JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Stortingsforslag skal sikre trygg jarnbane

SV og Sp med konkrete krav til lokførarutdanning

Medan nokon kalla lokførarane for pøblar under togstreiken, kjem SV og Sp med forslag som er musikk i fagforeninga sine øyrer.
UNDERVISNING: Denne modelljarnbanen står i Norsk Jernbaneskole i Grorud og blir brukt til undervisning av dei som skal bli lokførarar. Og det var nettopp kva utdanning framtidige lokføarar skla gjennom som var stridens kjerne under togstreiken. SV og Sp kjem no med eit detaljert stortingsforslag til utdanningskrav, etter å ha vore i møter med Norsk lokomotivmannsforbund.

UNDERVISNING: Denne modelljarnbanen står i Norsk Jernbaneskole i Grorud og blir brukt til undervisning av dei som skal bli lokførarar. Og det var nettopp kva utdanning framtidige lokføarar skla gjennom som var stridens kjerne under togstreiken. SV og Sp kjem no med eit detaljert stortingsforslag til utdanningskrav, etter å ha vore i møter med Norsk lokomotivmannsforbund.

Bjørn A. Grimstad

oystein.windstad@lomedia.no

Under togstreiken var stridens kjerne kva krav det skal vere til å kunne kalle seg lokførar. Medan Frp og Ulf Leirstein kalla streikande Norsk lokomotivmannsforbund (NLF) for ein pøbelorganisasjon, var det andre som sette seg ned i møter med lokførarane. No kjem SV og Senterpartiet med eit stortingsforslag som skal unngå at ein kan "kjøre tog med mopedlappen", som LO leiar Gerd Kristiansen advarte mot:

– Når regjeringa set tog og jarnbane ut på anbod er det viktig at ein har eit regelverk som er tydeleg nok på kva krav det skal vere til kompetanse, sikkerheit og arbeidsforhold, seier Kirsti Bergstø i SV som er ein av fire som kjem med forslaget. I tillegg til Bergstø står Per Olav Lundteigen og Janne Sjelmo Nordås i Senterpariet og SV-kollega Heikki Holmås bak stortingsforslaget.

Regjeringa brukar 100 millionar på tog-konsulentar

VARSLA FORSLAG: Kirsti Bergstø i SV og Senterpartiet varsla allereie under streiken at dei kom til å kome med eit forslag med konkrete krav til lokførarutdanning.

VARSLA FORSLAG: Kirsti Bergstø i SV og Senterpartiet varsla allereie under streiken at dei kom til å kome med eit forslag med konkrete krav til lokførarutdanning.

Øystein Windstad

Håpar å få med seg Ap og Krf

Togstreiken som varte i ein månad blei avslutta etter at regjeringa kom med forsikringar til både lokførarane og leiinga i NSB om at det skal kome ein nasjonal standard for kva som skal til for å bli lokførar.

– Regjeringa vil kanskje seie at dette forslaget er ikkje er nødvendig no som dei har eit forslag ute til høring?

– Vi meiner ein må vere tydelegare og derfor har vi fremma forslaget. Når ein opnar for konkurranse må ein vere heilt tydeleg på kva som er krava for kva som skal til for å kunne få sertifikat for å kjøre tog, svarar Bergstø. Dei fire politikarane frå SV og Sp håpar no å få med seg Arbeidarpartiet og Krf for å siker fleirtal på stortinget for forslaget. Selskapet Safetec fekk oppdrag av regjeringa å gå gjennom moglelge sikkerheitsfarer ved konkurranseutsettinga av jarnbanen. Der blei det blant anna slått fast at det bør kome nettopp det som lokførarane har etterlyst i over eit år, ein nasjonal standard for utdanning og krav til å få "toglappen".

Offentleg eller privat jarnbane, kva land har størst suksess?

Fagforening føler dei blir hørt

Forslaget kom i stand etter at både Sp og SV engasjerte seg under togstreiken og var i møte med Rolf Ringdal frå fagforeninga til lokførarane.

– Kva betyr det for deg som fagforeiningsleiar at det er stortingsrepresentatnar som møter deg og kjem med konkrete forslag?

– Det er ein viktig og grunnleggande del av demokratiet, at du har stortingsrepresentantar som følger opp ting i ein debatt. For oss betyr det mykje at Sp og SV følger opp dette. Eg vil også tru at Ap også vil gjere det. Vi har også vore i kontakt med Krf for å sikre fleirtal for forslaget, seier Rolf Ringdal, leiar av Norsk lokomotivmannsforbund. I løpet av 2017 skal fleire strekningar settast ut på anbod og NSB vil få konkurranse.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse