Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Regjeringa kuttar i dagpengane frå 1. januar. Hotelltilsett Magne Melsæter er usikker på om han får råd til konfirmasjonen til tvillingjentene neste år.
ÅLESUND: 12. mars innfører regjeringa strenge smitteverntiltak og reiserestriksjonar. Reiselivet merker effekten med ein gong.
– Det er ikkje berre ein liten lekkasje i eit røyr, men ein drar ut proppa i badekaret og så renn bestillingane ut, forklarer konferansevert Magne Melsæter (55) på Scandic Parken i Ålesund.
Dei tilsette blir raskt permittert. 20. mars må direktøren sløkke lyset, stenge dørene og permittere seg sjølv. Mange permitterte måtte vente på dagpengar og lønnskompensasjon til langt utpå sommaren.
– Men då var det full spotlight, diskusjonar på tv og dugnad. Vi var alle i same båt. No har lyset begynt å brenne ut, men situasjonen for meg er for pokker kanskje vel så dramatisk, seier Melsæter.
Aktuelt: 350.000 dagpengemottakere kan gå glipp av feriepenger neste år
I oktober er dei tilsette på arbeidsplassen hans framleis permittert, bortsett frå nokre avdelingsleiarar og soussjefar. Smittetala aukar i regionen og konferansar blir avbestilt. Framtida ser mørk ut.
Frå 1. januar skal likevel permitterte og ledige få mindre i dagpengar frå Nav. Regjeringa avviklar nemleg den mellombelse dagpenge-regelen om 80 prosent av lønna opp til 300.000 kroner. No blir talet 62,4 av ei lønn som allereie er låg.
Med ein heiltidsjobb og ei snittlønn i hotellbransjen, kjem permitterte til å tape 4.100 kroner i månaden (sjå faktaboks).
– Det er, for å bruke to ord, jævla ille. I eit normalår vil eg tole å vere permittert i januar og februar som er nedemånader i vår bransje. No har eg fått redusert inntekta mi så kraftig over nesten eitt år. Så skal den gå ned ytterlegare, og eg aner ikkje konsekvensane. Eg har begynt å tenke, seier han.
(Saka held fram under bildet)
Melsæter sine tvillingjenter skal konfirmerast i april neste år, fortel han. Han har bestilt lokale på hotellet.
– Eg sa til kona at det får vi til, og eg skal spare på ein konto. Pengane har smuldra vekk. Kva skal eg gjere? Skal eg skuffe tvillingane mine som har gått eit halvt år og gleda seg til dette? Der er eg i tenkeboksen, seier Melsæter som også bekymrar seg for korleis julegåvehandelen skal komme i hamn.
LO: Feriepengene er utrygge, det haster å endre loven
Han er einig i at forbetringane i dagpengeregelverket må fasast ut ein gong, men meiner 1. januar er feil tidspunkt.
– Når regjeringa og helsemyndigheitene stenger ned samfunnet for å beskytte oss og seier at vi ikkje skal møtest, må dei ta ansvar for oss som lever av at folk møtest. Gi oss føreseielegheit, ikkje 62,4 prosent og økonomiske problem i julegåve!
– Kva om folk ikkje lenger vil reise og dra på konferansar, må ikkje bransjen omstille seg og tilsette finne seg nye jobbar?
– Når du ligg nede for teljing, er det vanskeleg å vere kreativ. Du må få hovudet over vatn først. Vi er 300 meter frå land. Då kan ikkje regjeringa la oss drukne der.