JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

«Eg blir forbanna når eg høyrer korleis ein del velger å prate om folk som trenger hjelp fra Nav»

Folk skal møtast med respekt. Det betyr noko korleis vi prata om kvarandre, skriv Torbjørn Vereide.

Folk skal møtast med respekt. Det betyr noko korleis vi prata om kvarandre, skriv Torbjørn Vereide.

Yngvil Mortensen

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Derfor vil eg fortelle ein ting som dei fleste sikkert er klar over allerede.

Uansett kor sterk du føler deg i øyeblikket, så kan vi alle få ein sårbar periode av livet der vi trenger hjelp.

Det har også eg fått oppleve.

Etter terroren den 22. juli raste verden min sammen. Utdanning og arbeid blei plutselig heilt umulig. Eg ville så fryktelig gjerne, men eg klarte det bare ikkje. 

Eg følte eg svikta. Om eg på toppen av det skulle blitt stempla som ein snylter, så hadde kvardagen blitt for hard for meg.

Folk som trenger hjelp fra Nav skal ikkje møtast med stigma. Det her er mennesker! Folk med drømmer, familie, humør og ståpåvilje. Men som av ulike grunner har møtt eit betonggulv med helsa og arbeidslivet.

Folk skal møtast med respekt. Det betyr noko korleis vi prata om kvarandre.

For kort tid sidan tok vi i Arbeiderpartiet kampen for å makulere Høgre sitt "karensår", som gjorde at folk som gikk på Nav blei kasta ut i fattigdom.

No har vi røska det opp med rota. Og det er eg stolt av.

Men fordommane gjorde det enkelt for høgresida å innføre "karensåret". Når stigmaet bare får vokse, så får det konsekvenser. 

Dette angår oss alle.

For sjølv om du føler seg sterk i dag.

Så er det kanskje du som trenger hjelp i morgen.

Debatt: «Vi bør gjenreise Tranmæls arbeidslinje og kvitte oss med Gro-varianten»

Kommentar: «Tre grunner til å skrote arbeidslinja»

Kommentar: «Kva slags land skal me vere, NHO?»

Denne teksten ble først publisert på skribentens Facebook-side

Warning
Annonse
Annonse