JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Hadia Tajik: – Fagforeninga var avgjerande for familien min

Då mor til Hadia Tajik kom til Norge, brukte ho jakka si som pute og sjalet som dyne. At faren møtte fagforeninga, blei avgjerande for liva deira i det nye landet.
VENDEPUNKT: Nestleiar i Ap, Hadia Tajik, fortel at då faren blei med i Jern og Metall blei det eit vendepunkt for familien som var ny i Norge. Sjølv er Tajik medlem i NTL og NTL Ung.

VENDEPUNKT: Nestleiar i Ap, Hadia Tajik, fortel at då faren blei med i Jern og Metall blei det eit vendepunkt for familien som var ny i Norge. Sjølv er Tajik medlem i NTL og NTL Ung.

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia.no

Då foreldra til Hadia Tajik kom som arbeidarar frå Pakistan til Norge, stod dei på heilt bar bakke:

– Dei hadde bokstaveleg talt to tomme hender. Då mor vi var heilt fersk i Norge rulla ho saman jakka og brukte den som pute. Sjalet hennar brukte ho som dyne. Dei budde i ei knøttliga leiligheit og hadde ikkje eige bad, fortalte Tajik frå talarstolen på NTL Ung konferansen torsdag.

Fryktar lausarbeidarsamfunn med ny lov

Blei teken i mot av fagforeninga

Sjølv om det var tøft for familien i starten, er ho i dag nestleiar i det største partiet i Norge, utdanna jurist med master i menneskerettar.

Tajik fortel det skjedde noko avgjerande då faren starta å jobbe som sveisar på Rosenberg Verft:

– Noko av det aller viktigaste som skjedde var at far min blei tatt i mot av fagforeninga Jern og Metall. Dei sa til han: Du er ein av oss. At våre rettar er dine rettar. Det har så mykje å seie i eit nytt og framand land, at du er verna mot utnytting, at du er verna mot sosial dumping. Og ikkje minst at du får eit fellesskap. Noko større å vere ein del av. Det var avgjerande for han og min familie at han blei med i fagforeninga, fortel Tajik og legg til:

– Fellesskapet i fagforening gav innsikt i språk, kultur og korleis ein gjer det i Norge, det er avgjerande om ein lander på beina eller blir utnytta slik som veldig mange framandarbeidarar blir i mange land.

Sjekk kva yrkesgrupper som tener mest

Vil lytte til forslag frå NTL Ung

Hadia Tajik er i likheit med faren fagorganisert. Ho er medlem i Norsk Tjenestemannslag og deltok på NTL Ung sin konferanse for å snakke om det komande stortingsvalet.

I tillegg blei ho utfordra av dei ungdomsorganiserte.

– Du blei utfordra, kva tek du med deg frå konferansen og kan kva kan du og Ap levere på?

– Vi har teke opp fleire ting, men blant anna det med offentlege anbod, sikre falgege rettar og fleire arbeidsplassar i Norge. Også det at dei utfodrar oss tydeleg på tjenestemannslova, eg regnar med at det kjem ein uttalelse på dette som me kjem til å lese med stor interesse, fortel Tajik.

Regjeringa kjem med nytt lovforslag til våren. LO fryktar blant anna at tillitsvalgte ikkje skal kunne vere med å bestemme tilsettingar, og at dette kan svekke kampen mot korrupsjon og kompis-tilsettingar.

NTL Ung og moderorganisasjonen vil ha faste jobbar og slutt på at staten er verstingen på midlertidige stillinger.

LES OGSÅ:

Fagforeninger kan ha nøkkel til oljekonflikta i Lofoten
NTL Ung vil omgjere halve studielånet til stipend

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse