JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

NTL Ung girar opp mot kongress og stortingsval

Sahar Azari er gjenvalgt som leiar for NTL Ung og Eirik Owren Holt er valgt til ny nestleiar. Faste stillinger, varig vern i Lofoten og omgjering av halve studielånet til stipend er stikkord når ungdomsorganisasjonen gjer seg klar for LO-kongress og Stortingsval.
NTL Ungs nye styre, blant anna med Sahar Azari og Eirik Owren Holt

NTL Ungs nye styre, blant anna med Sahar Azari og Eirik Owren Holt

NTL

oystein.windstad@lomedia.no

NTL Ung har vedtatt blant anna varig vern mot oljeboring i Lofoten på sin konferanse. I tillegg har dei valgt eit nytt styre på ni medlemmar. Sahar Azari har leia organisasjonen sidan oppstarten i 2015 og held fram ved roret:

– Det er veldig hyggelig å få tilliten ei periode til. Eg gledar meg til å få eit nytt år med ny nestleiar.

– Korleis vil ein merke NTL Ung i året som kjem?

– Det kjem ein LO-kongress der vi har mange saker vi har spela inn og foreslått mykje ny politikk som vi vil få gjennomslag for. Vi skal få gjennomslag på pensjon, midlertidighet og sjølvsagt mykje studentpolitikk, fortel Azari.

• NTL Ung-leiaren blei nekta å leige bolig fordi ho heiter Sahar

• NTL Ung vil ha skatt på bolig nummer to for å hjelpe unge

Jurist frå Bergen

Eirik Owren Holt som jobbar i UDI, og kjem frå NTL Sentralforvaltningen, blei valgt til ny nestleiar og tek over for Stian Juell Sandvik. 26-åringen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Han har vore ungdomsstillitsvalgt i eit år i UDI før han no blir frikjøpt og skal jobbe fulltid som nestleiar.

– Eg er set pris på tilliten og ser fram til å starte opp dette vervet med eit så tydelig og klart mandat. Eg er veldig nøgd med å bli valgt

– Kva ønskar du å bidra med til NTL Ung?

– Vi skal vi fortsette å bygge denne organisasjonen og bli ein tydeleg stemme for unge, må vi ha fleire medlemsmøter og NTL Ung må synleggjere seg i dei forskjellege landsorganisasjonane ned på verksemdnivå. Vi må reise meir rundt å gjere unge i stand til å ha medlemsmøter og ha meir aktivitet lokalt.

– Kva engasjerer deg?

– Det er faste stillinger og trygt arbeidsvern i staten. Det er studentvelferd og ein aktiv næringspolitikk frå staten si side som eg håpar vi i fagforeninga kan hjelpe til å få på plass.

Eirik Owren Holt, ny nestleder i NTL Ung.

Eirik Owren Holt, ny nestleder i NTL Ung.

NTL

Vil kutte halve studielånet

Styret i NTL Ung består av ni medlemmar der tre av dei er studentar. Owren Holt var instilt til nestleiarvervet av valkommiteen. Det kom benkeforslag på Rikke W. Bergseth som nestleiar. Owren Holt fekk 40 stemmer og Bergseth fekk 15 stemmer.

NTL Ung gjorde fleire vedtak som vil bli teke godt i mot av studentar. Blant anna gjekk dei inn for at det skal byggast 4000 studentboliger i året, at halvparten av studielånet skal bli gjort om til stipend. Dei vil også ha ei politisk styrt låg rente på studielånet. Då Hadia Tajik holdt innlegg til NTL Ung konferansen signaliserte ho at ei Ap-leda regjering bør greie å bygge 3000 studentboligar i året.

LES OGSÅ: NTL Ung gjev løna til flyktninger

LES OGSÅ: NTL Ung kjempar for faste stillinger

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse