Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Materialet vart forbode for 35 år sidan, men utgjer framleis ein helsefare for handverkarar som arbeider i gamle bygg.
TRONDHEIM: Uvanleg mange varebilar står parkert utanfor forsamlingshuset i bydelen Heimdal denne kvelden i starten av mars. Førti medlemmer i Rørleggernes fagforeining, har møtt opp på informasjons-møte om asbest.
– Er det nokon som har bytta ut ein sånn? spør regionalt verneombod Curt Herbert Haglund.
Han er henta inn for å fortelle om asbest-faren handverkarar kan bli utsette for på jobben. Ein av røyrleggarane rekk opp handa, når Haglund viser fram eit bilde av ein gammal fyrkjel.
– Har du papir på at du kan gjere det? Nei? Unnskyld språket, men det må du for helvete aldri gjere igjen.
Saka held fram under bildet.
Asbest var mirakel-materialet som fungerte i alle slags produkt. Det isolerer, stoppar brann, dempar lyd og tettar. For røyrleggarar er den spesielt vanleg å møte på i røyrisolasjon.
– Jo meir fasjonable hus, jo meir asbest.
Seinare oppdaga ein baksida: Å puste inn større mengder asbest-støv kan føre til alvorleg helseskade. Om du pustar inn små mengder kvar dag over fleire år, aukar sjansen for lunge-sjukdommar og -kreft.
Allereie i starten av førre hundreår, fann delar av verda ut at asbesten var helsefarleg. På 70-talet nådde informasjonen arbeidsfolk og fagforeiningar i Norge.
Asbest vart totalforbode på midten av 80-talet. I dag er også arbeid med asbest forbode, med mindre bedrifta har løyve frå Arbeidstilsynet og tilsette med kurs.
Likevel kan dei fleste handverkarar møte på asbesten i gamle bygg. Produkta er ikkje farlege før dei blir slitte eller skada. Då løysnar asbest-fibra og kan ende opp i lungene dine.
Saka held fram under bildet.
Dei alvorlege helsefarane knytt til å puste inn asbest, har for mange gått i gløymeboka. Sånn er konklusjonen i ein ny rapport frå Arbeidstilsynet.
Bygnings-eigarar og byggherrar er for dårleg til å undersøke om det er asbest i bygg. Samtidig manglar unge og utanlandske arbeidarar ofte kunnskap.
I år gjennomfører tilsynet derfor ei asbest-satsing. Dei truar med stans i arbeidet, bøter som svir og politimelding dersom bedriftene ikkje følgjer reglane.
Før arbeidet startar har både arbeidsgivar og byggherre ansvar for å undersøke om bygget har asbest, slår lovverket fast.
Saka held fram under bildet.
Tak, golv, veggar. Innvendig og utvendig. Den kan vere overalt.
– Om huset er bygd på 80-talet eller tidlegare, må de gå ut frå at det er asbest der, seier verneombod Haglund til røyrleggarane i Trondheim.
Etter førre informasjons-møte Rørleggernes forening gjennomførte, ringde femten bekymra medlemmer med spørsmål: Er dette asbest? Kva skal eg gjere?
– Då eg starta i yrket, trudde vi asbest var noko frå gamle dagar. Vi må informere om risikoen, seier leiar Petter Krigsvold.