Koronakrisa
Reiselivet får fleire korona-milliardar
Korona-støtta til reiselivet får lågare terskel, høgare tak og skal dekke meir av dei faste kostnadene.
Næringsminister Iselin Nybø (V).
Carina Johansen / NTB
tormod@lomedia.no
Regjeringa vil auke korona-støtta til reiselivet med 1,5 milliardar kroner. Til saman skal reiselivet få 2,8 milliardar kroner for perioden september og ut februar.
Berre ei halvanna veke etter at regjeringa la fram forslaget til ei ny kompensasjonsordning for korona-ramma reiselivsbedrifter, blir den altså utvida og forlenga.
Grunnen er dei nye smitteverntiltaka same veke, som legg avgrensingar for reiselivsbedrifter, forklarer næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding fredag.
Les også: Her er den nye korona-støtta til reiselivet
Nye reglar
Ordninga er enno ikkje vedteken av Stortinget. Dette er nytt i forslaget frå regjeringa:
• Ordninga blir for det første forlenga to månader ut februar.
• Kravet for å kunne søke blir 30 prosent fall i omsetnaden, 10 prosent lågare enn først varsla.
• Støttebeløpet skal dekke opptil 60 prosent av faste kostnader, 10 prosent meir enn først varsla.
• Søkarar skal kunne få inntil 20 millionar kroner i månaden. Beløp over denne grensa blir halvert opp til eit tak på 50 millionar kroner.
Formålet med å senke terskelen er at fleire serveringsbedrifter skal bli omfatta, forklarer næringsministeren. Taket blir heva sånn at dei store verksemdene, som hotellkjedene, skal få dekka meir av kostnadene sine.
Regjeringa vil til slutt gi 50 millionar kroner meir til tilskotsordninga for småbedrifter rundt reiselivet for perioden januar og februar.
Tal: Hotell-toppane tener nesten ti gongar så mykje som ein tilsett
Vil ha meir
Arbeidsgivarane er glad for meir pengar, men ber Stortinget heve støtta ytterlegare til å dekke 70 prosent av dei faste kostnadene.
– Reiselivet er sette tilbake til den situasjonen vi hadde i vår. Då må støttenivået tilbake til vårens nivå, seier NHO Reiseliv-sjef Kristin Krohn Devold i ei pressemelding.
Arbeidsgivarforeininga ønsker dessutan eit tak på heile 80 millionar kroner og at ordninga skal vare ut våren 2021 eller lenger.
Urimeleg
Både NHO og LO ville i utgangspunktet ha ei ordning som omfattar alle bedrifter med stort omsetnadsfall, i staden for bedrifter registrert med næringskoder knytt til reiselivet.
– Vi er nøgd med at dei utvidar og forlengar ordninga, men må sjå nærmare på om utvidinga er omfattande nok, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen i ei pressemelding.
Samtidig peikar han på at regjeringa skal kutte dagpengesatsen frå 1. januar.
– Det er ein hårreisande urimelegheit i at vi gir så mykje bistand til bedriftene, mens arbeidstakarar som blir permittert eller heilt ledige må bære heile byrda aleine, seier han.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.