JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
GREP: Sindre Katla held eit fast grep om fastnøklane under eit av dekka på Johan Sverdrup.

GREP: Sindre Katla held eit fast grep om fastnøklane under eit av dekka på Johan Sverdrup.

Håvard Sæbø

Kva gjer ein industrirøyrleggjar? Kværner-tilsette Sindre gjer deg svar

Det vert ein del klatring og klyving, så det er godt å vere i god form når du skal kople røyr og stag i tronge rom.

hanne@lomedia.no

STORD: Det er ofte store dimensjonar over dei røyra industrirøyrleggjarar handterer. Men presisjonsnivået er akkurat like viktig om det er mindre størrelsar. Det dei lagar skal kanskje tole høgt trykk, som til dømes røyrleidningar i installasjonar som driv med olje- og gassproduksjon langt til havs.

I tillegg til å montere røyropplegg med pumper og ventilar, og kompressorar skal dei òg reparere, halde ved like og byggje om eldre anlegg. Dessutan driv dei med kvalitetssikring og rapportering av avvik. Dei skal òg halde verktøy og sveiseutstyr ved like og drive feilsøking på utstyret.

– Vi bruker føleblad for å måle kor nøyaktig det er. Vi har ei tolegrense på 0,25 mm inn mot pumper og kompressorar, utstyr som lagar vibrasjonar, seier Rune Svensen, med 30 år bak seg i yrket.

Saka held fram under bildet.

Håvard Sæbø

Sveis og røyr

Også Sindre Katla jobbar som industrirøyrleggjar ved Kværner Stord. Han er glad han kan sveise i tillegg til røyrlegging. To fagbrev gjer at han slepp å vente på andre, men kan sveise sjølv når det trengst. Det blir meir effektivt på den måten. Ei krone meir i lønn for dobbelt fagbrev, er heller ikkje av vegen, smiler han.

Saman med Rune Svensen syner han oss kva dei driv på med no. Den store plattformdelen som er inne i hallen på Kværner Stord skal verte eit av dei svære dekka til Johan Sverdrup-plattforma.

12 toms røyr

– No monterer vi 12 toms drensrøyr som skal taka unna regnvatn og leie vatnet vidare og vekk. Her skal det ikkje vere noko trykk, det skal berre renne, forklarar dei til dei utsende frå Magasinet, som berre har sett vanlege røyrleggjarar i arbeid med å skifte toalett og servantarmatur i private heimar.

Saka held fram under bildet.

Håvard Sæbø

Sanitærrøyrleggarar har ein heilt annan jobb, seier dei to industrirøyrleggjarane. Og dei er like stolte over det dei lagar som andre fagfolk.

– Når ei av våre installasjonar vert nemnde i nyheitene, jau då er det klårt at vi gjer folk merksame på at vi har vore med og laga ho, seier Sindre Katla og Rune Svensen.

– Vi tek nok jobben med oss heim i tankane, både Rune og eg, seier Sindre Katla.

– Ja det hender du drøymer løysningar om natta. Det har hendt meg fleire gonger, seier Rune Svensen.

Industrirøyrleggjar

Treng teknisk innsikt, vere nøyaktig og serviceinnstilt og kunne jobbe saman med andre

Jobbar innan kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, skipsbygging og treforedling.

Fagbrev etter to år på skole og to år i bedrift.