– Det er ein svært dårleg reklame for å få unge menneske ut i jobb, seier tillitsvalt.
Tormod Ytrehus
Tilsette rasar mot McDonald's-reklame: – Her føler eg dei bommar veldig
«Søk stress», heiter det i ein omdiskutert rekrutterings-kampanje frå hurtigmatkjeda.
tormod@lomedia.no
Ei rekrutterings-kampanje frå hurtigmatkjeda McDonald's har fått fleire til å stegle. På reklameplakatane som mange har observert i bybildet, står det:
• «Å jobbe på McDonald's er så stress at du faktisk lærer deg å mestre det».
• «Det eneste som er mer stress enn å jobbe på McDonald's er å prøve å finne en sykt chill jobb».
• «Søk jobben 7 av 10 ikke vil ha».
Alle blir avslutta med: «Søk stress. Så lærer vi deg å mestre det».
Bare jeg som synes det er ganske dystopisk at stress blir solgt som et gode? pic.twitter.com/R0johpMbOz
— two-dimensional man (@tyb_garbage) February 13, 2023
McDonald's-tilsette: – Provosert
– Eg blir litt provosert, seier skiftleiar og tillitsvalt André Kamau (21) på McDonald's Arken i Bergen.
Restauranten fekk på plass tariffavtale med Fellesforbundet i 2021, etter ein periode med underbemanning og knallhardt arbeidspress dokumentert av Arbeidstilsynet.
Etter eit skifte i leiinga begynte ting å gå skeis igjen i haust, fortel Kamau.
– Det å kalle McDonald's for stressmeistring, er som å seie at ein lærer nokon å svømme ved å kaste dei på djupt vatn.
Han fortel om gråtande tilsette under hektiske vakter, truande kundar når maten ikkje kjem i tide og tilsette som blir igjen på jobb etter arbeidstid for å hjelpe til.
– Det er ikkje den typen stress ein vil ha, meiner Kamau.
Han seier mykje av stresset kjem frå leiinga. Han seier dei pressar på for at tilsette skal prestere betre og levere mat kjappare, samtidig som dei kuttar bemanning og alt dei kan spare pengar på.
– Det er ganske lett å utnytte ungdommar når det er første jobben og dei ikkje kjenner rettane sine, poengterer han.
Tillitsvalt André Kamau på McDonald's Arken i Bergen
Privat
Heller ikkje ein annan McDonald's-tilsett vi har snakka med har sansen for rekrutterings-kampanjen.
– Det er ein svært dårleg reklame for å få unge menneske ut i jobb.
– Samfunnet er allereie så stressande at eg trur ingen ungdom vil utsette seg for meir stress ved å søke på jobb hos McDonald's. Så her føler eg dei bommar veldig.
Les også: Maria (24) reiser Norge rundt for å gi ungdom hjelpen hun aldri fikk
Fellesforbundet: Tar ikkje rolla si som arbeidsgivar for unge seriøst
McDonald's er ifølge selskapet ein av Norges største arbeidsgivarar blant unge, ein av Norges største restaurantkjeder og har over 5.000 tilsette.
Ungdomssekretær Joakim Hagen i Fellesforbundet reagerer sterkt på at unge som kanskje har sitt første møte med arbeidslivet, blir møtt med «søk stress» som om det er noko positivt.
– Stress er ikkje positivt, seier han.
Stress kan føre med seg feil og gå ut over helsa både fysisk og psykisk, påpeikar han. Dei fleste arbeidsgivarar han snakkar med, jobbar med å forhindre stress.
Rekrutterings-kampanjen er uprofesjonell, og McDonald's tar ikkje rolla si som arbeidsgivar for unge seriøst, meiner Hagen og ungdomsutvalet i Fellesforbundet.
McDonald's bør heller lytte til dei tilsette og finne ut kva dei kan gjere for å halde på tilsette og gjere arbeidskvardagen deira betre, meiner han.
Undomssekretær Joakim Hagen i Fellesforbundet.
Håvard Sæbø
McDonald's kjenner seg ikkje igjen
McDonald's Norge har jobba mykje med restaurantane i Bergen etter rapporten frå Arbeidstilsynet i 2021, fortel kommunikasjonssjef Kristina Johansen, og alle punkta i rapporten er gjort noko med.
Ho tilbakeviser skildringa frå tillitsvalt Kamau om forholda på restauranten i Åsane.
Ho seier at selskapet har hatt sluttsamtalar med alle som har slutta på McDonald's Arken, og at dei som har slutta ikkje har hatt desse tilbakemeldingane. Ho seier at restauranten har 17 prosent høgare bemanning enn andre restaurantar, at skiftleiarar har frie tøyler til å hente inn folk ved behov og at restauranten er overbemanna i helgene. Og ho seier at medarbeidarsamtaler viser at folk trivest på jobb.
– Men vi er bevisste på at det kan bli betre, og det er ein kontinuerleg oppgåve, legg ho til.
Handlar om stressmeistring
Om rekrutteringskampanjen seier ho:
– Vi er først og fremst opptatt av å få fram stressmeistringa.
Ho viser til at det er forskjell på positivt stress der du skal vere skjerpa og prestere, og negativt stress.
Ei undersøking blant tilsette viser at åtte av ti tilsette opplever stressmeistring på McDonald's, forklarer ho.
Kommunikasjonssjefen seier stressmeistring er noko selskapet har jobba mykje med, og noko dei arrangerte ein stor konferanse om førre veke – der Fellesforbundet ikkje svarte på invitasjonen.
Sissel M. Rasmussen
– Vi er einig med Fellesforbundet i at det viktigaste er eit godt og trygt arbeidsmiljø for unge. Det handlar om god opplæring og oppfølging sånn at det ikkje blir negativt stress på jobb. For det kan vere hektisk å jobbe på McDonald's.
Ho seier turnoveren, delen tilsette som sluttar, er 15 prosent – noko ho seier er lågt i bransjen.
– Men har dokker ikkje bomma når så mange opplever kampanjen som provoserande?
– Vi skjøner at den er dristig og at vi set ting på spissen. Men vi opplever at vi får veldig bra respons frå folk som har jobba og jobbar innanfor servicebransjen. Og det er bra at kampanjen skaper debatt om korleis vi tar imot unge menneske inn i arbeidslivet.
Mest lest
Arne Birkemo
Avdekket mareritt på Stavanger-restaurant: – Det verste jeg har sett
Tormod Ytrehus
Lønnsoppgjøret 2023 er i gang: Dette krever LO
– Årets lønnsforhandlinger blir vanskelige, tror LO-lederen.
Leif Martin Kirknes
LO forbereder storstreik: Dette kravet må innfris
Det mangler 100 milliarder kroner for å oppfylle langtidsplanen for Forsvaret, ifølge en fersk rapport fra Forsvarets forskningsinstitutt.
Forsvaret
Forsvaret tapte mot ansatte. Nå skylder de store summer
Herman Bjørnson Hagen
Strømprisen kan bestemmes av staten, mener EØS-ekspert
Leif Martin Kirknes
May-Iren føler seg latterliggjort av ansatt i eget forbund
Frøydis Falch Urbye
Skal du jobbe i påska? Her er rettighetene dine
Det britiske oljeserviceselskapet truer de ansatte med sparken om de streiker for å få tariffavtale. De jobber på et fartøy som gjør arbeid helt sør på Ekofisk-feltet på norsk sokkel.
ARKIVFOTO: ConocoPhillips Company
Oljearbeidere trues med sparken hvis de streiker: – Et gufs fra fortiden
– De færreste går i butikker på påskeaften. De fleste har fri og drar bort. Påskeaften har aldri vært en god salgsdag, sier Nina Hjartøy (t.h.). Henriette Stray Juuhl er enig med kollegaen.
Eivind Senneset
Nina og Henriette kjempet fram fri på påskeaften: – Ledelsen måtte lese seg opp
Jan-Erik Østlie
LO-lederen om regjeringens au pair-nyhet: – En stor seier
Nyvalgt forbundsleder i EL og IT, Geir Ove Kulseth (til venstre), møtte Alf-Tore Albrigsten i Bergen torsdag i forbindelse med vinterkonferansen til Fornybar Norge, arbeidsgiverforeningen der også Helgeland Kraft er medlem. Forbundet stiller seg hundre prosent bak Albrigtsen.
Ole Hagen
Hovedtillitsvalgt Alf-Tore ble oppsagt. Nå har han hele forbundet i ryggen
Striden rundt tips mellom tilsette og arbeidsgivarar, Fellesforbundet og NHO Reiseliv, har vore lang og vond.
Tormod Ytrehus
Kan arbeidsgivar forsyne seg av tipsen? No skal saka opp i Høgsterett
Raudt-politikarane Mímir Kristjánsson på Stortinget og Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.
Tormod Ytrehus
Raudt truar med å ta frå Olivia-restaurantane skjenkebevillinga
LO bidrar til å spre jødehat, mener Torkel Brekke, professor ved OsloMet. – Nei, det gjør vi slett ikke, svarer Liv Tørres, leder av LOs internasjonale avdeling.
CF-Wesenberg/kolonihaven.no og Sissel M. Rasmussen
Professor mener LOs Israel-boikott sprer hat mot jøder
Henrikke Tresselt (49), barnepleier på Rikshospitalet.
Jan-Erik Østlie
Henrikke vil bli sykepleier, men 22 års erfaring teller ikke
Personer med flere arbeidsforhold som har søkt om sykepenger, kan ha fått feilaktig avslag, opplyser Nav selv.
Hanna Skotheim
Nav ber folk om å ta kontakt etter feil om sykepenger
– Den som smiler sist, har vunnet. Så vi vil smile sist, sa streikeleder Thomas Vaughn (nummer tre fra høyre) i sin appell.
Roy Ervin Solstad
Lagerarbeiderne streiker for et lønnshopp på 100.000 kroner. Slik vil de ramme bedriften mer
Brian Cliff Olguin
Fagforeningsleder Ole-Jacob mener han har trampa inn i en 30 år gammel konflikt
Partileder Jonas Gahr Støre før sin landsmøtetale i 2021. (Arkiv).
Ole Berg-Rusten / POOL / NTB
Kan bli trygdeoppgjør i Arbeiderpartiet
LABBEN: I godt over 18 år har Røhmesmo jobbet på labben i bedriften. Det har gjort at han sluttet med skiftarbeid - et arbeid som ofte henger sammen med helseplager og tidlig avgang.
Petter Pettersen