laster inn
Håvard Sæbø
På gigantiske Aker Solutions på Stord jobber tusenvis av arbeidarar.
Håvard Sæbø
Rundt 600 av dei er medlemmar i Verkstadklubben, som no skal samlast til årsmøte.
Håvard Sæbø
Det er her dei skal avgjere kven dei er, og kva dei står for.

Årsmøtesesong:
Like sikkert som julekvelden på kjerringa, kjem årsmøta i mars
Årsmøtet er det klart viktigaste møtet i ein klubb kvart år. Og kan hende det mest keisame.
Saken oppsummert
eline@lomedia.no
has@lomedia.no
Håvard Sæbø
Like sikkert som julekvelden på kjerringa, kjem årsmøta i mars. Det viktigaste møtet i ein klubb eller foreining, der alt om økonomi og leiing for det neste året skal på plass.
No er medlemmane på veg opp til Storstova i velferdsbygget på Aker Solutions i Leirvik på Stord. Alt er klart for årsmøte i Verkstadklubben, med sine 600 medlemmar.
Håvard Sæbø
– Vi held hjula i gang på det største verftet i landet, seier leiar Finn Madsen. Han fortel om stor aktivitet og trøkk, og om korleis Fellesforbundet-klubben står på for gode forhold i kombinasjon med auka produktivitet.
– I ei verd som blir meir og meir uroleg for kvar dag må vi stå saman. Vi er sterkare når vi har kvarandre i ryggen, seier Madsen.
Håvard Sæbø
Årsmeldinga til Verkstadklubben inneheld rapportar, rekneskap og innstilling til val av folk i ymse verv. Men den er nok ganske mykje meir påkosta enn årsmeldinga i dei fleste klubbar, med glansa omslag og flotte bilete.
Håvard Sæbø
Eit samrøystes årsmøte vedtek reglar for medisinkassa klubben har. Dei som er medlemmar i kassa får refundert nesten alle utgifter til medisin på resept for seg og familien.
Håvard Sæbø
Årsmøtet går gjennom alle dei grundige rapportane frå dei ulike gruppene, men det er få som har spørsmål. Alt ser ut til å gå på skinner på møtet. Kvar einaste rapport vert tatt til vitande, som det heiter. Samrøystes.
Håvard Sæbø
Tidlegare klubbleiar Amram Hadida les kva etterfølgarane har fått til. Han kan konstatere at også rekneskap og budsjett vert vedteke, samrøystes.
Håvard Sæbø
Klubben handsamar forslag om å gje pengar til Norsk Folkehjelp sitt arbeid i Palestina, samt å gje medlemmane gensarar i høve Verkstadklubbens 80-årsjubileum. Begge forslaga vert vedteke, samrøystes.
Opprusting av hytter klubben eig skal også gjerast i år, noko klubben vedtek – samla og samrøystes.
Håvard Sæbø
– Vi kom på møtet for å finne ut kva som skjer, fagforeininga er jo viktig for å stå sterkt. Men det er litt vanskeleg å forstå alt, språket er temmeleg internt, seier sveisarane Ricardo Amr og Magnus Bonifacio. Dei synes møtet er litt keisamt. Løyvinga til Palestina, liker dei.
Håvard Sæbø
Siste punkt på dagsorden er val. Leiar Finn Madsen var ikkje på val, han vart valt for to år på årsmøtet i fjor. Alle framlegga til valkomiteen vert vedtekne samrøystes, ved akklamasjon – altså applaus.
Håvard Sæbø
Endå eit årsmøte er over, utan skandalar eller overraskingar. Leiinga held fram, klubben går inn i sitt 81. år – med eit knippe samrøystes vedtak i botn.

Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.