JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

NTB Scanpix

«Alexander L. Kielland»-ulykka:

Anders (20) ser ned på ein stormande Nordsjø. Skal barnet hans vekse opp utan ein far?

40 år etter Norges største industriulykke, meiner overlevande og etterlatne dei framleis ikkje har fått svar på kva som var årsaka til tragedien i Nordsjøen.

tormod@lomedia.no

27. mars 1980, litt før klokka 18.30, Ekofiskfeltet i Nordsjøen: Han bråvaknar av eit smell og skrik. Han skjøner med ein gong at noko er katastrofalt gale. Riggen har fått slagside, og garderobeskapa har sklidd nedover og sperrar døra ut av lugaren. I berre underbuksa får han opna vindauget, kjem seg ut i korridoren og vidare ut på dekk.

Ute er det mørkt og kaldt. Han høyrer lydane av full storm, ulande vind og jarn som skrapar. Han passerer ei gruppe kollegaar, før ein usikra konteinar sklir forbi. Helliksen høyrer ein lyd han verken før eller seinare har høyrt, eit metallsmell og ein lyd av menneskekroppar som blir knust. I ein augeblink får han panikk.

«Alexander L. Kielland»-ulykka 27. mars 1980 er Norges største industriulykke. 123 døydde. 30 vart aldri funne. 89 overlevde. Her er Anders Helliksen sin historie.

Saka fortset under bildet.

DRAUM: Etter at Anders Helliksen fekk fagbrevet i 1978 på Tangen verft i Kragerø, var draumen å reise ut i Nordsjøen. God lønn og lange friperiodar lokka. Første tur var i påska året etter, for arbeidsgivar Nymo i Grimstad.

DRAUM: Etter at Anders Helliksen fekk fagbrevet i 1978 på Tangen verft i Kragerø, var draumen å reise ut i Nordsjøen. God lønn og lange friperiodar lokka. Første tur var i påska året etter, for arbeidsgivar Nymo i Grimstad.

Privat

Stormen

På Kielland-plattforma hadde Helliksen vore mange gongar, etter at den 20 år gamle røyrleggaren året før fekk oppfylt draumen om å jobbe i Nordsjøen. Dagen startar som vanleg, sett bort frå at helikopterturen ut til arbeidsstaden blir innstilt på grunn av tåke.

Hør Anders historie her:

alex k

Abonnér på Rørsla der du hører på podkaster!

Seinare blåser det opp til storm, og all trafikk blir kansellert. Saman med kollegaar går han på lugaren for å spele poker. På dørken ligg skipssekkene ferdig pakka. Kielland er ein borerigg bygd om til bustadplattform, med konteinarar som lugarar. No skal den til britisk sektor for å bore etter olje, og dei skal bytte bustadplattform til den toppmoderne søsterplattforma «Henrik Ibsen». Helliksen er sliten og vil kvile fram til middag. Han kler av seg, og legg seg i køya.

Mens han søv, slår bølger oppe i ti meter mot plattforma. Gangbrua til naboplattforma «Edda» blir løfta, og Kielland forhalt bort. Frå Edda høyrer mannskapet bråk frå naboplattforma, og ser at eitt av beina brekker av. Om bord på Kielland høyrer mannskapet smell, og kjenner kraftige rørsler. Så krenger den.

Saka fortset under bildet.

PENTAGON: Kielland var ei såkalla pentagonplattform, ein flytande installasjon på fem bein. Den var bygd for å tole storm og dårleg ver.

PENTAGON: Kielland var ei såkalla pentagonplattform, ein flytande installasjon på fem bein. Den var bygd for å tole storm og dårleg ver.

NTB Scanpix

Hoppet

Han har komme seg ut på dekk. Trass i at han nettopp har sett menneske bli knust av ein konteinar, klarer Helliksen å halde hovudet kaldt. Overlevingstrongen tar over. Han bestemmer seg for å prøve å ta seg til det høgaste punktet på plattforma. Etter nokre meter ser han ein god venn. Kameraten ligg på dørken, omtrent delt i to av ein ankervaier som har roke.

Han snur mot ein livbåt som har blitt låra lenger ned, men ser at bølgene gjer at ein kollega blir knust mellom plattform-beinet og båten når dei ikkje klarer å løyse den. Han vender om på nytt, og fortset oppover. Lenger oppe er det kø for å få tildelt redningsvest. Helliksen får den siste.

Til slutt står han på det høgaste punktet, heilt aleine. Avstanden til det stormande havet er mellom tjue og tretti meter. Over han heng eit helikopter. Han veivar med armane og roper, men skjøner at dei ikkje kan hjelpe. Då kjem dei mørke tankane.

Då han reiste ut i Nordsjøen fire dagar tidlegare, hadde han fått ei avskjedshelsing frå kjærasten. Ho er gravid, og Helliksen skulle bli far. Bestefaren døydde på sjøen, onkelen døydde på sjøen. Skulle også barnet hans vekse opp utan ein far? Han hoppar.

Uvissa

Han forsvinn langt ned i Nordsjøen, i dragsuget. Kaos. Boblar. Ei kjensle av å vere vektlaus. Så drar redningsvesten han oppover i rask fart. Opp til stormande vatn. Han lever. Det er få gradar i vatnet, og kulda innhentar han. Kielland er borte. Alt han ser er dei fire beina som stikk opp frå havet.

Han ligg i sjøen ei stund, før han møter to kollegaar. Dei klarer etter kvart å svømme til livbåt 5 som ligg opp ned i sjøen. No er Helliksen tom for krefter. Han bind seg fast til tauverket, sånn at han skal bli funnen om han døyr.

Klokka 21.30 kjem den første ekstrasendinga frå Dagsrevyen om ulykka. Heime i Kragerø sit Helliksen sin mamma Petra, pappa John, veslebror Bjørn og kjæraste Berit. Dei ventar på livsteikn. I femtida på morgonen får dei ein telefon frå arbeidsgivaren. Anders er funnen, ifølge Redningssentralen, men dei veit ikkje om han er i live.

Saka fortset under bildet.

KANTRING: Etter at Kielland-plattforma velta, kunne ein berre sjå pontongane under beina som den flaut på.

KANTRING: Etter at Kielland-plattforma velta, kunne ein berre sjå pontongane under beina som den flaut på.

NTB Scanpix

Redninga

Anders lever. Personane inne i båten og ute i sjøen, klarer saman å snu livbåt 5. Helliksen blir dratt inn. 33 mann sit tett saman, og varmen kjem tilbake i kroppen. Ved hjelp av radioen i livbåten, klarer dei etter kvart å få kontakt med eit forsyningsskip.

Klokka 19.30, ein time etter at Kielland først krenga, blir dei funnen av «Normand Skipper». Fleire går på taket for å prøve å ta seg over. Bølgene er så høge at fartøya kræsjar inn i kvarandre, og taket på livbåten sprekk på langs.

Etter eit nytt forsøk, klarer Helliksen og 11 andre å hoppe over til eit nett som heng langs sida på forsyningsskipet. Han får varme klede og mat. Kraftene kjem tilbake. Resten av natta står Helliksen på brua, og ser etter overlevande og omkomne i sjøen.

Saka fortset under bildet.

INGEN MARERITT, MEN ØYDELAG RYGG: Overlevande Anders Helliksen er ikkje plaga med mareritt eller vonde tankar. Han var aktiv i Kielland-fondet, og reiste rundt til overlevande og etterlatne for å samle underskrifter til ei erstatningssak mot Philips. Sånn fekk han snakka ut, saman med sørgande koner, mødrer og barn. Helliksen har derimot ein øydelagd rygg. Hoppet frå plattforma førte til tre store ryggoperasjonar seinare i livet.

INGEN MARERITT, MEN ØYDELAG RYGG: Overlevande Anders Helliksen er ikkje plaga med mareritt eller vonde tankar. Han var aktiv i Kielland-fondet, og reiste rundt til overlevande og etterlatne for å samle underskrifter til ei erstatningssak mot Philips. Sånn fekk han snakka ut, saman med sørgande koner, mødrer og barn. Helliksen har derimot ein øydelagd rygg. Hoppet frå plattforma førte til tre store ryggoperasjonar seinare i livet.

Håvard Sæbø

Aksjonen

Det går tjue minutt frå Kielland krenger til den kantrar. Alle land rundt Nordsjøen deltar i redningsaksjonen den natta. Eit åttitals skip, 19 helikopter og sju fly deltar, i stormande sjø og med dårleg sikt.

Frå Edda heiser dei opp åtte personar i ei personellkorg, og kastar ut redningsvestar og flåtar til overlevande. Ti mann kjem seg opp i ein av flåtane. Resten om bord i livbåt 5 blir heist opp i helikopter i løpet av natta. Det same blir 26 personar i livbåt 1. Andre blir redda frå flåtar eller sjøen, av forsyningsskip eller helikopter.

Saka fortset under bilda.

OVERLEVANDE: Kielland-overlevande vart frakta til Sola flystasjon. Nokre vart lagt inn på sjukehus, mens andre vart sendt heim.

OVERLEVANDE: Kielland-overlevande vart frakta til Sola flystasjon. Nokre vart lagt inn på sjukehus, mens andre vart sendt heim.

NTB Scanpix

FAMILIE: Familiemedlemmer måtte vente lenge på melding om korleis det gjekk. Anders Helliksen får varsla familien frå Ekofisksenteret formiddagen 28. mars.

FAMILIE: Familiemedlemmer måtte vente lenge på melding om korleis det gjekk. Anders Helliksen får varsla familien frå Ekofisksenteret formiddagen 28. mars.

NTB Scanpix

Dei neste to vekene finn dykkarar omkomne på havbotnen, i vrakrestar og i knuste livbåtar. Mange har drukna eller fryse i hel.

Frå texas til HMS

Berre åtte av dei overlevande frå Kielland hadde redningsdrakt, og 22 hadde heller ikkje redningsvest. To av sju livbåtar berga overlevande. Resten forsvann under krenginga, eller vart knust då mannskapet ikkje klarte å løyse dei frå plattforma. Det viste seg dessutan at berre éin av fire om bord hadde gjennomført tryggleikskurs. Dei andre hadde fått dispensasjon frå Sjøfartsdirektoratet.

Den offentlege granskingskommisjonen kom seinare med ei rekke tilrådingar som vart tatt i bruk for å betre tryggleiken. Alle skulle ta tryggleikskurs, og talet redningsdrakter og livbåtplassar skulle vere dobbelt så stort som talet mannskap. Hjelpefartøy måtte ligge nærmare plattformene, og redningsdraktene fekk handtak til å dra opp folk med.

Nordsjø-arbeidarar skildrar cowboy-tilstandar på 70-talet. Saman med brannen på «Alfa»-plattforma i 1975, reknast Kielland-ulykka som ei av hovudårsakene til at tryggleiken i Nordsjøen blir betre.

– Når vi jobbar med HMS har vi alltid Kielland-ulykka i minne, seier offshore-sekretær Mohammad Afzal i Fellesforbundet.

Ein. To. Tre

Betre tryggleik var eit viktig krav for Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund, i dag Fellesforbundet. Dei var forbundet med flest medlemmer om bord på Kielland.

– Det er så lett å hugse kor mange som omkom. Ein. To. Tre. Hundre-og-tre-og-tjue.

Saka fortset under bildet.

AVLYTTA: Tidlegare Jern og Metall-sekretær Svein Muffetangen jobba med Kielland-ulykka. Han oppdaga at telefonsamtalane hans vart avlytta. Myndigheitene fann aldri ut kven som stod bak.

AVLYTTA: Tidlegare Jern og Metall-sekretær Svein Muffetangen jobba med Kielland-ulykka. Han oppdaga at telefonsamtalane hans vart avlytta. Myndigheitene fann aldri ut kven som stod bak.

Tormod Ytrehus

36 av dei var Jern og Metall-medlemmer. Bak tala skjuler det seg enkeltmenneske. Svein Muffetangen (80) var offshoresekretær i forbundet, og kjente mange av dei.

Dei kom frå Haugesund Mekaniske Verksted, Aker-gruppa og bedriftene i Oil Industry Services (OIS) på Sørlandet. Muffetangen fortel at forbundet kjempa for å få plattforma snudd, og finne årsakene. Han støttar kravet om ei ny gransking av ulykka.

– Vi har ikkje fått det riktige svaret, seier han til Magasinet.

Kva gjekk gale?

Allereie dagen etter Kielland kantra, sette Nordli-regjeringa ned ein offentleg granskingskommisjon. I 1981 kom konklusjonen i ei norsk offentleg utgreiing. Årsaka var ein dårleg sveis som hadde ført til sprekkar og brot i ein avstivar mellom beina, eit stag, konkluderte dei. Det var det franske verftet CFEM si skuld. Eigarane i Stavanger Drilling II fekk dermed utbetalt full erstatning frå forsikringsselskapa.

Saka fortset under bildet.

TJUE MINUTT: Det tok berre tjue minutt frå beinet brekte av og plattforma krenga, til den kantra og låg opp ned i sjøen.

TJUE MINUTT: Det tok berre tjue minutt frå beinet brekte av og plattforma krenga, til den kantra og låg opp ned i sjøen.

NTB Scanpix

Kielland vart taua inn til fastlandet i april 1980, og forsøkt snudd utanfor Stavanger på hausten. Verken kommisjonen eller Willoch-regjeringa meinte det var nødvendig. Overlevande, etterlatne og stortingsfleirtallet ville derimot snu den for å finne omkomne og årsaker til ulykka.

I 1983 vart den snudd, og granskingskommisjonen leverte ein kort tilleggsrapport. Plattforma vart senka kort tid etterpå, mot vilja til dei som ville hogge den opp og undersøke den nærmare.

Saka fortset under bildet.

SEKS OMKOMNE: Dei fann seks omkomne i Kielland-plattforma, då den vart snudd. Fleire meinte plattforma burde hoggast opp og undersøkast nærmare, men den vart til slutt senka på 700 meters djup i Nedstrandsfjorden i Rogaland.

SEKS OMKOMNE: Dei fann seks omkomne i Kielland-plattforma, då den vart snudd. Fleire meinte plattforma burde hoggast opp og undersøkast nærmare, men den vart til slutt senka på 700 meters djup i Nedstrandsfjorden i Rogaland.

NTB Scanpix

Fleire årsaker

Seinare har det stått strid om konklusjonen frå kommisjonen. Etter at leigetakar Phillips Petroleum Company og norske forsikringsselskap gjekk til sak mot CFEM med krav om erstatning på 700 millionar kroner, gjennomførte franske ekspertar ei gransking av Kielland-ulykka.

Den slo fast at plattforma var feil drifta, og at årsakene til ulykka var samansette. Bustadkonteinarane som var sveisa på, førte til dårleg stabilitet. Oppankringa og forhalinga var gjennomført feil. Dessutan måtte plattforma ha vore utsette for ein kollisjon. Alt dette bidrog til at staget brekte. Phillips, forsikringsselskapa og CFEM inngår i 1991 eit hemmeleg forlik om 6,5 millionar kroner i erstatning. Det utgjer under éin prosent av kravet.

Dokumentasjon i samband med den norske granskinga av Kielland-ulykka, viser også at dører stod opne under arbeid om bord, som skulle vere lukka. Det gjorde at vatnet trengde seg inn raskt, og bidrog til at plattforma mista stabilitet og velta etter berre tjue minutt.

Saka fortset under bildet.

STAG: Eit brot i eit av stag førte til brot i ei av dei fem søylene. Årsaka var ifølge undersøkingar ein dårleg sveis i festet til ein hydrofon, ein undervatnsmikrofon som sende signal som vart brukt til å styre plattforma.

STAG: Eit brot i eit av stag førte til brot i ei av dei fem søylene. Årsaka var ifølge undersøkingar ein dårleg sveis i festet til ein hydrofon, ein undervatnsmikrofon som sende signal som vart brukt til å styre plattforma.

Jan Egil Pettersen / Norsk Oljemuseum

TETT INNTIL: Kielland (til venstre) låg tett inntil boreriggen Edda. To ankervinsjar på toppen av kvar søyle, styrte forhalinga. Kielland brukte berre åtte av ti ankervinsjar, fordi Edda stod i vegen.

TETT INNTIL: Kielland (til venstre) låg tett inntil boreriggen Edda. To ankervinsjar på toppen av kvar søyle, styrte forhalinga. Kielland brukte berre åtte av ti ankervinsjar, fordi Edda stod i vegen.

NTB Scanpix

Spekulasjonar

Veldig mange teoriar har oppstått om kva som gjekk gale. Granskinga av Kielland-ulykka var prega av strengt hemmeleghald. Først i fjor, opna myndigheitene dei hemmelege arkiva sine.

Det skjedde to andre store ulykker på oljeplattformer på 80-talet. Kanadiske «Ocean Ranger» kantra, og alle 84 om bord omkom. På «Piper Alpha» i britisk sektor av Nordsjøen, døydde 167 i ein brann. Begge land gjennomførte granskingar der prosessen var open for presse og publikum.

Det har blitt spekulert i om Norge var redd for å miste omdømme som oljenasjon, eller frykta at Kielland-ulykka skulle sette ein stoppar for oljeeventyret.

– Dei som mista sine kjære får ikkje fred så lenge det er spekulasjonar, seier Anders Helliksen som er styremedlem i Kielland-nettverket med overlevande og etterlatne.

Saka fortset under bildet.

MINNE: Minnesmerke «Brutt Lenke» i Stavanger, vart avduka av kronprins, statsminister og ordførar i i 1986. Her har det seinare vore mange markeringar.

MINNE: Minnesmerke «Brutt Lenke» i Stavanger, vart avduka av kronprins, statsminister og ordførar i i 1986. Her har det seinare vore mange markeringar.

Ernst S. Knudsen / Norsk Oljemuseum

Ny undersøking

I 2016 oppstod det ny debatt om årsakene. Forskarar ved Universitetet i Stavanger publiserte nye opplysingar gjennom bokserien «Råolje», etter samtaler med over 300 involverte. Aftenbladet publiserte også ei rekke artiklar. Kielland-nettverket vart starta på slutten av året, med krav om ny gransking.

– Det har blitt ei større bevisstheit om at ein må sjå etter samansette årsaker til ulykka. Dei overlevande må få svar, sånn at vi får ei felles forståing av ulykka, seier UiS-professor Marie Smith-Solbakken til Magasinet.

I fjor vedtok Stortinget at Riksrevisjonen skulle undersøke myndigheitene sitt arbeid med ulykka. Anders Helliksen og Kielland-nettverket håpar dei kjem med ei tilråding om å granske ulykka på nytt.

Omkomne

Agder: 38

Rogaland: 32

Vestlandet: 11

Vestfold og Telemark: 10

Trøndelag: 4

Møre og Romsdal: 2

Andre omkomne var frå Finland, Island, Storbritannia, Sverige, Spania, Tyskland og USA.

Kjelde: Kielland-nettverket, Store norske leksikon

Tidslinje

1976: Kielland blir bygd på det franske verftet CFEM. Den blir bygd om til bustadplattform, leigd ut til Phillips og brukt på Ekofiskfeltet.

1980: Kielland kantrar.

1981: Støttegruppa Kielland-fondet for overlevande og pårørande, blir oppretta.

1981: Granskingskommisjonen legg fram funna sine i ei norsk offentleg utgreiing.

1981: Phillips og norske forsikringsselskap saksøker CFEM i Frankrike.

1982: Etterlatne og overlevande saksøker Phillips i USA, men søksmålet blir avvist av retten.

1983: Kielland blir snudd, og senka to månader seinare. Granskingskommisjonen leverer ein kort tilleggsrapport.

1985: Den franske granskingskommisjonen legg fram rapporten sin.

1991: Phillips, forsikringsselskapa og CFEM inngår eit hemmeleg forlik.

1996: Kielland-fondet blir lagt ned.

2016: Det oppstår ny debatt om årsakene til ulykka. Kielland-nettverket blir oppretta.

2019: Stortinget vedtar at Riksrevisjonen skal undersøke granskinga av ulykka. Undersøkinga skal etter planen leggast fram i mars 2021.

Kjelder

• Store norske leksikon

• Boka «Råolje: 'Alexander L. Kielland'-ulykken. Hendelsen, etterspillet, hemmelighetene»

• Artikkelen «Alexander L. Kielland-ulykken 1980. Fortielsen og forbitrelsen» i tidsskriftet Arbeiderhistorie

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss