JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Karrierebytte

Flo valde bort livet som fotballproff for å byggje hus

Per-Egil Flo nådde draumen om å bli fotballproff, og spelte mot store stjerner som Buffon, De Rossi og Rooney. Men ifjor valde han å bli snikkar.
Etter 13 sesongar har Per-Egil Flo bytta ut fotballtrøye med tømrarklede.

Etter 13 sesongar har Per-Egil Flo bytta ut fotballtrøye med tømrarklede.

Roy Ervin Solstad

Saken oppsummert

roy@lomedia.no

SOGNDAL: I åssida over fruktbygda Sogndal kjem Per-Egil Flo klatrande ned frå eit hustak.

Der oppe kan stryningen sjå ned på fotballarenaen Fosshaugane som var heimebana hans dei fleste sesongane som fotballspelar, frå starten som 16-åring i 2005.

I fjor haust spela han sin 263. og siste kamp for Sogndal.

Kutta ut fotball

Fotballkarrieren tok han til serie- og cupmeisterskap i Noreg med Molde, og det same for Slavia Praha i Tsjekkia.

So blei det nærare 100 kampar i Sveits, før han i 2021 kom attende til Sogndal.

Noregs VM-helt frå Brasil-kampen i 1998, Tore André Flo, er fetter til Per-Egils far.

Per-Egil fekk 49 u-landslagskampar og fem A-landskampar med flagget på brystet.

Blant A-kampane var med anna ein privatkamp mot England og United-legenda Wayne Rooney på Wembley og ein kvalikkamp på Ullevaal mot Italia og store spelarar som Gianluigi Buffon og Daniele de Rossi.

Lyst på A4-kvardag

De store stjernene Buffon, de Rossi og Rooney driv framleis med fotball. Dei klatrar ikkje på tak som Flo.

– Eg hadde lyst på ein A4-kvardag og fri i helgane, seier han.

Allereie då han spela fotball i utlandet kom tanken på å starte i byggebransjen. Flo ville bli byggingeniør og starta å lese matematikk og fysikk. So kom livet og tok han.

– Då vi fekk barn nummer tre, blei det for travelt med avansert matematikk på kveldane, ler han.

Går alt etter planen, vert det fagbrev på Per-Egil Flo i 2029.

Går alt etter planen, vert det fagbrev på Per-Egil Flo i 2029.

Roy Ervin Solstad

Brutal start i byggebransjen

I Sogndal koste han seg med ulike byggprosjekt på hobbybasis ved sida av fotballen, og då Nordbohus Sogn var på leit etter folk med praktisk kunnskap, passa det som hand i hanske for Flo.

– Det verka som eit artig yrke med fysisk arbeid og rikeleg med frisk luft, so eg fann ut at det måtte eg prøve, smiler stryningen.

At kroppen ikkje var like god som han hadde vore, gjekk utover motivasjonen.

– Eg var meir på treningsstudio enn på treningsfeltet. Det var vondt å spele kampar og vondt å trene. Då var det berre å gje seg, påpeiker han.

I november i fjor spela han sin siste kamp. I januar, snautt to veker før han runda 37, hadde han sin fyrste dag på jobb som hjelpearbeidar i Nordbohus.

– Det var ein brutal start. I fotballen starta vi ikkje før ni eller halv ti. Nå måtte eg opp klokka seks og det var 15–16 kuldegradar, seier han.

Håpar på betre tider

Dei neste 3,5 åra går han i læra fram til han skal ta fagbrev som tømrar. Hovudmålet er framleis å bli byggingeniør, men han trivs godt som lærling og hjelpearbeidar.

– Eg har ikkje angra enno, seier han med eit stort glis.

Sjølv om byggebransjen slit over heile landet, har dei førebels nok å gjere i Norbohus.

– Eg får jo håpe at det kjem eit løft, slik at det blir betre tider i bransjen, seier han.

Han innrømmer at han nok ikkje ville anbefala ein ungdom å gå inn i ein bransje som slit slik byggebransjen gjer no.

– Det kan hende dette ikkje er vegen å gå om ein er ung, men eg er 37 og inga ungdom, ler han.

Byggebransjen slår alarm: – En svært ond spiral

– Aldri kjent på før

Med seg i bagasjen frå eit langt liv i fotballen har han både lagarbeid, struktur, disiplin og ein kropp som er sterk nok til å tole både tunge løft og ikkje heilt optimale stillingar å arbeide i.

Dei avslappande og lange helgane med fri, er det litt verre med.

– Helgekjensla har eg aldri kjent på før, men når helga kjem er eg så ferdig at eg ikkje får gjort så mykje likevel, smiler Per-Egil Flo.

Les meir: Dette er den nye lønna i byggebransjen

Dette er Per-Egil Flo

Alder: 37

Yrke: Hjelpearbeidar i byggebransjen

Aktuell: Den tidlegare fotballproffen tar fagbrev som tømrar

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss