Lønn 2020:
Ingen streik i hotell og restaurant: Fleirtalet seier ja til lønnsoppgjeret
Medlemmene i Fellesforbundet har godkjent forslaget i tariffoppgjeret for tilsette innanfor overnatting, servering og catering.
Arkivfoto.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
Det var knytt stor spenning til resultatet i uravstemminga blant Fellesforbundet-medlemmene, som vart avslutta torsdag.
62,9 prosent har stemt ja til forslaget, mens 30,6 prosent har stemt nei. 6,2 prosent har stemt blankt.
Også arbeidsgivarane i NHO Reiseliv har vedtatt meklingsforslaget, melder NHO-foreininga på nettsidene sine.
Les meir om lønnsoppgjeret her.
Lønnstillegg og sjukepengar
Det generelle lønnstillegget blir dermed 50 øre frå 1. april 2020 både individuelt og på minstelønna. Garantitillegget er 1,40 kroner frå same dato, fordelt med ein auke på 1,22 kroner i minstelønna og 18 øre i kvelds-, natt- og helgetillegga. Til saman aukar minstelønna med 1,72 kroner.
I tillegg kan ikkje bedriftene lenger forskjellsbehandle tilsette når det gjeld forskottering av sjukepengar. Dersom ei gruppe tilsette slepp å vente på utbetalinga frå Nav, skal alle tilsette gjere det. Denne regelen gjeld frå 1. juli 2021.
Les også: Andreas har ein av Norges dårlegast betalte jobbar
Kriseramma bransje
Oppgjeret vart gjennomført mens store delar av bransjen er hardt ramma av koronakrisa og mange av Fellesforbundet-medlemmene er permittert.
I den tvungne meklinga med NHO Reiseliv 24. oktober, gjekk forhandlarane til det uvanlege skrittet ikkje å anbefale at Fellesforbundet-medlemmene skulle stemme ja til forslaget.
– Vi skal ikkje legge skjul på at dette er langt unna dei opphavlege krava våre. Samtidig ønsker vi ikkje å ta ei avgjerd om konflikt utan å ha lytta til breidda av medlemsmassen, sa forhandlingsleiar Clas Delp etter meklinga.
Ekstrahjelper og månadslønn
Fellesforbundet fekk ikkje gjennomslag for kravet om å rydde opp i den utstrekte bruken av ekstrahjelper utan garanti for arbeid eller inntekt.
Les denne frå mars: Ekstrahjelp Nana er bekymra for om ho klarer å forsørge sonen under krisa
Heller ikkje kravet om fast månadslønn etter stillingsprosenten er ein del av resultatet.
Forbundet trekker fram at dei måtte forsvare rettar i tariffavtala. Eit av krava frå NHO Reiseliv var å fjerne forhandlingsretten tillitsvalde har når vaktlista skal settast opp.
Lågare oppslutning
Av dei 7.357 Fellesforbundet-medlemmene med stemmerett, har 61,4 prosent deltatt i uravstemminga.
– Oppslutninga er litt lågare enn normalt, fordi mange er permittert og det er vanskelegare å drive oppsøkande aktivitet på grunn av koronarestriksjonar, seier forhandlingsleiar Clas Delp til Magasinet for fagorganiserte.
– Eg synest det har vore mange gode diskusjonar i organisasjonen, der folk har ytra meiningane sine for og mot, avsluttar han.
Les også: Hotell-toppen tener 15 gongar så mykje som ein tilsett
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.