JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Magnus er røyrleggar om dagen og servitør om natta. Det hender seg at det blir lite søvn

Røyrleggar Magnus Tanemsmo er så glad i franske vinar og champagne at han tok seg ein nattejobb på utestad.

Tormod Ytrehus

18.03.2021
13:08
06.04.2021 09:14

tormod@lomedia.no

TRONDHEIM: I bartebyen er det 15 blå og ein kald vind frå fjorden som strøymer opp gågata Nordre. Sjølv om både dørene og kranene er stengde, kjem vi oss inn på Raus Bar. Det er ein røyrleggar som slepp oss inn.

Magnus Tanemsmo er ein røyrleggar med over snittet interesse for drikkevarer, og som helst har franske vinar og champagne i glaset.

Helt om dagen

Det siste halvanna året har han jobba som servitør på Raus Bar i Nordre gate, som tilkallingshjelp éin til fire gongar i veka, ved sidan av ein fulltidsjobb i røyrleggarbedrifta K. Lund.

Med vakter frå klokka ni på kvelden til fire om morgonen, spør vi korleis det er praktisk mogleg når røyrleggarane startar arbeidsdagen klokka sju.

– Det hender seg at eg har ei vakt midt i veka. Då blir det lite søvn, innrømmer han.

NORSKE TENESTER: Både utelivstilsette og røyrleggarar tener på at vi kjøper norske tenester, meiner Magnus Tanemsmo. Han er begge delar.

NORSKE TENESTER: Både utelivstilsette og røyrleggarar tener på at vi kjøper norske tenester, meiner Magnus Tanemsmo. Han er begge delar.

Tormod Ytrehus

Hobby-jobb

Etter elleve år som røyrleggar ønskte han nemleg ei forandring. I staden for å slutte, fekk han seg ein ekstra jobb og noko å fylle helgene med. Pengane er berre ein bonus.

– Det er som ein hobby. Eg synest det er artig, og eg er nysgjerrig på bar-konseptet. Eg liker å prate med forskjellige folk, og ein møter så ulike folk i bransjen, fortel han.

Det beste med jobben er å lære nye ting, forklarer han, og sjå kor mykje kompetanse som trengst for å blande ein drink.

– Byliv er artig. Eg får ei glede av å gi folk noko godt i glaset.

Korona-forskjellar

Det siste året har han jobba i ein bransje som har klart seg godt, og ein som har vore blant dei hardast ramma av koronapandemien. I røyrleggarbedrifta var dei tilsette først usikre på om dei kunne halde fram med å dra heim til kundane, men løyste problemet med munnbind, hanskar og spriting. Raus Bar stengde derimot dørene i mars i fjor og fram til sommaren.

Bruke norske tenester

– Det har aldri vore så viktig å bruke norske tenester. Når folk i restaurantbransjen tener pengar, har dei råd til å kjøpe røyrleggartenester. Det er ein sirkel, seier Tanemsmo.

I K. Lund bruker dei 80-90 røyrleggarane å ha ein sommarfest og eit julebord der alle treffest. Sidan bedrifta ikkje kunne risikere at alle hamna i karantene på same tid, fekk dei tilsette heller 500 kroner dei kunne bruke på eit restaurantbesøk.

– Alle bør ut og kose seg, men ein kan halde seg til eitt besøk på ein utestad i løpet av ei helg. Gjer det med måte, oppfordrar han.

Ufortent dårleg rykte

Røyrleggaren er imponert over korleis utelivet har tilpassa seg smittevernrestriksjonar. I sommar jobba han på Raus Bar som berre hadde bordservering, utan at han opplevde korona-smitte.

– Restaurantbransjen har eit ufortent dårleg rykte, meiner Tanemsmo.

På nyåret måtte utestaden likevel stenge igjen, på grunn av den nasjonale skjenkestoppen. Tanemsmo meiner den kom for brått på, og er bekymra for dei små, uavhengige utestadane der kassa er tom.

Med nasjonal skjenkestopp må han dessutan finne andre ting å bruke tida på. Heldigvis har han fulle dagar i røyrleggar-jobben, og det har vore bra skiføre i bymarka på kveldane.

Namn: Magnus Tanemsmo

Alder: 29

Stilling: Røyrleggar og tillitsvald i K. Lund i Trondheim

Hobby: Drikkevarar og friluftsliv

Aktuell med: Røyrleggar om dagen, servitør om natta