JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Forskar og direktør for Transportøkonomisk institutt:

– Ser ikkje behovet for vegselskapet Nye Veier

Forskar og direktør for Transportøkonomisk institutt trur det kan bli billigare med Nye Veier, men ser ikkje behovet for vegselskapet.
Rundt 10 prosent av vegbudsjettet går til vegselskapet Ny veier.

Rundt 10 prosent av vegbudsjettet går til vegselskapet Ny veier.

Jarl Fr. Erichsen

oystein.windstad@lomedia.no

Regjeringa har starta vegselskapet Nye Veier, som skal bygge vegar raskare og billigare enn det Statens vegvesen gjer.

Saman med fleire LO-forbund er Ap, SV, Sp og MDG er kritiske. Men kva seier forskarane, vil det bli billigare og bedre med Nye Veier? LO Media spør direktør for Transportøkonomisk institutt, Gunnar Lindeberg.

Kan bli billigare, men...

Nyleg kom rapporten rapporten «Nye Veier AS – privatisering på ville veier» frå DeFacto. Her blir det argumentert med at dei trur Nye Veier vil føre til unødvendig byråkrati og ikkje føre til billigare og raskare vegutbygging.

Direktør Lindeberg i Transportøkonomisk institutt trur det kan bli billigare, mot at ein må vente lengre mellom avkjørslane frå motorvegen.

– Intensjonen er at det skal bli bedre og billigare?

– Det første vi som forskarar kan seie er at vi ikkje har empiri og grunnlag for å kunne seie noko om det er billigare og meir effektivt. Ein kan undrast over kva ein kan forvente av eit nytt selskap. Er det slik at dei kan endre ein del av designet på vegane? Kan dei ta vekk ein del av dei dyre på- og avkjørslene på motorvegane, bygge smalare veg og ta mindre lokale hensyn? Det er mogleg at dei slik sett kan vere meir effektiv på den måten. Men då kan du vente ein annan veg, med færre avkjørslar.

– Kva tenkjer du om det blir meir effektivt?

– Det første ein kan seie når ein i framtida skal måle Nye Veier, er at dei kjem til å vere meir effektiv. Det er fordi at dei har fått dei enklaste prosjekta. Dei har fått dei prosjekta som har passert dei demokratiske prosessane, med alle høringane. Det er prosjekt som er lett å sette i gang. Det vil sjå meir effektivt ut. Mindre lokale hensyn kan gjere det meir effektivt. Det er eit perspektiv.

Nye veier får slakt i rapport

Gunnar Lindberg, direktør ved Transportøkonomisk institutt (TØI)

Gunnar Lindberg, direktør ved Transportøkonomisk institutt (TØI)

Transportøkonomisk institutt, toi.no

Vegvesenet får framleis 90 prosent av vegbudsjettet

– Nokon vil seie at Nye Veier ikkje er nødvendig og at de skal gjøre en jobb som Vegvesenet like godt kunne ha gjort?

– Ja det trur eg er rett. Det er rundt 10 prosent av vegbudsjettet som går til Ny Veier. Då er 90 prosent av budsjettet igjen. Om det er slik at dei kan gjere det meir effektivt, må ein stille spørsmål korfor

ein ikkje ser på heile Vegvesenet og gjør det meir effektivt. Eg har vanskeleg å sjå behovet for Nye veier som eit selskap.

– Det blir argumentert for å jobbe med det ein har i stadan for å starte noko nytt, kva tenkjer du om det?

– Det er eit interessant eksperiment. Men, ein har framleis Vegvesenet igjen som har det store budsjettet. Nye veier er ein liten del av det. Ser ein problem med Vegvesenet burde ein forbetre heile prosessen.

Forbund vil ikkje legge ned Nye veier

Fasiten kjem om nokre år

– Kva andre refleksjonar har gjort?

– Det er eit spanande forskningsspørsmål å sjå om dei greier å finne nye metodar, dei står friare til å finne slike metodar enn det Vegvesenet gjer. Det er kanskje det spanande rundt dette om dei finn nye måtar å tenkje på. Men, eg er ikkje sikker på det trengs eit selskap for det.

– Når kjem fasiten på om det blir bedre og billigare?

– Vi forsøker saman med svenskar å kombinere data og sjå på om Nye veier er mer effektiv og finner nye metoder. Det krev nokre år med slike studier og ein må vente nokre år for å verkeleg kunne seie noko om dette for å sjå kor det går, seier forskar og direktør ved Transporøkonomisk institutt, Gunnar Lindeberg.

• Vegvesenet med tiltak mot sosial dumping

• Leinga i Nye veier går rett inn i lønsadelen

• Kuttar 190 stillinger i Vegvesenet

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om og for arbeidsfolk i blant annet anlegg, vakt, renhold, asfalt og bergverk.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse