Lønn:

Sjøfolk på norskregistrerte skip i utlandet får 3 prosent lønsauke

Meklinga i utanriksoppgjeret for sjøfolk førte fram.

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Partane vart einig innan fristen ved midnatt. Oppgjeret gjeld skip i utanriksfart, registrert i Norsk ordinært skipsregister (NOR). Dermed blir det ikkje streik for sørvisfartøy offshore eller Color Line-ferjene.

Ramma for lønsauke vart 2,8 prosent for tilsette i offshoresørvis og 3 prosent for tilsette på ferjer i utanriksfart og kabelfartøy, melder partane. Dette skal vere minimum 690 kroner på grunnhyra.

– Eg er glad for at vi kom i mål utan nokon konflikt, og eg er nøgd med at vi fekk eit brukbart oppgjer for medlemmene våre i offshorenæringa, med den situasjonen næringa er i, seier forbundsleiar Johnny Hansen i Sjømannsforbundet til eigne nettsider.

– Først og framst vil eg understreke at dette er eit godt oppgjer for begge partar. Sjøfolka har i fleire år vist moderasjon, og det var på tide at vi fekk eit oppgjer som gav medlemmene våre ein reell lønsvekst. Alt i alt kan vi ikkje seie anna enn at vi er nøgde med resultatet, seier Hans Sande, administrerande direktør i Sjøoffisersforbundet.

Etter fem års kamp for å beholde jobben, kunne Color Line-ansatte Kim og Marika endelige feire seieren

Partane er Norges Rederiforbund på arbeidsgivarsida og LO-forbunda Norsk Sjømannsforbund (NSF), Norsk Sjøoffisersforbund (NSOF) og Unio-forbundet Det norske maskinistforbund (DNMF) på arbeidstakarsida. Forbunda har forhandla parallelt.

Brotet i forhandlingane kom i starten av november, men partane har no altså kome til einigheit.

– Vi er godt nøgde med at vi kom til einigheit og unngjekk konflikt, men har strokke oss langt, særleg innan offshoresørvis-segmentet som opplever krevjande marknadar, seiar forhandlingsleiar i Rederiforbundet, Pål Tangen, til eigne nettsider.

Oppgjeret gjeld frå 1. november 2018.

Dette svarte næringsministeren da han ble spurt om regjeringens nederlag i Color Line-saken

Andre endringar:

• Ein får dekka arbeidsreiser innanfor Norge, sjølv om ein byttar bustadadresse etter tilsetting.

• Ein kan søke ei veke uløna permisjon, slik at ein kan ha tre veker samanhengande ferie i løpet av året. Ein kan ikkje påleggast ekstrateneste i denne perioden.

• Ein får permisjon med løn ved alvorleg sjukdom og dødsfall.

Kjelde: Norsk Sjømannsforbund

Powered by Labrador CMS