JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Folk på Frøya fryktar for framtida på øya: – Det er eit ran av kystsamfunn

Etter tjue år med eventyrleg vekst, er pessimismen tilbake. Allereie merkar lokalsamfunnet konsekvensane av lakseskatten.
Så populært er det å bu på Frøya at bustadprisane er på Trondheims-nivå. – Men utan Salmar, Mowi og Lerøy hadde vi vore ingenting, meiner lakserøktarane Peter Petrov, Tomas Trazka og Hans Werkland.

Så populært er det å bu på Frøya at bustadprisane er på Trondheims-nivå. – Men utan Salmar, Mowi og Lerøy hadde vi vore ingenting, meiner lakserøktarane Peter Petrov, Tomas Trazka og Hans Werkland.

Håvard Sæbø

08.01.2023
07:00
25.01.2023 11:11

tormod.ytrehus@lomedia.no

haavard.saebo@lomedia.no

TRØNDELAGSKYSTEN: 5.300 innbyggarar bur på øya, og Frøya har hatt den høgaste befolkningsveksten i Trøndelag dei siste sju åra.

Grunnen? Tusenvis av holmar og skjer, golfstraumen og oppdrettsnæringa.

– Det er ikkje akkurat verdas navle dette. Det er på ein måte mot alle odds, forklarer ordførar Kristin Furunes Strømskag.

I mange andre kommunar er kommunen sjølv største arbeidsgivar.

Men på Frøya jobbar dobbelt så mange på fiskefabrikken til Salmar på Nordskaget, Innovamar, der laksen blir tatt i land, slakta og vidareforedla. Den gigantiske fabrikken har rundt 1.000 tilsette.

Mens til saman 1.700 innbyggarar på Frøya jobbar i havbruk eller i tilknyting til næringa. Det er over 30 prosent av innbyggarane.

Mens laksen vart sendt til Aust-Europa for tjue år sidan, kjem austeuropearane no til Frøya. Snaut ein av tre innbyggarar på øya jobbar i havbruk eller i tilknytning til næringa.

Mens laksen vart sendt til Aust-Europa for tjue år sidan, kjem austeuropearane no til Frøya. Snaut ein av tre innbyggarar på øya jobbar i havbruk eller i tilknytning til næringa.

Håvard Sæbø

Sånn har det ikkje alltid vore. For tjue år sidan vart fiskefabrikken og hjørnesteinsbedrifta Marine Harvest (no Mowi) outsourca til Polen.

Botnpunktet var litt over 4.000 innbyggarar i 2006.

Kommunen og næringslivet gjekk saman om prosjektet «Frøya inn i framtida». Salmar-eigar Gustav Witzøe bidrog med ei satsing på vidareforedling. Det vart ein suksess.

Mens laksen vart sendt til Aust-Europa for tjue år sidan, kjem austeuropearane no til Frøya. Og der buset dei seg for å jobbe og held liv i lokalsamfunnet. Heile 28 prosent av innbyggarane er arbeidsinnvandrarar eller born av arbeidsinnvandrarar.

Så populært er det å bu på Frøya at bustadprisane er på Trondheims-nivå.

Vi har snakka med Fellesforbundet-medlemmar i ulike bransjar på Frøya, om lakseoppdrett og den nye lakseskatten som regjeringa har varsla.

I motsetnad til nabokommunen Hitra, har heile fire børsnoterte selskap tilhald på Frøya.

I motsetnad til nabokommunen Hitra, har heile fire børsnoterte selskap tilhald på Frøya.

Erlend Angelo

Lakserøktaren: – Rein idioti

Flest arbeidstakarar jobbar inne på den gigantiske fiskefabrikken til Salmar, men også nokre røktarar jobbar på ventemerdane der dei tar imot brønnbåtar og sender 8.000 laks i timen inn i fabrikken.

– Rein idioti, seier røktar Tomas Trazka.

Han svarer på spørsmålet vårt om kva han meiner om den såkalla grunnrenteskatten.

Skatten skal vere 40 prosent på avkastninga dei store oppdrettsselskapa har på oppdrett av laks i sjøen.

For Trazka var resultatet tidenes dyraste sydenferie. Han var bortreist da forslaget vart lagt fram i slutten av september, og kom heim til at aksjekursen i Salmar over natta var redusert med 30 prosent – og dermed også sparepengane hans.

– Det er eit ran av kystsamfunn. Utan Salmar, Mowi og Lerøy (dei tre største oppdrettsselskapa) hadde vi vore ingenting, seier røktar Hans Werkland.

Sånn stupte verdien på Salmar etter pressekonferansen om lakseskatten 28. september.

Sånn stupte verdien på Salmar etter pressekonferansen om lakseskatten 28. september.

Skjermdump frå nordnet.no

– Eg trur ikkje Gustav (Witzøe) har noko imot skatt, men dette er feil måte.

Werkland har jobba i Salmar Farming i sju år, er frå Frøya og starta som sommarvikar allereie i 2011.

Trazka har jobba i Salmar i heile 17 år og kom til Norge frå Polen saman med kona.

Kollega Peter Petrov frå Bulgaria har jobba der omtrent like lenge. Han har slått seg ned på Frøya med norsk sambuar, som også jobbar i Salmar, og to born.

Werkeland fryktar no nedleggingar på nyåret og at folk må flytte for å finne seg arbeid.

Hotellsjefen: – Føler det er krise

Inne på Hotell Frøya på Sistranda, treff vi resepsjonistane Marie Oldervik og Mari Eiriksson. Hotellet har tariffavtale og er mykje brukt av næringslivet på øya.

Oldervik er frå Frøya og har jobba på hotellet i fem år, men skal no over til ein ny jobb innanfor sal i Salmar. Mens Eiriksson flytta hit frå Trondheim i mars for å jobbe på hotellet.

– Det bles mykje, men elles er det fint her, seier Eiriksson.

– Alle kjenner alle. Det er eit samansveisa samfunn på godt og vondt. Folk bryr seg om kvarandre, seier Oldervik.

Lakseskatten er er det folk snakkar om på Frøya no, fortel dei.

– Eg er ikkje mot ideen, men det kom brått på og er ikkje mykje diskutert, seier Oldervik.

Skatten rammar ikkje berre eigarane av oppdrettsselskapa, meiner dei, men også leverandør- og servicenæringa – og heile lokalsamfunnet på Frøya.

Lakseskatten er snakkisen på Frøya no, fortel hotellresepsjonistane Mari Eiriksson og Marie Oldervik på Hotell Frøya.

Lakseskatten er snakkisen på Frøya no, fortel hotellresepsjonistane Mari Eiriksson og Marie Oldervik på Hotell Frøya.

Håvard Sæbø

– Vi lever av oppdrettsnæringa og har satsa, forklarer Valborg Bekken som er eigar og dagleg leiar på Hotell Frøya.

Hotellet bygde ut for snart ti år sidan, og for fem år sidan bygde dei toppetasjen for arrangement på grunn av aktiviteten i oppdrettsnæringa. 45 tilsette jobbar på hotellet som har arbeidsfolk, forretningsfolk og lokalbefolkning som gjestar.

Hotellet har i haust hatt dårlegare omsetnad enn året før, fortel Bekken. Bookinga på overnattingar og seminar har gått ned 30 prosent frå i fjor.

Saman med prisveksten, meiner ho den varsla lakseskatten er grunnen. Det var ikkje dette hotellet trong etter koronapandemien.

Bedriftene investerer ikkje sånn dei elles ville ha gjort, meiner ho.

– Det er krise.

– Eg er heilt einig i at dei skal betale ein del. Men skatten er prega av hastverk og usikkerheit.

Nok av fisk i havet: Dette er ein oversikt over stadar med fiskeoppdrett på Frøya.

Nok av fisk i havet: Dette er ein oversikt over stadar med fiskeoppdrett på Frøya.

Skjermdump frå barentswatch.no

– Det har vore eit eventyr at eit skjer i havgapet får til dette. Vi er heldige på Frøya som har alle slags tilbod for unge. Det er fordi vi har eit næringsliv som sponsar og er gåvmild, forklarer ho.

Ho viser til at næringslivet bidrog til bygginga av ny fotballhall og kulturhus.

– Vi fryktar eit samfunn som ikkje er i vekst. Vi treng aktivitet og folk på øya, seier Bekken.

– Det er eit fantastisk samfunn med dugnadsånd. Eg kunne aldri tenkt meg å bu i Trondheim. Her slepp ein kø og eksos, kjas og mas. Vi treng lokalsamfunna i distrikta, og vi treng arbeidsplassar.

– Eg føler det er krise, gjentar hotelleigaren.

– Det har vore eit eventyr at eit skjer i havgapet får til dette, meinar eigar og dagleg leiar Valborg Bekken på Hotell Frøya. No følar ho det er krise.

– Det har vore eit eventyr at eit skjer i havgapet får til dette, meinar eigar og dagleg leiar Valborg Bekken på Hotell Frøya. No følar ho det er krise.

Håvard Sæbø

Leverandøren: – Som å slå av ein brytar

Ein annan som er avhengig av oppdrettsnæringa, er den tre år gamle Hydroscand-avdelinga på andre sida av den undersjøiske tunellen til Hitra.

Butikken leverer slangar og koplingar til verft og oppdrett.

– Eg skjøner at næringa hyler når dei gir frå seg pengar, men kor reelt det er, veit eg ikkje. Eg føler det er litt politisk spel for å avgrense skatten. Investeringsstoppen går utover leverandørane.

Det seier avdelingsleiar Geir Rosmo. Han flytta frå Trondheim til Frøya for fem år sidan og fortel at han har to ungar som jobbar innanfor havbruk.

 – At investeringane går ned er det ikkje tvil om, fortel avdelingsleiar Geir Rosmo hos leverandøren Hydroscand på Hitra.

 – At investeringane går ned er det ikkje tvil om, fortel avdelingsleiar Geir Rosmo hos leverandøren Hydroscand på Hitra.

Håvard Sæbø

Han har merka stoppen i investeringar hos kundane etter at skatteforslaget vart lagt fram.

– Det var som å slå av ein brytar.

– At investeringane går ned er det ikkje tvil om, men kvifor veit eg ikkje.

Sjølv støttar han meir skatt, men meiner meir av pengane må komme næringa til gode.

– Alle må betale, men dei må få til eit fornuftig system.

Sveisaren: – Laksebaronane bidrar

Lenger inn på Hitra ligg den mekaniske verkstaden Marine Metall.

Bedrifta driv med sveis og konstruksjon, med oppdrettsselskapet Mowi som største kunde, og leverer til både fabrikkar og oppdrettsanlegg.

Oddgeir Storø er produksjonsleiar og sveisekoordinator. Mange av kundane til bedrifta har dratt på handbrekket, fortel han, og handbrekket har fryse fast.

Marine Metall klarer seg akkurat utan permitteringar på grunn av lange kontraktar og vedlikehald, fortel han.

– Det er klart at noko må til, for alle ser at det dei kallar laksebaronar tener enormt med pengar. Men alle oss med føtene på bakken, har fått med oss at Gustav (Witzøe) bruker ikkje pengane på berre seg sjølv, men på heile lokalsamfunnet. Det dryp mykje på lokalsamfunnet.

– Eg trur ikkje akkurat forslaget var konsekvensutreda.

«Itjnå av derre hadd komme om itj laksen hadd vorre på Frøya»,  meiner sveisar og frøyværing Oddgeir Storø

«Itjnå av derre hadd komme om itj laksen hadd vorre på Frøya»,  meiner sveisar og frøyværing Oddgeir Storø

Håvard Sæbø

Storø flytta frå Verdal til Frøya i 1995.

Sveisaren kom for læreplass og «skulle ikkje vere her så forbanna lenge». Likevel vart han raskt involvert i idretten, fann seg kvinnfolk og fekk tre ungar.

I dag er turntrenaren og volleyballspelaren leiar for idrettsrådet på Frøya.

– Samfunnet på Frøya er spesielt, det er trollbindande. Folk er imøtekommande og opne, skryt han.

– Dei såkalla laksebaronane bidrar mykje til lokalsamfunnet. Dei bidrar til spleiselaget, seier han.

Da kommunen skulle bygge fotballhall med 11-ar-bane, punga ikkje berre Gustav Witzøe ut. Han arrangerte og deltok på dugnad. «Han er ikkje redd for å ha på seg arbeidsklede», forklarer Storø.

Ny klatrehall er ein del av den nye storhallen, som også husar ein 11-ar-bane til fotball.

Ny klatrehall er ein del av den nye storhallen, som også husar ein 11-ar-bane til fotball.

Håvard Sæbø

«Itjnå av derre hadd komme om itj laksen hadd vorre på Frøya», seier han.

Han hugsar da fabrikken til Marine Harvest forsvann «nesten over natta», før næringslivet og kommunen bygde opp nye arbeidsplassar.

– Det er blåruss som sit med skuggelappar og berre ser på tala og ikkje tenker konsekvensar, seier han om forslaget til lakseskatt.

– Eg reagerer på måten det er gjort på. Det verkar ikkje som det er vilje til å få til noko som alle er nøgde med.

Ordføraren: – Pessimisme for framtida

Mange har sett sin moglegheit til å vere med på oppdrettseventyret på Frøya. Dei leverer varar og tenester til havbruksnæringa.

I motsetnad til nabokommunen Hitra, har heile fire børsnoterte selskap tilhald på Frøya. Det er Salmar, fiske-emballasjeprodusenten Bewi, oppdretts-reiarlaget Frøy og oppdrettsselskapet Måsøval.

Dei største eigarane skattar også til kommunen.

– Når det går bra for nokre, går det bra for alle, seier Strømskag inne på ordførarkontoret på Sistranda.

Bygningsarbeidarar, røyrleggarar og elektrikarar får også arbeid, forklarer ho. Og den vidaregåande skolen samarbeider tett med næringslivet.

Kommunane får også ein pengesum kvart år for å ha oppdrett i sjøen sin, frå det såkalla Havbruksfondet der pengane kjem frå sal av havbrukstillatingar og den nye produksjonsavgifta. Frøya sin del av summen vart 115 millionar i fjor.

– Forslaget viser manglande forståing for korleis næringa fungerer. Eg kjenner fleire eigarar og har aldri opplevd at det er pengar som driv dei. Dei har stått opp tidleg og jobba og gitt pengar til idrett og frivillig innsats. Da blir folk kjempeprovoserte.

– Vi går ikkje i fakkeltog for milliardærar, men for arbeidsplassane våre, seier Frøya-ordførar Kristin Furunes Strømskag frå Høgre.

– Vi går ikkje i fakkeltog for milliardærar, men for arbeidsplassane våre, seier Frøya-ordførar Kristin Furunes Strømskag frå Høgre.

Håvard Sæbø

Lakseskatten kom brått på, meiner ordføraren, for produksjonsavgifta hadde allereie auka i statsbudsjettet. Og oppdrettarane har allereie betalt gjennom auksjonar for konsesjonar for å drive i sjøen, påpeikar ho.

Sjølv flytta ordføraren frå Trondheim til Frøya i 2011, etter å ha funne kjærleiken med ein frøyværing.

– Det er stappfullt med ungdommar på skolane, og alle har lyst til å jobbe her.

– Vi går ikkje i fakkeltog for milliardærar, men for arbeidsplassane våre, seier ho.

– Det er forferdeleg trist at for første gong på 20 år er det pessimisme for framtida. Vi opplever ikkje forståing frå andre strøk av landet. Folk er stolte av jobbane sine her, seier ordføraren.

Kommunekassa har også nytt godt av lakseoppdrett og store formuar på Frøya.

Kommunekassa har også nytt godt av lakseoppdrett og store formuar på Frøya.

Håvard Sæbø

Kommunen har mykje gjeld etter å ha pussa opp skole og barnehagar, og saman med næringslivet bygd fotballhall og kulturhus, forklarer ho.

Ordføraren fryktar at formuesskatten som kjem kommunekassa til gode, no blir halvert etter det ho kallar «verdas dyraste pressekonferanse» i fjor haust. Papirverdiane på store oppdrettsselskapa stupte med mange milliardar.

Men på Frøya er det framleis holmar, skjer og golfstraum. Det er ein perfekt plass for oppdrett.

– Eg trur det framleis kjem til å bli produsert laks her, men eg fryktar at utviklinga stoppar opp. Eg fryktar mest for vidareforedlinga der flest folk jobbar, avsluttar ordføraren.

Lakseskatten

• Blir også kalla grunnrenteskatt. Grunnrente er den ekstra inntekta som kjem frå eigarskapet til naturressursar, noko som kan føre til superprofitt. Olje- og kraftbransjen i Norge betaler allereie grunnrenteskatt.

• Skal vere på 40 prosent av avkastinga på oppdrett av laks, sjøaure og regnbogeaure i sjøen. Saman med selskapsskatten, blir den totale skatten på 62 prosent.

• Skal ha eit botnfrådrag som gjer at berre dei største selskapa betaler skatten.

• Skal hente inn opptil 3,8 milliardar i auka skatt i år, ifølge regjeringa. Halvparten av skatten skal gå til kommunane.

• Vart lansert av regjeringa 28. september 2022. Høyringsfristen var 4. januar, og skatten skal gjelde tilbake i tid frå 1. januar.