JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønn

Ny lønnstillegg-rekord i hotellkjedene: Scandic-tilsette får 1 krone meir i timen

Før har dei fått 15 øre. Årets lokale forhandlingar i Scandic-kjeden er dermed eit stort skritt i riktig retning, meiner tillitsvald.
Frustrasjonen over manglande lokale lønnstillegg har vore stor blant medlemmer og tillitsvalde i hotell- og restaurantbransjen.

Frustrasjonen over manglande lokale lønnstillegg har vore stor blant medlemmer og tillitsvalde i hotell- og restaurantbransjen.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Etter eit par veker vart årets lokale lønnsforhandlingar i Scandic-kjeden avslutta fredag.

Resultatet er 1 krone meir per time med verknad frå 1. juli 2021, til alle Scandic-tilsette omfatta av Riksavtala. Og det kjem altså oppå dei sentrale lønnstillegga på 3,25 kroner per time med verknad frå 1. april i år.

1 krone er det største lønnstillegget som har blitt gitt lokalt i dei store hotellkjedene. 

Mye lest: Hva er minstelønna i Norge? Her er oversikten

– Skritt i riktig retning

– Det er ikkje fantastisk mykje pengar, men det utgjer for ein gongs skuld ein forskjell. Dette er eit veldig stort skritt i riktig retning, meiner tillitsvald Knut Fredrik Firing.

Han har representert Fellesforbundet-medlemmene i dei lokale forhandlingane i Scandic, saman med tillitsvalde Karen Leirvåg og Øivind Klingenberg Bremnes.

– Eg trur Scandic-leiinga ser verdien av å ta lokale lønnsforhandlingar på alvor, sånn at ordninga ikkje skal vere under press, seier Firing til Magasinet for fagorganiserte.

Stor frustrasjon

Etter at Fellesforbundet-medlemmene i 2016 streika for retten til lokale forhandlingar i hotell- og restaurantbransjen, har resultatet vore null eller ubetydelege lønnstillegg i dei store kjedene. Frustrasjonen har vore stor blant medlemmer og tillitsvalde, også etter at eit nyleg søksmål i Arbeidsretten ikkje førte fram.

Førre og første gong Scandic-tilsette fekk lønnstillegg lokalt, i 2018, var resultatet 15 øre meir per time.

Mye delt: Hva er en vanlig lønn i Norge? Dette sier tallene

– Set pris på tilsette

HR-direktør Elin Ekrol meiner samarbeidet under årets lokale forhandlingar har vore godt.

«Det siste året har vært en svært tøff periode for bransjen og våre ansatte, og det er viktig for oss å vise at vi setter pris på dem. Vi ser den krevende situasjonen de har stått i, og den fantastiske innsatsen de har lagt ned», skriv HR-direktør Elin Ekrol i ein SMS til Magasinet.

«Resultatet av årets lokale lønnsforhandlinger viser også at vi ønsker å sikre økt rekruttering gjennom en styrket satsing på lærlinger i Scandic», legg direktøren til. (Sjå faktaboks under.)

Fått med deg denne? Dette er snittlønna i over 350 yrker

Lokale forhandlingar i Scandic

Forutan lønnstillegget på 1 krone per time for alle Scandic-tilsette omfatta av Riksavtala (tillegget blir gitt med verknad frå 1. juli, ifølge overeinskomsten, og blir etterbetalt), er dette resultatet av dei lokale forhandlingane:

Dei tillitsvalde i Fellesforbundet fekk ikkje gjennomslag for kravet om 2 kroner i lønnstillegg, 6 kroner meir i helge- og nattillegg og 3 kroner meir i kveldstillegg.

Dei fekk heller ikkje gjennomslag for éin time lønna trening i veka for heiltidstilsette og éin time annakvar veke for tilsette med stillingsprosent over 50 prosent.

Scandic gjekk derimot med på at tilsette kan bruke treningslokale på eige hotell, så lenge ein ikkje fortrenger eller forstyrrar gjestar. Praksis skal avtalast lokalt.

Bedrifta skal gi lærlingar i Scandic ei eingongsutbetaling på 25.000 kroner dersom dei fullfører læretida, består fagprøva og blir fast tilsett. Ordninga skal gjelde frå 1. januar 2022.

Scandic skal også lage eit kantinekonsept for berekraftig og sunn personalmat, som også skal gjelde frå 1. januar 2022.

Kjelde: Protokollen frå lønnsforhandlingar mellom Scandic Hotels AS og Fellesforbundet

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse