Kompensasjonsordning for reiselivsbedrifter:
Regjeringa vil gi 1,3 korona-milliardar til reiselivet. Her er den nye støtteordninga
Korona-ramma reiselivsbedrifter skal få dekt inntil halvparten av dei faste kostnadene ut året. NHO og LO ønsker seg meir.
KORONASTØTTE: Næringsminister Iselin Nybø (V) og partane i arbeidslivet la tysdag fram nye støtteordningar for korona-ramma bedrifter.
NFD / Øyvinn Myge
tormod@lomedia.no
– Målet vårt er å hindre at elles levedyktige reiselivsbedrifter går konkurs, det er å trygge arbeidsplassar og gi næringa tid og rom til å tilpasse seg situasjonen, sa næringsminister Iselin Nybø (Venstre) på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.
Saman med LO, NHO, Virke og SMB Norge la ho fram forslaget til to nye statlege støtteordningar for reiselivsbedrifter som er hardt ramma av koronapandemien og smitteverntiltak.
– Etter godt samarbeid med partane, estimerer vi at desse to ordningane vil komme på i overkant av 1,4 milliardar kroner, sa Nybø.
Tall: Hotell-toppane tener nesten ti gongar så mykje som ein tilsett
Meir pengar
Det er 350 millionar kroner meir enn regjeringa opphavleg foreslo. 1,3 milliardar kroner går til kompensasjonsordninga for reiselivsbedrifter, mens 100 millionar går til ei tilskotsordning for småbedrifter rundt reiselivet.
Regjeringa varsla for ein månad sidan sidan at dei skulle komme med ei kompensasjonsordning for reiselivsbedrifter, etter at ordninga for alle bedrifter vart avvikla frå 1. september. Dei ønskte at terskelen for å få støtte skulle bli høgare for å målrette ordninga, i tillegg til at støttebeløpet skulle bli mindre.
Resultatet er at terskelen aukar til eit krav om minst 40 prosent fall i omsetnaden, samanlikna med minst 30 prosent i august, mens støttebeløpet framleis skal dekke halvparten av dei faste kostnadene justert for omsetnadsfallet.
Sjå alle reglane nedst i saka.
Kan forlenge ordninga inn i 2021
NHO Reiseliv-sjef Kristin Krohn Devold sa at NHO opphavleg ønskte ei ordning for alle bransjar med stort omsetnadsfall. I tillegg ønskte dei at staten skulle dekke 70 prosent sånn som i juni og juli.
– Likevel er vi glad for at 50 prosent av dei faste kostnadene gir ei reell deling i spleiselaget mellom bedriftene og regjeringa, og at regjeringa har bevegd seg eit godt stykke frå dei 30 prosentane som låg på bordet først. No håpar vi ordninga kan redde så mange levedyktige reiselivsbedrifter som mogleg, og vi understrekar allereie i dag at det kan bli mogleg å forlenge ordninga inn i 2021, sa Devold.
– Stortinget skal vedta ordninga endeleg. Stortinget og regjeringa har som oftast lukkast i å bli einige også når det gjeld å forbetre ordningane ytterlegare, påpeika ho.
NHO Reiseliv: For lite koronastøtte til reiselivet neste år
Åtvarar om blindsone
Også LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen takka for samarbeidet, sjølv om han i likskap med arbeidsgivarane ønskte seg meir:
– Eg vil uttrykke ei bekymring om at omfanget av bedrifter som blir ramma og støttebeløpet dei treng, truleg er større enn det vi no legg opp til. Vi har bevegd støttebeløpet i riktig retning. Det er bra, men om vi ser ei utvikling i enda meir negativ retning må ein raskt snu seg rundt og komme tilbake med ei styrking eller utviding av ordninga, oppfordra han.
Både Gabrielsen og arbeidsgivarane åtvara mot blindsona i kompensasjonsordninga som har ført til ei eiga ordning for bedriftene rundt reiselivet:
– Ordninga må vere romsleg i kven som får støtte og såpass stor at pengane strekker til alle. Butikken på Flå eller butikkane på Gardermoen er kanskje ikkje næringskoda direkte inn mot reiselivet, men alle skjøner at desse blir ramma når reiselivet blir ramma, sa LO-leiaren.
Sjekk lista: Laurdag kan det bli hotellstreik
Bruk restaurantar og hotell
Næringsministeren nytta elles høvet til å komme med ei oppfordring til befolkninga:
– I sommar vart mange av reiselivsbedriftene våre redda av nordmenn som ferierte i vårt flotte land. Det er ikkje sånn at vi kan ta ut fem veker ekstra på hausten og vinteren. Eg vil likevel legge til ei oppfordring om å bruke restaurantar og hotell. Det er viktig for å halde aktivitet i ei pressa næring. Og så er det også viktig å kose seg av og til, slo ho fast.
Kompensasjonsordning for reiselivet
Ordninga bygger på den mellombelse tilskotsordninga for bedrifter med stort omsetnadsfall, som vart avvikla frå 1. september.
Den skal omfatte bedrifter registrert med næringskode for overnattingsbransjen; serveringsbransjen; formidlingsbransjen; event-, messe- og konferansearrangørane; passasjertransport med buss/rutebil og båt; groundhandling og bakketenester; museum; alpinanlegg, fornøyelses- og opplevingsparkar; reiselivsrelatert utleige av bilar og sports- og fritidsutstyr.
Søkarane må kunne stadfeste at hovuddelen av inntekta kjem frå reiselivsrelatert verksemd. Bedrifta må ha eit fall i omsetnad på minst 40 prosent samanlikna med same periode i 2019. Dei får dekt halvparten av dei faste kostnadene justert for omsetnadsfallet. Støttebeløpet er avgrensa til 10 millionar kroner i månaden per føretak eller konsern.
Ordninga gjeld for perioden 1. september til 31. desember. Bedriftene skal kunne søke i januar 2021, og støtta blir utbetalt som eit eingongsbeløp. Brønnøysundregistra skal administrere ordninga, og søknadene skal leverast gjennom Altinn. Næringsministeren varsla også eit krav om at alle søknader skal stadfestast av revisor eller autorisert rekneskapsførar, noko som skal fungere som ein kontrollmekanisme. Kostnaden skal bli delvis refundert.
Småbedrifter rundt reiselivet
I tillegg foreslår regjeringa ei søknadsbasert tilskotsordning for småbedrifter rundt reiselivet, som ikkje er inkludert i kompensasjonsordninga. Søkarane må kunne dokumentere at 80 prosent av inntekta var knytt til reiselivsverksemd i 2019. Dei må ha eit omsetnadsfall på minst 50 prosent og får dekt inntil halvparten av dei faste kostnadene avhengig av kor mange som søker. Innovasjon Norge skal administrere ordninga.
Kjelde: Regjeringa.no og næringsministeren under pressekonferansen 20. oktober
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Flere saker