JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kan bli flystopp fra fredag

Privatiserte brannmenn ved Bodø lufthavn til mekling

Berre dei mindre Widerøe-flya vil gå som normalt fredag, om ikkje partane i meklinga mellom brannmenn og arbeidsgjevaren Falck blir einige torsdag kveld.
Andreas Skindlo (foran) og kollegene ved Bodø Lufthavn kan være i streik fra fredag 16.12.16. Skindlo sitter i LO Stats forhandlingsutvalg

Andreas Skindlo (foran) og kollegene ved Bodø Lufthavn kan være i streik fra fredag 16.12.16. Skindlo sitter i LO Stats forhandlingsutvalg

LO Stat

oystein.windstad@lomedia.no

Bodø er den første flyplassen der brann- og redningstenestene blei satt ut til private.

Etter at Falck tok over brann- og redningstenesta ved Bodø lufthavn, fekk brannmennene tilbod om ei løn som er 15.000 kroner under tariff i månaden. Dette har NTL protestert på og kritisert.

– Vi ligg minimum 15.000 kroner under gjeldande lønn i månaden, seier Ruben Frendal, tillitsvalgt i Falck Brann og Redning i ei pressemelding.

Forhandlingar har ikkje ført fram, og onsdag kl 10.00 startar meklinga:

– Vi har ikkje greid å bli enige. Vi meiner det er gjeldande tariff for norske flyplassar som skal gjelde. Det har vi ikkje lukkast med. Kort oppsummert ligg dette på løns- og arbeidsvilkår, seier Tor Erik Granum, forbundssekretær i NTL.

Riksmeklingsmannen skal hindre flystreik ved Bodø lufthavn

Kallar lønstilbod sosial dumping

Dei største flya vil stå

Granum fortel at dei på ingen måte ønskar at det skal bli streik, men at om partane ikkje blir einige innan torsdag kveld ved midnatt, kan det bli stopp i arbeidet ved flyplassen:

– Vi har hatt medlemsmøte med mannskap som kan bli tekne ut i streik fredag kl 13.00. Vi håpar alle på ei løysing og jobbar for å finne ei løysing.

– Om det blir streik, vil alle fly i Bodø stoppe opp?

– Det vil bli delvis stopp. Dei store flya til Norwegian og SAS kan ikkje bruke Bodø. Men, vi har inngått ein avtale med arbeidsgjevar som gjev lågare beredskap for å ivareta liv, helse, rikets sikkerheit og eventuelle redningsaksjonar. Men, med denne bemanninga vil dette bety at dei minste Widerøe-flya vil gå som normalt, fortel Granum.

Full skjæring mellom partane ved Bodø lufthavn

Stor avstand

Det er NTL/LO Stat og Falck/Spekter som møtas til mekling onsdag morgon. NTL har vurdert søksmål etter at brann- og redningstenestene blei lagt ut på anbod, og det blei klart at lønsvilkåra vil bli dårlegare. Det har vore forhandlingar og dialog sidan februar:

– I dag er det stor avstand mellom partane. Samtidig går vi til mekling med optimisme og satsar på at vi greier dette. Ingen ønskar konflikt, seier Granum.

– Avstanden er veldig stor. At vi er i mekling viser at saka er heilt fastlåst. Vi jobbar alltid for å finne ei løysing, men må samtidig erkjenne at vi ikkje har kome nokon veg så langt, seier Øystein Gudbrands, forhandlingsleiar i LO Stat.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse