Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønna til tilsette i hotell- og restaurantbransjen:
Dei kallar lønnstillegga ein vits. Fagforeiningsleiarar er usikre på om medlemmene kjem til å stemme ja eller nei i uravstemminga.
– Det er eit skuffande resultat, seier Børge Ånesen, leiar i Fellesforbundet-avdelinga for hotell, restaurant og reiseliv i sørlege Trøndelag.
– Folk begynner å innsjå at dei jobbar for ein arbeidsgivar som ikkje set pris på dei, seier Djevat Hisenaj, leiar i Fellesforbundet-avdelinga for hotell og restaurant i Hordaland
Resultatet av meklinga som vart ferdig ti timar på overtid laurdag føremiddag, er eit lønnstillegg på 50 øre individuelt og på minstelønna. Eit såkalla garantitillegg på 1,40 kroner sørger også for ein 1,22 kroner auke i minstelønna og 18 øre på kvelds-, natt- og helgetillegga.
– Det er ein vits, er reaksjonen frå Hisenaj.
Les meir om resultatet: Fellesforbundet anbefaler verken ja eller nei i uravstemminga
Ånesen i Trøndelag har vanskeleg for å tru at lønnstillegga gjer at tilsette held på kjøpekrafta, altså får like mykje å rutte med som i fjor.
– Det blir berre større avstand mellom dei som tener dårleg og dei som tener godt, konstaterer han.
Ånesen og Hisenaj meiner dessutan det er vanskeleg å akseptere at NHO Reiseliv i forhandlingane ikkje var villig til å endre den utstrekte bruken av ekstrahjelper. Dette er tilsette som ikkje har garanti for arbeid og blir kalla inn av arbeidsgiveren etter behov.
Begge omtaler i harde ordelag det at arbeidsgivarane på si side ville fjerne forhandlingsretten tillitsvalde har når vaktlistene skal settast opp. Dei ville også fjerne avgrensingar på delte skift der arbeidsdagen ikkje heng saman.
– NHO Reiseliv hadde med seg umusikalske krav inn i oppgjeret. Folk har lite forståing for at arbeidsgivarane held på sånn, meiner Ånesen.
– Dei vil ha tilsette tilgjengeleg 24 timar i døgnet for ein slikk og ingenting, hevdar Hisenaj.
Saka held fram under bildet.
Ånesen trur mange stemmer nei i ei uravstemming der forbundet ikkje gir ei anbefaling om kva medlemmene skal stemme.
– Men eg trur også mange vil halde seg for nesa og stemme ja. Alternativet er konflikt mens ein er i nedbemanning som i Scandic.
– Vi skal mobilisere og informere om oppgjeret, sånn at medlemmene får sagt sitt, forsikrar han.
Fekk du med deg denne? Hotelltilsette må jobbe i 15 år for å tene like mykje som Choice-sjefen
– Personleg meiner eg at vi må sende eit klarsignal om at vi er klare til kamp. Vi kan ikkje ha det sånn at tilsette ikkje har råd til mat på bordet, meiner Hisenaj.
Han understrekar at avdelinga i Hordaland ikkje har tatt stilling til resultatet og at situasjonen ikkje gjer det enkelt å anbefale det eine eller andre.
– Tilsette i bransjen må også organisere seg og gjere seg klar til kamp om eitt og eit halvt år, seier han og viser til neste hovudoppgjer i 2022.
Forhandlingsleiar i NHO Reiseliv, Magne Kristensen, viser til at medlemsbedriftene opplever ein historisk katastrofe med permitteringar, oppseiingar, stengde dører og konkursfrykt.
– I ein sånn situasjon vil kvar ein auke i kostnadene for arbeidsgivar sette ytterlegare arbeidsplassar og bedrifter i fare. Næringa lever i stor grad på statsstøtte og lånte pengar for å redde arbeidsplassar, og det er ikkje rom for større tillegg enn det som følger av ramma frå frontfaget. Arbeidsgivarsida har strekt seg langt for å unngå konflikt i denne krisetida, skriv han i ein epost til Magasinet.
Korona-milliardar til reiselivet: Her er den nye støtteordninga
Kristensen viser til eit partssamansett utval som jobbar med blant anna bruken av ekstrahjelper. Innstillinga skal komme neste sommar.
– Det hadde ikkje vore hensiktsmessig å føregripe dette arbeidet, meiner han.
Når det gjeld kravet om å fjerne forhandlingsretten på vaktlistene, peikar Kristensen på at dette har vore eit krav frå arbeidsgivarsida i fleire tariffoppgjer.
– Hensikta har vore å bringe reglane i samsvar med reglane i arbeidsmiljølova, fordi tariffavtala går lenger enn lova. Vi måtte konstatere at vi ikkje fekk gjennomslag for dette.