JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret 2022

Ingen hotell- og restaurant-streik i lønnsoppgjeret no: Her er resultatet

4 kroner til alle, auka minstelønn og ekstra til dei med erfaring i bransjen: Det er resultatet i lønnsoppgjeret for hotell- og restaurant-tilsette.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

15 timar på overtid vart Fellesforbundet og arbeidsgivarane i NHO Reiseliv søndag ettermiddag einige i tvungen mekling i årets tariffoppgjer. Dermed blir det ikkje streik blant reinhaldarar, resepsjonistar, servitørar, kokkar og bartenderar no.

Alle omfatta av tariffavtala får eit lønnstillegg på 4 kroner i timen, ifølge meklingsresultatet som no skal ut på uravstemming.

Minstelønnssatsane aukar like mykje. Minstelønnssatsane etter fire års praksis i bransjen får dessutan eit ekstra hopp på 4,50 kroner i timen. Dessutan skal eit garantitillegg på 75 øre i timen fordelast på minstelønna og tillegga for helg, kveld og natt.

Desse beløpa gjeld for dei som jobbar 37,5 timars veker. Mange i bransjen jobbar 35,5 timar på grunn av skiftarbeid, og vil derfor få litt høgare auke i timelønna.

Lønnstillegget og auken i satsane gjeld frå 1. april 2022 og blir etterbetalt.

– For Fellesforbundet var det heilt avgjerande med reallønnsvekst for medlemmane våre. Mat, straum og renter blir dyrare, og lønna må halde tritt, seier forhandlingsleiar og forbundssekretær Clas Delp i ei pressemelding.

Lønnsoppgjøret forklart: Slik bestemmes den nye lønna di

Ekstra til dei med erfaring

Forbundet peikar på at minstelønnssatsane i overeinskomsten er såkalla allmenngjort, og at det er ulovleg for arbeidsgivarar å betale tilsette mindre anten bedrifta har tariffavtale eller ei.

Minstelønna aukar ifølge Fellesforbundet mellom 4,47 og 9,51 kroner, avhengig av kor lenge ein har jobba i bransjen og om ein jobbar skift.

– No løftar vi golvet i bransjen for alle, samtidig som vi har sikra større tillegg for dei som har lengre arbeidserfaring, seier Delp.

For tilsette med fire års praksis i bransjen og 35,5 timars veke, blir minstelønnssatsen auka med 9,51 kroner i timen, ifølge forbundet.

– Folk skal påskjønnast for å stå i jobben. Det er dei erfarne i bransjen som sikrar kompetanse og opplæring til dei mange tusen som må rekrutterast i åra framover.

KRAV: 4. april starta lønnsoppgjeret i hotell- og restaurant-bransjen da Magne Kristensen i NHO Reiseliv (til venstre) og Clas Delp i Fellesforbundet overleverte krav.

KRAV: 4. april starta lønnsoppgjeret i hotell- og restaurant-bransjen da Magne Kristensen i NHO Reiseliv (til venstre) og Clas Delp i Fellesforbundet overleverte krav.

Håvard Sæbø

Tilfredse arbeidsgivarar

Dette meiner arbeidsgivarane om resultatet:

– Det har vore ei svært krevjande mekling, og det vart eit dyrt oppgjer. Arbeidsgivarane har strekt seg langt for å finne ei løysing og unngå streik, seier forhandlingsleiar og direktør for arbeidslivspolitikk i NHO Reiseliv, Magne Kristensen, i ei pressemelding.

– Vi er likevel tilfredse med å unngå konflikt, da mange reiselivsbedrifter framleis er i ein vanskeleg situasjon etter to år med pandemi.

Les også: Etter 25 år som hotellarbeider har Carolina fått nok av bransjen

Lokale forhandlingar

Delp i Fellesforbundet har før oppgjeret argumentert med at lønnsnivået må opp for at hotell- og restaurant-bransjen skal kunne vinne tilbake arbeidskrafta den har mista under koronaen.

Tilsette i låglønnsbransjen tener under 80 prosent av ei industriarbeidarlønn i snitt.

– Vi og arbeidsgivarane er einige om at næringa må bli meir attraktiv å jobbe i. Da er det heilt avgjerande at det blir gjennomført reelle lokale lønnsforhandlingar.

Store kjeder som ikkje vil gi lokale lønnstillegg, har tidlegare skapt stor frustrasjon blant tillitsvalde etter at medlemmane streika for retten til reelle lokale lønnsforhandlingar i 2016. Fellesforbundet og LO tok i fjor to bedrifter, NHO Reiseliv og NHO til Arbeidsretten for manglande lønnstillegg, men tapte saka.

Reglar som sikrar tilsette betre utteljing gjennom lokale lønnsforhandlingar, var blant krava Fellesforbundet-delegasjonen tok med seg til forhandlingsbordet, men ikkje fekk gjennomslag for.

Les også: 17 verkstedansatte feiret fast jobb og 1,8 millioner i etterbetaling

Andre endringar

Årets tariffoppgjer er eit hovudoppgjer, noko som gjer at partane har forhandla om meir enn lønn.

Fellesforbundet og NHO Reiseliv er ifølge møteboka til Riksmeklaren einige om at:

• Arbeidsgivarar skal skaffe tilpassa arbeidstøy til menn og kvinner dersom unisex-modellar ikkje er bra nok.

• Sko er ein del av uniformen, og arbeidsgivarar kan velje å refundere utgifter til skoa tilsette har rett på, i staden for å skaffe sko eller utbetale ei godtgjering.

• Arbeidsgivarar og tillitsvalde skal samarbeide for likestilling og mot diskriminering, mot trakassering og for likelønn.

• Arbeidsgivarar og tillitsvalde skal årleg drøfte behovet for fag-, etter- og vidareutdanning. Tilsette kan få éin dag fri med lønn til kompetansehevande tiltak, etter avtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

Les også: Sliter-pensjonen skulle hjelpe folk som Roger. Nå får han ikke en krone

Uravstemming

Forhandlingsdelegasjonane på begge sider av bordet har anbefalt forslaget, men tariffoppgjeret er altså ikkje over enno. Medlemmane har alltid siste ord.

Forslaget skal no ut på uravstemming blant dei 6.500 Fellesforbundet-medlemmane som er omfatta av Riksavtala. Også NHO Reiseliv sender forslaget ut på avstemming i medlemsbedriftene med tariffavtale.

Svarfristen til Riksmeklaren er 20. mai klokka 12.

Clas Delp i Fellesforbundet oppfordrar medlemmane til å seie si meining og stemme, og å rekruttere fleire kollegaer for å sikre gjennomslagskraft i framtida.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse