JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

«Etter eit år med digital undervisning og mykje heimeskule, har det oppstått eit nytt oppkonstruert ord – læringstap»

LÆRTE NOKO ANNA: Nei, elevane har ikkje mista eit år med læring. Dei veit no blant anna noko om Rtall og korleis smitten spreiar seg i eit samfunn, skriv Lene Merete Bakkedal.

LÆRTE NOKO ANNA: Nei, elevane har ikkje mista eit år med læring. Dei veit no blant anna noko om Rtall og korleis smitten spreiar seg i eit samfunn, skriv Lene Merete Bakkedal.

Colourbox.com

Dette er et meningsinnlegg. Det er skribentens mening som kommer til uttrykk. Du kan sende inn kronikker og kronikkinnlegg til FriFagbevegelse på epost til debatt@lomedia.no
Warning
Elevane har mista eit år med læring, kan vi lese i avisene.

Vi har fått eit hol i kunnskapen til den oppveksande generasjonen. Lærarane seier at dei ikkje har fått fylt kompetansemåla i læreplanen. Men kva er læring? Kan barn og unge «ikkje lære»?

Etter eit år med digital undervisning og mykje heimeskule, har det oppstått eit nytt oppkonstruert ord – læringstap. Dette blir satt opp imot læringstrykk som lærarar og skular no blir bedt om å drive med. Ordet er eit politisk ord og særleg i valkampen vart dette tatt opp. Barn og unge lærer i alle situasjonar, det er difor dei stadig er under ombygging. Ja, karantene, digital undervisning, høgare sjukefråvær og no testing tek tid frå fag- og kompetansemål – men vi kan vel ikkje seie at borna ikkje lærer?

Tillitsreform i skolen: – Vi kan vente oss heftige protester

Vi lærarar har nok til alle tider kjent på tidspress, på alt som skal gjennomførast, på andre ting som kjem inn, og som då tek fokus frå norsktimane og matematikken – og det er forståeleg. Norskpensumet er enormt og matematikken må terpast på, og eksamen kjem på same tid kvart år – brått.

Likevel må vi ikkje gløyme at born lærer kvar dag. Dei lærer av friluftsdagen med heile teamet, av aktivitetsdagen med heile trinnet og av kompisdagen med heile skulen. Og no lærer dei av handlingane og det vi må gjere under ein pandemi – dei skal vere rusta til å ta seg av verda om nokre år. Dei har hatt ein enorm utvikling i digital kompetanse. Ikkje berre ved å sette straum på papiret, men ved å sjølve vere produsentar og borgarar i ein digital verden.

Tonje Brenna (33) er ny kunnskapsminister: – Et spennende valg, sier Mette Johnsen Walker

Vårt mandat som lærarar og skule, er å «utvikle gangs menneskje» og slik eg ser det – robust ungdom som inkluderer. Robust ungdom skal kunne regne og lese for å bli trygge vaksne. Dei skal kunne seie noko om ulike religionar, oppbygginga av samfunnet og kunne kommunisere på engelsk. Men no kan dei også ta ansvar for eigen helse. Dei veit noko om Rtall og korleis smitten spreiar seg i eit samfunn. Dei kan å vere sosiale utan å vere fysisk samen. Og ikkje minst – dei har lært noko om at vi ved å ta omsyn og beskyttar oss sjølv også tek omsyn og beskyttar andre grupper.

Dette til tross, under karantene og lockdown var fleire, særleg lærarar, bekymra for det sosiale livet til barna. Med rette. Det vart auke av utanforskap, og fleire vart utsett for overgrep på nettet for første gang under pandemien. Det vart viktig å fylle opp dei tomme klasseromma igjen. Den norske skulen skal vere ein fellesarena, som bidreg til å minske ulikskapen, og ikkje bidra til å auke dei sosiale forskjellane. Ulikt digitalt utstyr og ulik tilgang til nett og utstyr aukar forskjellane på elevane. Her er det viktig å sette inn tiltaka – for å og alle same utgangspunkt i ein felles skule.

Aktuelt: Kunnskapsministeren ga lærere råd om hvordan snakke med elevene om 22. juli

Tilbakemeldingane frå elevar og lærarar om tida under pandemien er varierte. Tal frå rapporten «Lærertettheten i koronaepidemiens første år» viser dette. Særleg har normtala komme i fokus. Normtala seier at det skal vere 15/20 elevar i kvar klasse. Men dette talet skal vere eit snitt av skulen, difor er det ikkje slik i praksis. Men no måtte elevane delast i kohortar, altså etter normtala. Her er det berre positive tilbakemeldingar. Både elevar og lærarar sa at dei fekk betre tid til faga, meir ro i klasserommet, og dermed betre læring. Lærarane fekk betre tid til å sjå alle elevane og kunne difor sørge for trygge rammer og minske utanforskap og mobbing. Og læring går føre seg i eit trygt miljø.

Vi skal utvikle robust ungdom, gangs menneskje og då må vi bort frå moteord som er utan innhald, og bruke pengar og ressursar på fleire vaksne inn i skulen. Får læraren tid til kvar elev, kjem læringa etter. Lykke til med ein normal kvardag att, og med å ta med oss vidare det vi tross alt har lært.

(Innlegget har stått på trykk i Dagsavisen)

Annonse
Annonse