Hansen fortel at dei som vil bli hardast ramma er seniorane:

– Vi har ein del som er i gruppa 50-55 år. Dei vil aldri bli med til Trøndelag. Det er også vanskeleg for dei å få ny jobb. Kva skjer med dei? Får dei overtalligsbevis, skal dei gå uvirksomme i dei siste åra av yrkeslivet? Den gruppa er veldig stor. Vi har ein del av dei som er lågt løna, som ikkje blir med på flytting og som vil slite med å få jobb. Det er dei eg syns mest synd på no, fordi dei er så låst i denne situasjonen og dei vil nok ha ein redusert arbeidsevne fram til dette er avgjort. Dei må bruke mykje tid på dette, fortel Hansen. Under tidligare utflyttingar av statlege arbeidsplassar frå Oslo viser det seg at mellom 75 og 90 prosent av dei tilsette slutta og blei ikkje med på flyttelasset.

– Utflyttinga handlar om å helse heim i valgår

Politikk og ikkje fag

Då Venstre og Høgre blei einige om utflyttinga i fjor, var det ikkje dei faglege gode argumenta som blei lagt vekt på eller nevnt.

Det får NTL-medlem Julio Toro i Landbruksdirektoratet til å reagere:

– Frå starten fekk vi høyre at mykje av denne saka går på ein byttehandel mellom partia. I seg sjølv er det ganske tungt å ta inn over seg. Av og til signaliserar dei at dei ikkje skal ta hensyn til det faglege og det menneskelege, men at det går meir på at Venstre og Høyre krev dette. Dei erfaringane som ein har når det gjeld flytteprosessar, er ikkje gode. Sånne ting skaper store belastninger for tilsette og familiane deira. Det er ikkje greit å føle at du er i ein situasjon der du er ei vare som skal håndterast som ein byttehandel, fortel Toro og legg til:

– Vi meiner at ei helilheitleg vurdering av det faglege og det menneskelege, kjem truleg til å resultere i at flytting av Landbruksdirektoratet er ein dårleg idè.

Krev nye jobbar

Tillitsvalgt, og leiar av NTL i Landbruksdirektoratet, Janna Bitnes Hagen, understreker ansvaret til dei som vil flytte ut:

– Her er det arbeidsgjevar og oppdragsgjevar som har eit utvida ansvar for å sørge for at dei som blir igjen har ein jobb i Oslo. Dei skal også ha ein god kvardag og ein jobb å gå til, seier Bitnes Hagen.

Ho viser til at det slettes ikkje er så lett for alle å finne seg nytt arbeid i hovedstaden:

– Minister Jan Tore Sanner peiker på at det er mange jobbar i Oslo. Spørsmålet er kor overførbar kompetansen til dei som jobbar hos oss er, og korleis det er å finne seg ein ny jobb. Vi har ein på 50 år som har jobba heile livet i landbruksdirektoratet. Eg trur ikkje all kompetansen vi har her er like overførbar.

Les meir:

Victor Norman meiner utflytting er nødvendig for Norge
– Rykker opp familiar og fagmiljø med rota

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse