Lønnsoppgjeret 2022
Hotell- og restaurant-tilsette kan gå ut i streik søndag. Tre byar er omfatta
I Trondheimsområdet, Bergen og Tromsø kan hotell- og restaurant-tilsette legge ned arbeidet søndag dersom Fellesforbundet og NHO Reiseliv ikkje blir einige om årets lønnsoppgjer.
TRONDHEIM: 649 Fellesforbundet-medlemmer kan gå ut i streik i Trondheimsområdet. Heile 104 av medlemmane jobbar på Rema-Reitan sitt hotell, Britannia Hotel i Trondheim.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
Tysdag braut Fellesforbundet den frivillige meklinga med arbeidsgivarane i NHO Reiseliv i årets tariffoppgjer, og Fellesforbundet har varsla streik dersom dei ikkje blir einige.
Omtrent 1.250 av cirka 7.000 Fellesforbundet-medlemmer omfatta av tariffavtala, Riksavtala, kan gå ut i streik søndag. Streikevarselet omfattar 83 NHO-bedrifter og sju bedrifter som har såkalla direkteavtale med forbundet.
Riksmeklaren har kalla forhandlingsdelegasjonane inn til såkalla tvungen mekling, der dei må bli einige innan midnatt natt til søndag 24. april for å unngå streik blant blant reinhaldarar, resepsjonistar, servitørar, kokkar og bartendarar.
Sjekk krava lengre ned i saka!
Les også: Hotellansatte krever kraftig lønnsøkning. Arbeidsgiverne maner til nøysomhet
Her kan det bli streik
Streikevarselet omfattar bedrifter i Trondheim, Stjørdal, Bergen og Tromsø.
Trondheimsområdet vil få mange streikande i første uttak. 551 Fellesforbundet-medlemmar i 40 bedrifter kan legge ned arbeidet i Trondheim, i tillegg til 98 på tre flyplasshotell i Stjørdal. Heile 104 medlemmar på ærverdige Britannia Hotel i Trondheim kan gå ut i streik.
Fleire tillitsvalde har meldt om stor streikevilje før årets lønnsoppgjer.
– Ingen gler seg over at det kan bli ein streik, men må vi så må vi. Vi har brukt den siste halvanna månaden på å førebu oss. Vi må sikre kjøpekrafta, og det er det verd å streike for. Vi kan ikkje risikere at aukande straumprisar og avgifter skal ramme dei som har minst frå før og har vore permitterte nesten samanhengande i to år, seier Børge Ånesen, fagforeiningsleiar i Trondheim, til Magasinet for fagorganiserte.
Store kjedehotell i Scandic, Radisson, Choice og Thon kan bli ramma i byane. Til saman 400 medlemmar kan streike i 29 bedrifter i Bergen. 196 Fellesforbundet-medlemmar i 18 bedrifter kan legge ned arbeidet i Tromsø.
Ei rekke serveringsstadar er også omfatta av streikevarselet. Blant dei kjente merkevarene er ein McDonalds-restaurant i Bergen og Peppes Pizza-restaurantar i Trondheim og Bergen.
Austlandet er altså halde utanfor det første streikeuttaket til Fellesforbundet.
I desse bedriftene kan det bli streik frå søndag 24. april:
Streikevarsel samla hotell- og restaurant 2022
15 Parat-medlemmar på Hotel Plaza i Oslo kan dessutan gå ut i streik søndag. YS-forbundet har også brote meklinga med NHO Reiseliv.
Dette er krava
Årets oppgjer er eit forbundsvist hovudoppgjer, noko som betyr at partane kan fremme krav om endringar i kvar enkelt overeinskomst, og ikkje berre om lønn.
Som i frontfagsoppgjeret (industrien) krev Fellesforbundet eit lønnstillegg til alle på 4 kroner timen, betre reglar for likestilling i tariffavtala og satsing på etter- og vidareutdanning.
Som vanleg krev forbundet at minstelønnssatsane skal auke, og det same skal tillegga for helg, kveld og natt.
Forbundssekretær Clas Delp har inn mot forhandlingane peika på mangelen på arbeidskraft i hotell- og restaurant-bransjen etter koronapandemien, og at næringa no må bli attraktiv i konkurransen med andre næringar. Eit av tiltaka er høgare lønn i låglønnsbransjen der tilsette tener under 80 prosent av ei industriarbeidarlønn.
Løysinga på låglønnsproblemet har for Fellesforbundet vore lokale lønnsforhandlingar for å auke lønna i bedriftene som går godt.
Vil ha en kraftig lønnsøkning i hotell- og restaurantbransjen: – Basert driften på billig arbeidskraft i mange år, sier fagforeningsleder
Lokale lønnsforhandlingar
Retten til reelle lokale lønnsforhandlingar var noko forbundet streika for i 2016, og frustrasjonen har vore stor blant tillitsvalde over store kjeder som gir lite eller ingenting i lokale lønnstillegg.
Forbundet og LO tok i fjor to bedrifter, NHO Reiseliv og NHO til Arbeidsretten for manglande lønnstillegg, men gjekk på eit tap.
Fellesforbundet krev no ei ny presisering om at alle tilsette skal få lønn utover minstelønna, gjennom lokale forhandlingar.
Forbundet vil også fjerne retten kjedene har til å bestemme om forhandlingane skal skje på kjedenivå eller på kvar enkelt bedrift.
Minstebeløpa tilsette skal ha fått i personlege lønnstillegg etter 10, 15 og 20 år i jobben, får dessutan eit ordentleg hopp dersom forhandlingsdelegasjonen får det som dei vil. Dessutan får overeinskomsten to nye beløp etter 5 og 25 år.
Les også: Janne elsker jobben, men mener lønna er for dårlig. Nå er hun klar for å streike
Andre krav
Eit anna krav er retten på fast månadslønn i staden for timelønn, noko forbundet ikkje har fått gjennomslag for tidlegare. Forbundet vil også utvide tidspunktet for helgetillegg. Eit krav handlar om refusjon av faktiske utgifter til sko, i staden for ei godtgjering på 400 kroner. Det skal også strammast inn på moglegheita for arbeidsgivarar til å dele arbeidsdagen i to økter på høgfjells- og turisthotell. Forbundet vil dessutan at dei som har fått berekna fastlønn frå tidlegare prosentlønn, skal ha rett på tillegg for helg, kveld og natt som andre tilsette.
NHO Reiseliv krev i hovudsak meir fleksible reglar for arbeidstid.
Gjeld mange
Sjølv om ikkje alle er fagorganiserte, omfattar Riksavtala bedrifter med heile 30.000 tilsette, ifølge Teknisk berekningsutval.
Minstelønna i overeinskomsten er dessutan lovfesta i bransjen, såkalla allmenngjort. Dermed er det ulovleg å gi lågare lønn enn minstesatsen i tariffavtala.
Viktige datoar i lønnsoppgjeret
4. april starta tariffoppgjeret i hotell- og restaurant-bransjen med kravoverlevering mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv.
To dagar seinare, 6. april, braut Fellesforbundet forhandlingane. Partane ba om hjelp frå Riksmeklaren, såkalla frivillig mekling, for å komme vidare.
Tysdag 19. april braut Fellesforbundet den frivillige meklinga og varsla streik, såkalla plassfråtreding. Riksmeklaren har kalla partane inn til såkalla tvungen mekling som er siste skritt før ein eventuell streik.
Midnatt natt til søndag 24. april er fristen for å bli einige om partane skal unngå streik.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Flere saker
Viktige datoar i lønnsoppgjeret
4. april starta tariffoppgjeret i hotell- og restaurant-bransjen med kravoverlevering mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv.
To dagar seinare, 6. april, braut Fellesforbundet forhandlingane. Partane ba om hjelp frå Riksmeklaren, såkalla frivillig mekling, for å komme vidare.
Tysdag 19. april braut Fellesforbundet den frivillige meklinga og varsla streik, såkalla plassfråtreding. Riksmeklaren har kalla partane inn til såkalla tvungen mekling som er siste skritt før ein eventuell streik.
Midnatt natt til søndag 24. april er fristen for å bli einige om partane skal unngå streik.