JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Uber-sjåførens desperate melding: – Eg er i ferd med å bli heimlaus for tredje gong sidan mai

Den amerikanske Uber-sjåføren gav ei klar melding til kundane. No har millionar sett den på TikTok og Twitter.

Skjermdump

tormod@lomedia.no

I desperasjon og gråt fortalde den amerikanske Uber-sjåføren Riley Todd om kvardagen som lausarbeidar for app-selskapet. 2,2 millionar har sett videoen på TikTok der den vart publisert førre veke, og 3,7 millionar har sett videoen på Twitter.

Der seier han:

– Eg kunne ønske dei som bestilte Uber Eats eller DoorDash forstod korleis det er å vere ein bodsjåfør. Eg brukte akkurat 45 minutt på ei levering og måtte bruke tre dollar på å levere mat til ein person, fordi det ikkje var gratis parkering i nærleiken av bygningen, og dei nekta å komme ut og møte meg. Dei gav meg 1,50 dollar i tips, og Uber betalte meg 2,50 dollar.

Siste nytt: Uber-sjåførar er tilsette og ikkje sjølvstendig næringsdrivande, slår britisk høgsterett fast

Han held fram:

– Eg må bevise at eg tener tre gongar husleiga om to veker, og eg kan ikkje. Og det gjer ingen forskjell om eg jobbar fleire jobbar, at eg ikkje søv og så vidt har råd til å kjøpe mat. Eg er i ferd med å bli heimlaus for tredje gong sidan mai, og det er fordi folk ikkje gir tips til bodsjåførane.

Innlegget gjekk såkalla viralt på TikTok og Twitter. Kort tid seinare la han ut fleire videoar der han lukkeleg fortalde at han hadde fått tusenvis av dollar i donasjonar, og så mykje pengar at han kunne flytte inn i ein ny bustad, betale rekningar og gi pengar til andre i nød.

I kommentarfeltet meinte fleire at at app-selskapa som gir sjåførane så lite i lønn, fortener kritikken framfor kundar som gir lite i tips.

Fekk du med deg denne frå USA? Uber & Co. satsa milliardar på å knuse arbeidstakarane sine rettar – og vann

I ein seinare video, korrigerer han:

– Det er ikkje berre dei som ikkje gir tips sin feil. Det er absolutt feilen til selskap som DoorDash og Uber som ikkje betaler sjåførane sine mykje, som tar ekstreme leveringsavgifter og berre betaler sjåføren to dollar, forklarer han.

– Vi tener vanlegvis minstelønn eller mindre fordi kundar er forventa å tipse, og det er noko som må endrast, seier han.

@livefreestudios

Delivery apps won’t pay their drivers more until you make them ##ubereatsdriver ##raiseminimumwage ##tipyourdriver ##tiktokchangedmylife ##fyp ##grateful

♬ original sound - Riley Elliot

tiktok uber-sjaafoer 2

Uber-sjåfør Todd har også oppretta ei innsamlingskampanje for bodbil-sjåførar, der han skriv:

– Matleverings-sjåførar er ute og risikerer liva sine i denne globale pandemien, for å levere mat og varer til folk, og blir utnytta av selskap som Uber Eats og DoorDash. Dei jobbar for kriminelt låge satsar som oppdragstakarar. Dei får ikkje helseforsikring for å beskytte dei om dei får koronavirus.

– Desse oppdragsøkonomi-appane tar astronomiske avgifter frå både kundar og restaurantar, som i blant gjer at restaurantane går i tap. Og sjåførane får berre nokre dollar for tid, innsats og slitasje på bilen.

– Dette er store systematiske problem som må løysast, men i mellomtida er sjåførane avhengig av tips frå kundane for å overleve. Å ikkje få tips kan nokre gongar føre til økonomisk tap for sjåføren, etter drivstoff og vedlikehald av bilen.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse