JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Riksavtalen:

Hotell- og restaurant-arbeidarar tapte lønnskamp i Arbeidsretten: – Veldig skuffa

Arbeidsgivarane treng ikkje å gi alle tilsette lønn over minstelønna så lenge nokon får meir, slår Arbeidsretten fast.
TRIST: Inger Kristin Byberg i SSP er skuffa over dommen i Arbeidsretten, og at tilsette som har jobba i bransjen i tjue år ikkje skal ha krav på meir enn minstelønn

TRIST: Inger Kristin Byberg i SSP er skuffa over dommen i Arbeidsretten, og at tilsette som har jobba i bransjen i tjue år ikkje skal ha krav på meir enn minstelønn

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

– Dette er veldig trist. Eg er veldig skuffa, seier Inger Kristin Byberg som er konserntillitsvald i Select Service Partner (SSP), og jobbar i avdelinga på Stavanger Lufthamn.

Dommen kom onsdag. LO og Fellesforbundet hadde saksøkt NHO, NHO Reiseliv, SSP og Compass Group (tidlegare Eurest) for manglande lokale lønnstillegg.

– Vi får klar beskjed om at vi ikkje er så mykje verd, meiner Byberg.

Arbeidsretten er delt, men fleirtalet på fem mot to dommarar frifinn arbeidsgivarane på alle punkt.

Fra rettssaken: Hva betyr det at ansatte SKAL tjene mer enn minstelønn? Nå skal saken avgjøres i retten

Stor frustrasjon

Arbeidsgivarar som har gitt null eller nokre øre i lokale lønnsforhandlingar har skapt stor frustrasjon blant tilsette og tillitsvalde i låglønnsbransjen dei siste fem åra.

Etter ein langvarig streik i 2016, fekk Fellesforbundet gjennomslag for å innføre krav om «reelle lokale forhandlingar» i overeinskomsten (Riksavtala).

Tidlegare hadde avtala blitt praktisert som ei såkalla normallønnsavtale, der om lag 70 prosent av tilsette omfatta av Riksavtala fekk lønn etter minstelønnssatsane.

No skulle Riksavtala bli ei reell minstelønnsavtale med lokale lønnsforhandlingar.

Oversikt: Kim Tomas har en av Norges dårligst betalte jobber

Null, null, null

Resultatet vart derimot null eller nokre øre i dei store kjedene. I Compass Group, som driv kantiner, fekk dei tilsette null i 2017, 2018 og 2019. I SSP, som driv utsal på flyplassar og jernbanestasjonar, fekk dei tilsette null i dei første lokale forhandlingane i 2019.

Hovudspørsmålet i retten var kva det betyr i Riksavtala at «[a]rbeidstakere skal etter kompetanse, dyktighet, praksis, ansvar og jobbinnhold avlønnes ut over minstelønnssatsene».

LO hevda det betyr at alle tilsette skal ha lønn over minstelønna etter første lønnsoppgjer i bedrifta, og at lønnstillegga ikkje kan vere så små at dei er ubetydelege.

Dermed påstod dei også at SSP og Compass Group har brote reglane i overeinskomsten gjennom å halde tilsette på minstelønn, og ikkje gi lokale lønnstillegg.

42 prosent av dei omtrent 1.000 Compass Group-tilsette i 2019 fekk berre minstelønn, mens delen var heile 69 prosent av dei nærmare 1.200 tilsette i SSP.

Les meir: Utbyttefest for hotellkongane, nulloppgjer for tilsette

Ikkje tariffstridig

Fleirtalet i Arbeidsretten meiner derimot at Riksavtala ikkje slår fast at alle tilsette skal ha lønn over minstelønnssatsane.

«Etter flertallets vurdering er det ingen holdepunkter for at partene i 2016 forutsatte en generell plikt til fra første stund å innvilge lokale tillegg slik at alle ansatte lå over minstelønnssatsene», heiter det i dommen.

Og om minstelønnsavtaler, skriv fleirtalet etter å ha gjennomgått rettspraksisen:

«Tariffplikten vil være oppfylt såfremt noen arbeidstakere lønnes over satsene.»

NHO i Arbeidsretten: – LO ser ut til å mene at alle og enhver skal lønnes over minstelønn frå dag én

Må legge ny plan

– Eg synest det er veldig rart at folk som har jobba i bransjen i tjue år ikkje har dyktigheit, kompetanse og erfaring som skal lønnast over minstelønn, for dei er det mange av, seier tillitsvald Inger Kristin Byberg i SSP.

– Men vi gir oss ikkje. Vi får brette opp erma, og starte arbeidet med å finne løysingar sånn at vi får dei lokale forhandlingane til å fungere. Og vi ventar ikkje to år til neste hovudoppgjer. Vi må gjere noko med dette til våren, meiner ho.

Også i forbundsleiinga er skuffinga stor.

– Vi er sjølvsagt frykteleg skuffa, må bruke tid til å lese dommen og tenke over strategien vidare. Det er viktig å diskutere dette med våre tillitsvalde, understrekar forbundssekretær Clas Delp i Fellesforbundet.

Les også: Hotella har tapt pengar og halde stengt. Likevel fekk Thon-sjefen eit solid lønnshopp

Interessespørsmål

Lokale forhandlingar skal skje på bakgrunn av den økonomiske verkelegheita til bedrifta, slår Riksavtala fast.

LO påstod også at SSP og Compass Group ikkje hadde gjennomført forhandlingane etter reglane i overeinskomsten når dei viste til den økonomiske ramma frå det sentrale lønnsoppgjeret, og økonomiske krav frå morselskap.

Fleirtalet i retten avviste også denne påstanden.

«Utfallet av forhandlingene er et interessespørsmål», konkluderer dommarane.

Hotelltilsette: – Vi har aldri tent så dårleg i forhold til resten av samfunnet

Uheldige utsegn

LO og Fellesforbundet meinte dessutan at NHO og NHO Reiseliv hadde brote reglane i tariffavtale gjennom å oppfordre til og ikkje gripe inn i manglande lokale lønnstillegg i medlemsbedriftene.

NHO Reiseliv rykka allereie i 2017 ut til medlemsbedriftene, og formidla at Fellesforbundet kravde så mykje i sentrale lønnstillegg at det ikkje var noko igjen til lokale tillegg i mange bedrifter.

«Uttalelsene frå NHO og NHO Reiseliv er uheldige», meiner Arbeidsretten, men fleirtalet frifinn arbeidsgivarorganisasjonane også her.

Dette seier Riksavtala om saka

Ǥ 3.1 Lokale forhandlinger

1.1 Arbeidstakere skal etter kompetanse, dyktighet, praksis, ansvar og jobbinnhold avlønnes ut over minstelønnssatsene.

1.2 Det skal årlig, etter at det sentrale oppgjøret for overenskomsten er vedtatt, avholdes reelle lokale lønnsforhandlinger. Tidspunkt for gjennomføring av forhandlingane fastsettes på den enkelte bedrift. Lokale tillegg etter denne bestemmelse skal, uavhengig av tidspunkt for forhandlinger, gis med virkning frå 1. juli.

Forhandlingene skal gjennomføres på bakgrunn av den enkelte bedrifts økonomiske virkelighet, dvs. etter en samlet vurdering av bedriftens økonomi, produktivitet, framtidsutsikter og konkurranseevne. [ …]»

Arbeidsretten

er ein spesialdomstol som avgjer tvistar mellom partane i ei tariffavtale, regulert gjennom arbeidstvistlova.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Dette seier Riksavtala om saka

Ǥ 3.1 Lokale forhandlinger

1.1 Arbeidstakere skal etter kompetanse, dyktighet, praksis, ansvar og jobbinnhold avlønnes ut over minstelønnssatsene.

1.2 Det skal årlig, etter at det sentrale oppgjøret for overenskomsten er vedtatt, avholdes reelle lokale lønnsforhandlinger. Tidspunkt for gjennomføring av forhandlingane fastsettes på den enkelte bedrift. Lokale tillegg etter denne bestemmelse skal, uavhengig av tidspunkt for forhandlinger, gis med virkning frå 1. juli.

Forhandlingene skal gjennomføres på bakgrunn av den enkelte bedrifts økonomiske virkelighet, dvs. etter en samlet vurdering av bedriftens økonomi, produktivitet, framtidsutsikter og konkurranseevne. [ …]»

Arbeidsretten

er ein spesialdomstol som avgjer tvistar mellom partane i ei tariffavtale, regulert gjennom arbeidstvistlova.