JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bemanningsbransjen:

Fellesforbundet krev innleige-forbod straks

Fagforeining meiner det er løftebrot at regjeringa ikkje forbyr innleige frå bemanningsbyrå på byggeplassar i Oslofjord-området som strakstiltak.
OVERMODENT: Strakstiltak i Oslo-området er overmodent, eit løfte frå dei raudgrøne partia og behovet er godt dokumentert, meiner leiar Joachim Espe i Bygningsarbeidernes Fagforening.

OVERMODENT: Strakstiltak i Oslo-området er overmodent, eit løfte frå dei raudgrøne partia og behovet er godt dokumentert, meiner leiar Joachim Espe i Bygningsarbeidernes Fagforening.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

– Vi er skuffa, og meiner det er å springe frå løfta sine.

Det seier fagforeiningsleiar Joachim Espe i Bygningsarbeidernes Fagforening om at regjeringsplattforma til Ap og Sp ikkje nemner noko om forbod mot innleige frå bemanningsbyrå i byggebransjen på Austlandet.

I Hurdalsplattforma til Ap og Sp heiter det at regjeringa vil «sette i gang eit lovarbeid for å avgrense omfanget og rolla til bemanningsbransjen».

Arbeidet skal komme i gang raskt, forklarer arbeidsminister Hadia Tajik (Ap) i ein epost.

– Gjennom dette arbeidet vil vi ta stilling til om innstrammingane vil komme i form av lov, forskrift eller begge delar, seier statsråden.

Ny arbeidsminister: Hadia Tajik er åpen for innleieforbud i Oslo-området

Byggebransjen i Oslo straks

Ei utgreiing er heilt naturleg for eit lovforslag som gjeld bemanningsbransjen i heile landet, meiner Joachim Espe.

– Men eit strakstiltak innanfor bygg i Oslo-området er overmodent, eit løfte frå dei raudgrøne partia og behovet er godt dokumentert, argumenterer han.

Han får støtte frå Fellesforbundet-nestleiar Steinar Krogstad.

– Vi har forståing for at ein må drive lovarbeid om ein skal endre lova, men vi skulle ønska at bruk av forskriftsåtgangen var ein del av Hurdalsplattforma, seier Krogstad.

Kranfører Rafal: – Bemanningsbyrået har ødelagt livet mitt

NESTLEIAR: Steinar Krogstad i Fellesforbundet.

NESTLEIAR: Steinar Krogstad i Fellesforbundet.

Håvard Sæbø

Forskriftsåtgangen er moglegheita i arbeidsmiljølova til å forby innleige frå bemanningsbyrå i enkelte arbeidstakargrupper og område utan å endre lova. Ap, Sp, SV og Raudt foreslo og stemte for eit sånt forbod på byggeplassar i Oslo, Viken og Vestfold fleire gongar i førre stortingsperiode.

– Det er mykje enklare å forby gjennom forskrift, og då kan vi sjå om forbod fungerer, argumenterer Krogstad.

Fellesforbundet jobbar no for at regjeringa skal ta i bruk forskriftsåtgangen samtidig som lovarbeidet blir gjort, forklarer han.

Før valget: Hva vil partiene gjøre med bemanningsbransjen? Her er svarene

Vil møte Tajik

Seinast i slutten av august gjennomførte ei rekke fagforeiningar i Oslo ein politisk streik mot bemanningsbransjen: LO i Oslo, Heismontørenes Fagforening og Elektromontørenes Forening i EL og IT Forbundet, Tømrer og Byggfagforeningen og Bygningsarbeidernes Fagforening i Fellesforbundet.

Fagforeiningane kjem no til å be arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik om eit møte for å diskutere saka, seier Joachim Espe.

– Då får vi høyre kva ho seier, korleis regjeringa skal innfri løfta sine og kva dokumentasjon som manglar for eit strakstiltak.

Fagforeininga har sjølv gjort undersøkingar som viser massiv bruk av ulovleg innleige på byggeplassar i Oslo. Ein Fafo-rapport lansert førre veke viser at omfanget av bemanningsbransjen i bygg er 15 prosent nasjonalt. Delen er truleg langt større i Oslo, påpeikar Espe. Ei undersøking i Statsbygg viser at halvparten av byggeplassane deira hadde ulovleg innleige.

– Kor mykje dokumentasjon trengst?

I 100-dagarsplanen til Ap står det at regjeringa skal forby innleige som fortrenger faste tilsettingar.

– Korleis kan ein seie at det ikkje skjer i Oslo? Vi har masse tal på at eigenbemanninga har falt dramatisk, mens bemanningsbransjen har vakse dramatisk, seier Espe.

Les også: Bygningsarbeidere streiket mot innleie fra bemanningsbyrå

Også industrien

Kritikken mot bemanningsbransjen har vore sterkast innanfor byggebransjen.

Men også fagforeininga til ISO-arbeidarar på oljeplattformer og verftsarbeidarar i Stavanger-området har engasjert seg i kravet om å avvikle bemanningsbransjen.

– Eg synest det er vagt. Regjeringa er ikkje klare nok på kva dei meiner. Eg er rett og slett skuffa, seier fagforeiningsleiar Arild Håvik i Fellesforbundet avdeling 25 om innhaldet i Hurdalsplattforma om bemanningsbransjen.

FAGFOREININGSLEIAR: Arild Håvik i Stavanger.

FAGFOREININGSLEIAR: Arild Håvik i Stavanger.

Håvard Sæbø

Håvik er spent på kven regjeringa inkluderer i arbeidet med ei utgreiing.

– Eg håpar arbeidet kjem fort i gang, og at regjeringa tar med seg folk som veit kor skoen trykker. Fagforeiningane er tettast på problema i bransjen, og kjenner situasjonen til medlemmer som blir dårleg behandla, seier han.

– I dag skvisar dei useriøse ut dei som prøver å vere seriøse og følge lov- og avtaleverk. Om vi skal ha bemanningsselskap, må det komme strengare reglar om kven som får lov til å drive, meiner fagforeiningsleiaren i Stavanger.

Debatt: «Frislippet av bemanningsbransjen var et historisk feilgrep»

Må sikre arbeidskraft

Fagforeiningsleiar Richard Storevik i Fellesforbundet avdeling 5 i Bergen og omland, med mange industriarbeidarar som medlemmer, støttar solidarisk kravet frå fagforeiningane i Oslo og Bergen om forbod i bygg.

Men han synest det er fornuftig at regjeringa går inn for eit lovarbeid når det gjeld resten av bemanningsbransjen.

– Eg synest det er heilt riktig av regjeringa å bruke tid, og ikkje ta ei forhasta avgjerd, seier han.

FAGFOREININGSLEIAR: Richard Storevik i Bergen.

FAGFOREININGSLEIAR: Richard Storevik i Bergen.

Erlend Angelo

Han viser til at landsmøtevedtaket til Fellesforbundet i 2019 om å «avvikle bemanningsbransjen i si noverande form» og «styrke den offentlege arbeidsformidlinga» heng saman.

– Før vi avviklar bemanningsbransjen i si noverande form, må vi vite kva som varetar behovet for arbeidskraft. Strakstiltaket i lovverket skal brukast i bygg, men vi må løyse behovet for industrien sin del. Vi er allereie i konkurranse med utlandet, og kan ikkje forhandle oss ut porten.

Storevik rykka nyleg ut med kritikk mot Equinor for ulovleg innleige av ISO-arbeidarar på oljeplattformer. Han registrerer at regjeringa i Hurdalsplattforma vil auke bruken av overtredingsgebyr.

– Der det er ulovleg innleige må vi få eit Arbeidstilsyn som sanksjonerer så det svir. Det forventar eg at dei tar tak i.

Debatt: «Equinor driver med sosial dumping»

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse