JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Foodora-syklistar i Sverige:

Endeleg klart: Svenske Foodora-bod har fått tariffavtale

Svenske Foodora-tilsette følger etter Norge og har fått ordna lønns- og arbeidsvilkår.
Norske Foodora-syklistar har inspirert fagforeiningskameratar i både Danmark og Sverige.

Norske Foodora-syklistar har inspirert fagforeiningskameratar i både Danmark og Sverige.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Avtala skal gjelde for nær 2000 Foodora-tilsette bod, frå 1. april 2021. Svenskane følger dermed etter norske Foodora-syklistar som streika seg fram til tariffavtale i 2019.

– Dette er eit banebrytande steg for heile oppdragsøkonomien i Sverige, men også Europa. Det viser at den svenske modellen fungerer, og at også plattformarbeidarar skal regulerast innanfor ramma for tariffavtale-modellen. Det er eit viktig steg for oss som no kjem til å kunne ha våre eigne tillitsvalde på arbeidsplassen, seier forbundsleiar i Svensk Transportarbeidarforbund, Tommy Wreeth, i ei pressemelding.

Ifølge forbundet, inneheld tariffavtala høgare lønnssatsar og tillegg, ein årleg lønnsauke, tillegg for hald av syklar og arbeidsklede, pensjon og forsikringar, rutinar og retningslinjer for korleis partane skal samarbeide.

Les også: Paul og Espen skaffet Foodora tariffavtale. Nå dumper nye selskaper sykkelbud-lønna

Tok si tid

Forhandlingane om tariffavtale har gått føre seg i eitt år. I slutten av januar melde svensk presse at Transport og Foodora var einige, men det viste seg at forbundsstyret sa nei. Dei kravde at bilsjåførane også skulle omfattast av avtala, i tillegg til sykkel- og moped-bod. Det skal forbundet no ha fått gjennomslag for.

Foodora meiner den nye tariffavtala viser at bedrifta er leiande i utviklinga.

– Under dialogen vi har hatt med Svensk Transportarbeidarforbund, har det vore viktig med ei god forståing for behova og tenestene våre, sidan Foodora er ei bedrift som opererer i ein ny bransje, seier konsernsjef Hans Skrivfors i Foodora Sverige.

Fått med deg denne? Rasmus i Danmark fikk tariffavtale etter inspirasjon av Foodora-avtalen

Danmark og Norge

Svenskane følger etter danskane i fagforbundet 3F som nyleg fekk på plass tariffavtale med matleveringstenesta Just Eat. Aller først ute var norske Foodora-syklistar i Fellesforbundet.

– Alle i Foodora-klubben står bak deira kamp og gratulerer med heile vårt hjarte, seier nestleiar Paul Olai-Olssen til Magasinet for fagorganiserte.

Han seier den norske klubben har hatt kontakt med syklistane i Sverige og gitt innspel på bakgrunn av erfaringane i Norge. Olai-Olssen seier klubben kjem til å halde fram kontakten og bygge internasjonalt nettverk.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse