Diskriminering på jobb- og boligmarkedet
Blei nekta å leige bolig – fordi ho heiter Sahar
Sahar Azari har opplevd å ikkje få leie bolig fordi ho ikkje hadde eit typisk norsk navn.
VIL NÅ FLEIRE: Sahar Azari og NTL-ung øsnkar at fleire med minoritetsbakgrunn skal bli fagorganiserte. Det vil NTL-ung blant anna få til med å starte eit eige minoritetsnettverk i LO. Ungdomsorganisasjonen har fått med seg moderorganisasjonen NTL på forslaget om nettverket. NTL-ung jobbar blant anna med å bekjempe diskriminering i arbeidslivet og i boligmarkedet.
Øystein Winstad
oystein.windstad@lomedia.no
Sahar Azari var inne på finn.no og var på leit etter ein ny plass å bu. Ho tok telefonen og slo nummeret til ein husvert:
– Eg ringte og introduserte meg sjølv som Sahar Azari og spurte om leiligheita fortsatt var ledig. Då sa dei nei, det er den dessverre ikkje. Eg la på, men tenkte dette var merkeleg ettersom annonsa nettopp var lagt ut. Rett etter ringte sambuaren min det same nummeret. Han hadde eit typisk norsk navn. Han fekk beskjed om at vi kunne kome på visning dager etter, fortel Azari som er leiar av NTL Ung.
Video: Hør Sahar Azari fortelle sin historie– Trykker folk ned
Både Antirasistisk senter og Likestillings- og diskrimineringsombudet fortel at ho er langt ifrå åleine om å bli avvist om ein ikkje har eit typisk norsk navn.
Azari fortel at dette har skjedd fleire gonger:
– Eg fekk bekrefta mistanken min om at boligmarkedet faktisk er slik. Eg blei også ganske lei meg. Det føles urettferdig, noko det også er. Det føles også litt tomt at ein må oppleve slikt i kvardagen, og ein håpar at andre ikkje opplever det same.
– Kva er konsekvensane av at mange blir avvist på grunn av navnet?
– Frå før kan mange ha ein utfordrande situasjon på jobbmarkedet der ein opplever diskriminering. Om ein då også opplever det med bolig, vil det trykke deg ekstra ned, fortel leiaren av NTL Ung.
Vil lage minioritetsnettverk
NTL Ung har programfesta at dei skal jobbe for eit meir inkluderande samfunn. Dei har fått med seg NTL på ideen om å lage eit eige minoritetsnettverk i LO:
– Vi har starta eit arbeid opp mot LO-Kongressen for å få meir merksemd rundt diskriminering og rasisme. Også kor viktig det er med integrering for å kunne gjere noko med dette. Vi har blant anna kome med eit forslag om å starte eit eige minoritetsnettverk, seier leiaren av NTL Ung.
Bakgrunnen for forslaget er blant anna ønsket om at fleire nye landsmenn skal bli fagorganiserte og vere aktive i samfunnslivet.
Målet er at fleire med minoritetsbakgrunn skal bli representert i tillitsvalgtapparatet.
Azari fortel at diskriminering av folk med minoritetsbakgrunn som leitar etter både bolig også er naturlege tema å ta opp i det planlagte nettverket.
Avslørt av eksperiment
Blir minoritetsnettverket oppretta, skal dei blant anna jobbe med det som Sahar Azari sjølv opplevde, diskriminering i boligmarkedet.
Antirasistisk senter gjorde eit eksperiment i 2013 for å vise litt kva som rører seg for nye landsmenn når dei skal leie bustad. Dei la ut to identiske annonser på «ønskes leid»på finn.no med eit par som ville leie leiligheit til 15.000 kr månaden. Forskjellen på dei to annonsene var navna. I den eine annonsa var Ali Muktar oppført som kontaktperson og i den andre var det Ulf Larsen. Resultatet var at 200 svarte på annonsa til Ulf Larsen, og 115 til Ali Muktar:
– I realiteten er det slik at alle som ikkje har eit tradisjonelt norsk navn må regne med å bli diskriminert ein del gonger, spesielt på arbeids- og boligmarkedet. Det betyr ikkje at ein ikkje får bolig eller jobb, men det er ingen tvil om at det vil begrense muligheitene dine. Det er ein del boliger og jobbar du ikkje vil få, fortel Rune Berglund Steen, leiar av Antirasistisk senter. Han legg til:
– Det er viktig å tenke på at navnet seier helsikes lite. Møt folk, gje folk ein sjanse og ein vil sjå at navnet betyr veldig lite.
• Fotograf fra LO Media nektet inngang til industribedrift
Bryt lova
Om husvertar avviser folk på bakgrunn av navnet, så kan det få konsekvensar for utleiaren. Det fortel Hanne Bjurstrøm, likestillings- og diskrimineringsombud:
Hanne Bjurstrøm, Likestillings- og diskrimineringsombud
Martin Guttormsen Slørdal
– Å nekte nokon å leie på bakgrunn av eit utanlandsk navn er veldig alvorleg og eit lovbrot. Å ha bolig og ein trygg stad og bu er veldig viktig for mennesker. Derfor oppfordrar eg dei som leier ut bolig til å tenkje på konsekvensane av dette.
– Kva skal ein gjere om ein opplever å bli nekta å leie?
– Då kan ein kome til oss i Likestillings- og diskrimniseringsombudet og levere inn ei klage. Då kan vi kome med ein uttalelse der me kan seie at det er brot på lova. Vidare kan vi hjelpe personen til å kome i dialog med utleiar og prøve å rette opp den diskriminerande adferden, fortel Bjurstrøm.
– Den norske modellen
Sahar Azari blei valgt som leiar av NTL Ung i 2015. Ho har bakgrunn frå NTL Sentralforvaltningen og har jobba i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganiasjoner (LNU) som organisasjonsrådgjevar. Ho kom til Norge som 4-åring frå Iran, og vaks opp på Notodden.
– Kva vil du oppfordre utleiarar til?
– Å tenkje på at vi alle er mennesker og at ein kan vere gode leietakarar, også med eit utanlandsk navn.
– Kva er bakgrunnen for at NTL Ung engasjerer seg i bedre forhold på både arbeids- og leiemarknaden for minoritetar?
– Vi vil at samfunnet skal vere for alle. Det er basisen for den norske modellen. Alle skal ha like muligheiter til frihet, likheit og fellesskap. I dag er det mange som har utfordringer og mange som ikkje snakkar om det, fortel Azari.
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.