Lønna til hotell- og restaurant-tilsette:
LO saksøker NHO for manglande lokale lønnstillegg i hotell og restaurant
Arbeidsgivarar vil ikkje vil gi ei krone i lokale lønnsforhandlingar.
HARD KAMP: Hotelltilsette var blant Fellesforbundet-medlemmene som streika for lokale lønnsforhandlingar for fem år sidan.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
Fellesforbundet og LO har saksøkt NHO Reiseliv og NHO saman med medlemsbedriftene Select Service Partner (SSP) og Compass Group (tidlegare Eurest). Saka i Arbeidsretten skal etter planen starte 20. september.
Dei lokale lønnsforhandlingane i hotell- og restaurantbransjen har skapt stor frustrasjon blant medlemmer og tillitsvalde dei siste fem åra.
Les også: Hotella har tapt pengar og halde stengt. Likevel fekk Thon-sjefen eit solid lønnshopp
Langvarig kamp
Fellesforbundet-medlemmene i låglønnsbransjen streika nesten ein månad våren 2016 for retten til lokale forhandlingar.
I overeinskomsten, Riksavtala, står det no at tilsette skal ha lønn utover minstelønna gjennom reelle lokale forhandlingar kvart år (sjå faktaboks).
I Compass Group, som driv kantiner, fekk dei tilsette null i lokale tillegg i 2017, 2018 og 2019. I SSP, som driv utsal på flyplassar og jernbanestasjonar, fekk dei tilsette null i dei første lokale forhandlingane i 2019.
Også i de store hotellkjedene har resultatet vore null eller nokre få øre.
Hotelltilsette: – Vi har aldri tent så dårleg i forhold til resten av samfunnet
Brot på reglane
Fellesforbundet og LO påstår at SSP og Compass Group har brote reglane i tariffavtala.
Saksøkarane meiner overeinskomsten slår fast at arbeidsgivarane er forplikta til å gi meir lønn enn minstelønna, og at dei heller ikkje kan gi så små lønnstillegg at dei er utan praktisk betydning.
Forbundet og LO påstår dessutan at NHO Reiseliv og NHO har brote reglane, gjennom å oppfordre til og ikkje gripe inn i manglande lokale tillegg i bransjen.
Kim Tomas har en av Norges dårligst betalte jobber: – Lønna gjør noe med stoltheten vår
Viktig sak
– Dette er ei utruleg viktig sak for oss. Det var ein lang og hard kamp for å få bestemmingane endra, så det er ein stor frustrasjon for medlemmer og tillitsvalde at dei ikkje fungerer betre, seier forbundssekretær Clas Delp.
– Opplevinga er at bedriftene har bestemt seg på førehand, og uavhengig av situasjonen ikkje gir noko. Argumentasjonen bedriftene bruker er til forveksling lik. For oss kan det verke som at arbeidsgivarsida har hatt ei koordinert tilnærming der dei ikkje lar bestemmingane få noka betydning.
NHO Reiseliv rykka allereie i 2017 ut til medlemsbedriftene, og sa at Fellesforbundet kravde så mykje i sentrale lønnstillegg at det ikkje var noko igjen til lokale tillegg i mange bedrifter.
Les også: Hotellansatte tar tipskrav til lagmannsretten
NHO avviser
NHO Reiseliv og NHO er ueinig i alle påstandane frå saksøkarane. Direktør for arbeidsliv Magne Kristensen i NHO Reiseliv peikar på låg lønnsemd i bransjen.
– Vi opplever at det har blitt fremma svært høge krav og gitt mykje i dei sentrale oppgjera, og det gjer det jo vanskelegare å gi noko lokalt, seier han.
Kristensen avviser blankt at arbeidsgivarforeininga har oppfordra medlemmene til å ikkje gjennomføre reelle forhandlingar.
– Vi driv sjølvsagt ikkje nokon kampanje for at dei ikkje skal gi noko. Dei lokale forhandlingane skjer på dei enkelte bedriftene, og dei legg vi oss ikkje opp i.
Dette står i Riksavtala
«Paragraf 3.1 Lokale forhandlinger
1.1 Arbeidstakere skal etter kompetanse, dyktighet, praksis, ansvar og jobbinnhold avlønnes ut over minstelønnssatsene.
1.2 Det skal årlig, etter at det sentrale oppgjøret for overenskomsten er vedtatt, avholdes reelle lokale lønnsforhandlinger. Tidspunkt for gjennomføring av forhandlingene fastsettes på den enkelte bedrift. Lokale tillegg etter denne bestemmelse skal, uavhengig av tidspunkt for forhandlinger, gis med virkning fra 1. juli.
Forhandlingene skal gjennomføres på bakgrunn av den enkelte bedrifts økonomiske virkelighet, dvs. etter en samlet vurdering av bedriftens økonomi, produktivitet, framtidsutsikter og konkurranseevne.»
Arbeidsretten
er ein spesialdomstol som avgjer tvistar mellom partane i ei tariffavtale, med heile landet som krets. Den er regulert gjennom arbeidstvistlova.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Flere saker
Dette står i Riksavtala
«Paragraf 3.1 Lokale forhandlinger
1.1 Arbeidstakere skal etter kompetanse, dyktighet, praksis, ansvar og jobbinnhold avlønnes ut over minstelønnssatsene.
1.2 Det skal årlig, etter at det sentrale oppgjøret for overenskomsten er vedtatt, avholdes reelle lokale lønnsforhandlinger. Tidspunkt for gjennomføring av forhandlingene fastsettes på den enkelte bedrift. Lokale tillegg etter denne bestemmelse skal, uavhengig av tidspunkt for forhandlinger, gis med virkning fra 1. juli.
Forhandlingene skal gjennomføres på bakgrunn av den enkelte bedrifts økonomiske virkelighet, dvs. etter en samlet vurdering av bedriftens økonomi, produktivitet, framtidsutsikter og konkurranseevne.»
Arbeidsretten
er ein spesialdomstol som avgjer tvistar mellom partane i ei tariffavtale, med heile landet som krets. Den er regulert gjennom arbeidstvistlova.