Hertuginne Meghan: – I den gamle jobben min var det ei fagforeining, og dei brukte å beskytte meg

No får hertuginna støtte frå amerikansk LO.

Prins Harry og hertuginne Meghan snakka ut i eit intervju med Oprah søndag.
Prins Harry og hertuginne Meghan snakka ut i eit intervju med Oprah søndag.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Søndag snakka prins Harry og hertuginne Meghan ut i eit mykje omtalt intervju med den amerikanske talkshow-dronninga Oprah Winfrey.

17 millionar sjåarar følgde sendinga på TV natt til måndag norsk tid.

Intervjuet har skapt overskrifter internasjonalt, men mindre omtalt er det at hertuginna snakka varmt om fagforeiningar.

Kronikk: Dette betyr valget av Joe Biden for amerikansk fagbevegelse

Fagforeining

Ho fortel til Winfrey at ho sleit mentalt med den britiske pressedekninga av paret og søkte hjelp hos slottet, ifølge den amerikanske avisa Business Insider.

– Eg gjekk så til personalavdelinga og sa: Eg treng verkeleg hjelp. For i den gamle jobben min var det ei fagforeining, og dei brukte å beskytte meg.

Hertuginna fekk avslag på førespurnaden, med grunngiving om at ho ikkje er ein lønna tilsett på slottet.

LO-støtte

Amerikansk LO seier seg einig med Meghan.

– Hertuginna har rett: Ei fagforeining beskyttar tryggleika, verdigheita og velværet ditt på jobben, seier John Weber i AFL-CIO til Business Insider.

– Alle fortener beskyttelsen ein får med eit medlems-kort i fagforeninga. Og ved å vedta PRO Act, kan kongressen sikra at fleire amerikanarar har fridommen til å ha den makta i lomma kvar dag.

Lovforslaget «Protecting the Right to Organize (PRO) Act» skal gjere det enklare for amerikanarar å organisere seg.

Mye delt: Amazon ruster seg til kamp: Nå skal forsøket på fagorganisering knuses

Få fagorganiserte

I fjor var nærmare 11 prosent av amerikanske lønnsmottakarar med i ei fagforeining, mens organisasjonsgraden er 50 prosent i Norge.

– Vi er framleis her for deg, Meghan. Alle fortener beskyttelsen frå ei fagforening, skreiv fagforeininga til Meghan Markle då ho var skodespelar på amerikansk TV, SAG-AFTRA, på Twitter.

Også her heime har norske LO delt eit bilde på Facebook, laga av det amerikanske lærar-fagforbundet AFT, med sitatet frå hertuginna og ei oppfordring om å melde seg inn i LO.

– Når arbeidsgivaren viser seg å vere hakket meir vrien enn du trudde, er det godt å ha ein fagorganisasjon i ryggen, skriv hovudorganisasjonen.

Mye lest: Selskapet er kjent for elendig behandling av sine ansatte. Nå kommer Amazon til Norden

Powered by Labrador CMS