JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
«FESTCOUNTRY», kallar dei musikken sin. Vassendgutane har fans over heile landet.

«FESTCOUNTRY», kallar dei musikken sin. Vassendgutane har fans over heile landet.

Håvard Sæbø

Frontfigur Sindre Aam i Vassendgutane vil ikkje sleppa taket i industriarbeidet:

Vassendgut Sindre Aam er halvt countrystjerne, halvt industriarbeidar. Torsdag har han fri

Tre dagar i veka monterer han propellar hjå Kongsberg Maritime i Ulsteinvik. Tre dagar i veka er Sindre Aam på turné med Vassendgutane.

hanne@lomedia.no

ULSTEINVIK/SKJEBERG: Frontfigur, songar, bassist og låtskrivar Sindre Aam vil nemleg ikkje sleppa taket i industriarbeidet, sjølv om han håvar inn nok til å leva godt av spelinga i Vassendgutane. I 2008 låg dei på norgestoppen i sal av CD-plater med ei omsetjing på sju millionar. No går det i streaming og konsertar. Fleire i bandet har bakgrunn frå industrien, og er med i både Fellesforbundet og Arbeidsmandsforbundet.

Saka held fram under bildet.

KJØYR MEG HEIMATT: Sindre Aam trivst så godt på jobben i Ulsteinvik at han ikke vil slutte.

KJØYR MEG HEIMATT: Sindre Aam trivst så godt på jobben i Ulsteinvik at han ikke vil slutte.

Håvard Sæbø

Verda rundt

Aam har lang fartstid med reising. I ti år reiste han verda rundt som montør av propellar for Rolls-Royce, som eigde verksemda i Ulsteinvik før Kongsberg Maritime tok over i april i år. Han har vore medlem av Fellesforbundet i alle år, så nær som eitt år medan han var reisemontør, då han tykte kontingenten vart for høg. Men han melde seg inn att.

Les også: Arthur Johan er countrystjerne og gravemaskinfører: – Ikke alle kan sitte på kontor. Noen må gjøre jobben

Vassendgutane er ein gjeng barndomskameratar frå Ørsta på Sunnmøre. Dei starta på hobbybasis medan alle var i fullt arbeid. Fire av dei eig Vassendgutane AS. I alt er dei sju karar på scena og fem i apparatet rundt. Namnet har dei etter to bønder der dei vaks opp. Vassendkarane vart dei kalla.

Saka held fram under bildet.

SKRU OPP: Sindre Aam trivst så godt både på scena og på jobben at han ikkje greier å gje seg med nokon av dei.

SKRU OPP: Sindre Aam trivst så godt både på scena og på jobben at han ikkje greier å gje seg med nokon av dei.

Håvard Sæbø

På slutten av 1990-talet byrja dei å få betalt for spelinga og i 2005 hadde Vassendgutane sitt gjennombrot med låten «Ungkar med dobbeltseng».

– Då måtte eg velja mellom å vera reisemontør og å spela på turné, seier Sindre Aam som har kone og tvillingar å ta omsyn til.

Rosar arbeidsgjevaren

– Eg må rosa arbeidsgjevaren min som tillèt meg å jobba deltid på verkstaden slik at eg kan bruke resten av tida på spelinga, seier han, og legg til:

– Det er fantastisk å kunne vera her på arbeid. Eg har jo litt kompetanse dei har nytte av, og eg synest det er kjekt å vera her.

Saka held fram under bildet.

GI CLUTCH: Det er ikke småsaker Sindre Aam er med på å produsera på fabrikken i Ulsteinvik.

GI CLUTCH: Det er ikke småsaker Sindre Aam er med på å produsera på fabrikken i Ulsteinvik.

Håvard Sæbø

Med fagbrev som industrirøyrleggjar trakterer han òg Fenderbassen i bandet i tillegg til at han er ein av dei to frontfigurane på song og låtskriving. Med travle helger på vegen prøver han å ta seg heilt fri kvar torsdag. Då likar han å gå turar og det er då nye songar kjem til han. Han gjeng og syng dei inn i mobilen for å hugse dei.

Saka held fram under bildet.

FESTI EKJE SLUTT: Det heitte samleplata dei ga ut i 2012. Og Sindre og karane i bandet reknar med å drive på lenge.

FESTI EKJE SLUTT: Det heitte samleplata dei ga ut i 2012. Og Sindre og karane i bandet reknar med å drive på lenge.

Håvard Sæbø

MeToo

Publikum er trufast og mange kjem om att og om att til konsertane deira. Men ikkje alle kritikarar er like begeistra for songane dei syng og dei fekk litt tyn for låten «Du & Ej & MeToo» hausten 2018, som enkelte tykte var smaklaus.

– Temaet var vanskeleg å koma utanom, og eg trur vi letta litt på trykket med songen. Den ligg høgt oppe på Spotify, seier Sindre Aam.

Saka held fram under bildet.

BÅTFOLK: Gitarist Frank Willy Utgård og trommis Kim Erik Lillestøl varmar opp før konserten i Skjeberg med litt leikeslåsting bak scena på Skjebergkilen Marina.

BÅTFOLK: Gitarist Frank Willy Utgård og trommis Kim Erik Lillestøl varmar opp før konserten i Skjeberg med litt leikeslåsting bak scena på Skjebergkilen Marina.

Håvard Sæbø

Vassendgutane er å finna i idrettshallar og lokale festivalar rundt i heile landet. Dei kallar musikken sin «festcountry», og har med åra vorte svært populære. Dei spelar for å gjera folk glade, og folk strøymer til når dei spelar.

Gruppa har rundt 80 spelejobbar i året. Når den faste sjåføren på bandbussen må ha kviletida si på lange turar, tek Sindre Aam gjerne over rattet, av di han likar å køyre buss.

Saka held fram under bildet.

PYLSE OG KONJAKK: Det fekk ikkje Andreas Hagen, men eit møte med sine musikalske heltar backstage før konserten - det fekk han. Både Sindre Aam (til høgre) og Lars Egil Vågseter (nummer to frå høgre) er medlemmar i Fellesforbundet, og seier det er bra saker.

Vanlege folk

– Eg tykkjer det er like kjekt å spela for 300-400, som for tusenvis av folk. Du får mykje betre kontakt med publikum med færre folk, seier han.

Og dei tenkjer på kven det er som tingar dei. Små idrettslag kan ikkje risikera å gå på tap. Ofte vert det difor å spela for inngangspengane, slik at dei sjølve er avhengige av kor mange som kjem.

Saka held fram under bilda.

SJU KARA: Alle likar å gå på arbeid, men også å spela på fest. Sindre Aam jobbar 60 prosent på Kongsberg Maritime sin fabrikk i Ulsteinvik, og sit gjerne bak rattet når turnebussen skal på vegen.

SKJETA ONDEBROK: Treng du ei ny, så sel Vassendgutane både ondebrok og cowboyhatt.

SKJETA ONDEBROK: Treng du ei ny, så sel Vassendgutane både ondebrok og cowboyhatt.

Håvard Sæbø

Det går mykje i strøyming på Spotify, men det blir òg selt ein del CD-ar på bensinstasjonar. Det går veldig mange langs Rv3. Mange høyrer på musikken deira i bubilar eller på traktoren.

– Ein stryning ringde og var frå seg for han hadde høyrt at det ikkje skulle gjevast ut fleire plater. Han spelte dei nemleg heile dagen på verkstaden sin. Eg kunne roa han ned med å avkrefte ryktet, smiler Sindre Aam.

Saka held fram under bildet.

HAR DU KJØPT DEG NY GJØDSELSPREIAR: Vassendgutane sitt varemerke er å lage god stemning - og det var det til gagns på Den Store Havnefestivalen i Østfold. Feststemde folk svinga seg til alle dei gamle låtane, og fekk som første publikum høyre ei ny låt om kreps og krabbe.

Og framfor scena på store og mindre plassar i heile landet står blodfans i cowboyhattar med ølglas i handa og svaiar, dansar og syng med. Det er desse «vanlege» folka dei syng om i låtar som «Hjortejakt», «Granada» og «Ho va so fine».

– Dei kjenner seg att i songane våre, seier Vassendguten Sindre Aam.

COWBOYHATT OG HJORTEVEST: Blodfan av Vassendgutane syng med frå første rad. Ei sa ho hadde vore på 150 konsertar med bandet sidan 2012.

COWBOYHATT OG HJORTEVEST: Blodfan av Vassendgutane syng med frå første rad. Ei sa ho hadde vore på 150 konsertar med bandet sidan 2012.

Håvard Sæbø

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss