JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Statsbudsjettet 2021:

For lite koronastøtte til reiselivet neste år, meiner NHO Reiseliv

Regjeringa set av 680 millionar korona-kroner til reiselivet i 2021.
MÅ HA HJELP: Så lenge smitteverntiltaka og reiserestriksjonane varer, må reiselivet ha hjelp. Det meiner NHO Reiseliv-sjef Kristin Krohn Devold.

MÅ HA HJELP: Så lenge smitteverntiltaka og reiserestriksjonane varer, må reiselivet ha hjelp. Det meiner NHO Reiseliv-sjef Kristin Krohn Devold.

Terje Pedersen / NTB

tormod@lomedia.no

– Finansministeren seier det viktigaste målet er å sikre arbeidsplassar. Det klarer han ikkje utan å redde reiselivsnæringa gjennom koronakrisa, og då må sterkare lut til, uttaler Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram onsdag, foreslår regjeringa å sette av 680 millionar kroner til ekstraordinære tiltak retta mot reiselivsnæringa knytt til covid-19. Regjeringa skriv at dei vil komme tilbake med konkretisering av tiltak. Dei vil også vurdere behovet for å legge meir pengar på bordet seinare.

Kompensasjonsordning

Reiselivsbedrifter fekk utbetalt rundt 1,6 milliardar i koronastøtte for mars og ut august. I tillegg anslår regjeringa at den nye kompensasjonsordninga for reiselivsbedrifter ut året, kjem til å koste 1 milliard kroner.

– Regjeringa anslår sjølv at koronakrisa vil vare til over sommaren 2021. Då er det overraskande at kompensasjonsordninga ikkje vidareførast på tilnærma same nivå i statsbudsjettet for neste år. Så lenge pandemien varer og smittetalet aukar, vi har stengde grenser og myndigheitene har pålagt bransjen restriksjonar, må reiselivet ha hjelp til å overleve, meiner NHO Reiseliv-sjefen.

Les også: Flere vil miste jobben – også i bedrifter som går godt, advarer Virke

Ikkje på plass

Kompensasjonsordninga for bedrifter med stort fall i omsetnad, vart avvikla frå 1. september. Seinare same månad foreslo regjeringa så ei eiga støtteordning for reiselivsbedriftene som har blitt hardt ramma av smitteverntiltak og reiserestriksjonar. Den skal gjelde frå september og ut året, men er enno ikkje på plass.

– Bransjen har venta to månader på ny ordning. Avsette beløp for hausten er nærmare halvert frå første krise-halvår. Samtidig forverrast situasjonen for reiselivsbedriftene for kvar månad som går, uttaler Devold.

NHO Reiseliv meiner elles at den lågare momssatsen på 6 prosent bør vidareførast neste år. Devold etterlyser også kutt i formues- og eigedomsskatten, men er glad for auken i skattefrie gåver. Det håpar ho fører til at arbeidsgivarar kjøper gåvekort til tilsette, på restaurant- og hotellbesøk.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse